KM Bergen

Nyheiter

Ivrige jobbsøkarar på messe i Bergen

Bergen bada i februarsol då bedrifter i Vestland tok imot nærare 700 studentar og jobbsøkarar som ville vite meir om jobb i fylket.

Kva får du om du legg i hop svele, suppe, studentar, bedrifter og strålande sol? Ein uslåeleg kombinasjon i Grieghallen med gode jobbsamtalar både på og utanfor stand.

Betre tid til jobbprat

25 minutt, éin arbeidsgivar, éin jobbsøkar og eitt fokus: Finst det jobb hos deg for meg? Interessa for årets nyheit, karrierecup, var stor. Resultatet vart 40 personlege jobbsamtalar mellom arbeidsgivar og kandidatar med match i fagfelt.

Karrierecup

Karrierecup: Årets nye konsept var svært populært blant jobbkandidatane.

June Sauro Olsen var ei av dei som nytta seg av moglegheita. Vi møtte henne rett etter ein jobbprat med Digitaliseringsdirektoratet. June, som er utdanna innan økonomi og administrasjon, opplevde opplegget som svært nyttig:

– Eg følte eg fekk innsikt i bedrifta på ein annan måte enn du får når du går rundt på stand. Du får betre tid med bedriftene, det er ei rolegare setting, og du får noko som er tilpassa deg. Det likte eg veldig godt.

"Du får betre tid med bedriftene og noko som er tilpassa deg."

Ta Steget KM Bergen

June Sauro Olsen sjekka ut arbeidsmarknaden i Vestland.

Dedikerte jobbsøkarar

Nær 700 studentar og jobbsøkarar besøkte karrieremessa denne onsdagen. Dagleg leiar i Framtidsfylket og messesjef, Linda Hovland, er godt nøgd med dagen:

– God stemning, gode samtalar og blide folk, oppsummerer ho, og peikar på at det i år var ekstra tydeleg at mange kom med ein klar plan.

– Studentane og jobbsøkarane er veldig dedikerte og kjem for å sjå etter konkrete moglegheiter. Mange av bedriftene melder at dei har fått snakka med mykje bra folk, og fleire har fått konkrete namn på blokka. Så dette er ein viktig arena både for å sjekke ut, og vise fram, kva jobbar som finst i Vestland.

Norconsult
Ecit

Stor interesse for nyheit

Den nemnde karrierecupen vart svært godt tatt imot – faktisk var interessa mykje større enn kapasiteten. Fleire studentar skulle gjerne ha fått booka møter, og nokre møtte til og med opp i håp om ledig plass.

– Læringspunkta for neste år blir å ha med endå fleire bedrifter, vere tidlegare ute med informasjon og opprette venteliste for studentar som ikkje får plass i første omgang. Då vil dette konseptet bli endå betre. Med den interessa vi hadde i år, er det heilt klart at dette er noko vi vil utvikle vidare, seier Hovland.

Vil søke traineeprogrammet

Tilbake til June: Vart det ein match?

– Eg fekk i alle fall vite at det er mange moglegheiter i Digitaliseringsdirektoratet, og at dei jobbar med veldig mykje meir enn eg trudde! Så fekk eg også høyre at dei er traineebedrift og kva traineeprogrammet går ut på. Så det skal eg absolutt søke på.

Finn jobb i Vestland <3
Sjå ledige traineestillingar
KM Bergen

Dedikerte jobbsøkarar møtte bedriftene i Grieghallen. Her ved standen til Sparebank1 Sogn og Fjordane.

Fleire saker