
11. februar kan du bli kjent med bedrifter frå ulike bransjar i heile Vestland. Møt din neste arbeidsgivar i Grieghallen!
Har du lyst til å vite meir om kva jobbar som ventar i Vestland? Meld deg på karrieremessa Ta Steget 11. februar kl. 10.30-16.00 i Grieghallen. 👣
Her har du sjansen til å møte nokre av Vestland sine mest attraktive arbeidsgivarar frå ulike bransjar, og orientere deg om kva karriere du kan skape deg i regionen. Bedriftene du møter på stand vil veldig gjerne bli kjent med deg og knyte kontakt for framtidig jobb 🧡
Forutan spennande bedrifter byr vi på :
Alt er gratis!
Nytt av i år er at vi tilbyr ein karrierecup der du kan bli matcha med relevante arbeidsgivarar for ei personleg jobbsamtale. Dette er ei god moglegheit til å presentere deg sjølv, utdanninga di og interessene dine, og til å utforske aktuelle eller framtidige jobbmoglegheiter i bedriftene.
Kvar samtale varer i opptil 25 minutt og går føre seg i eit eige område i hallen. Du som har meldt deg på karrierecupen og har meldt inn fagområdet ditt, vil få informasjon om tildelte samtaler dagen før messa.
Påmeldinga til karrierecupen er no stengd. Det var svært stor interesse for karrierecupen, og dersom du ikkje har fått e-post om tildelte samtaler, betyr det at du dessverre ikkje fekk plass i denne omgang. Vi oppfordrar til å ta ein prat med aktuelle bedrifter på stand!
Dette er dagen du får innsyn i eit variert og innovativt arbeidsliv i Vestland! Kanskje går du derifrå med utsikt til ny jobb, ein sommarjobb, ei traineestilling eller eit samarbeid om studentoppgåve? Ta Steget og meld deg på.
Karrieremessa bli arrangert i samarbeid med Springbrettet.
Framtidsfylket arrangerer ikkje kveldsarrangement i år, men nokre av standhaldarane inviterer til eigne kveldsarrangement der du som er interessert i spesifikke bedrifter eller regionar kan delta:
Måløytreff i Bergen, kl. 18.00 på Kulturhuset. Måløy Vekst, Kinn kommune, Sparebanken Norge, Star Seafood og Måløy Adventure. Gratis middag for studentar. Påmelding her.
Bremanger kommune, kl. 16.00 i Salong Nina i Grieghallen. Enkel servering og program. Les meir her.
Lista blir oppdatert kvar dag!
Oppdatert 5. februar 2026.