Hege Janson Skogen

Nyheiter

Livet 2.0 i Luster

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Photoevent

Etter ei heilomvending er Hege akkurat der ho skal vere. I ein einebustad i Luster, ved foten av fjellet.

Då Hege Janson Skogen såg tilbake på starten av vaksenlivet, oppdaga ho at viktige verdiar fekk for liten plass. Det førte til heilomvending i både karriere og livsstil.

Den som rekker opp handa

Før Hege tok det endelege valet om å flytte til Vestlandet, brukte ho år på å bygge ei lovande leiarkarriere i Oslo. Ho starta arbeidslivet som konserntrainee i Posten, og fekk stort ansvar i å bidra til at pakkeboksen vart innført i Norge.

Kvifor ho som var nyutdanna fekk ei så viktig oppgåve, har ho ei enkel forklaring på:

– Sett vekk ifrå at eg hadde deltatt i forprosjektet, var det nok fordi eg bad om å vere den som haldt i trådane. Eg trur ikkje det er så mange som rekker opp handa og seier at dei vil ha eit slikt ansvar.

Om å påverke til det betre

Samtidig som Hege søkte leiaroppgåver tidleg i karrieren, viser rapportar frå arbeidslivet at færre unge søker seg til leiarstillingar i dag. Kva tankar har ho om det?

– For meg har leiing alltid vore ein måte å påverke til det betre. Eg blir fort engasjert og ser kva som kan gjerast for å skape gode løysingar for flest mogleg. At nyutdanna ikkje søker leiarjobbar, trur eg handlar om at dei ser at dei kan påverke i andre roller – utan alt det administrative. Det betyr ikkje at dei ikkje vil påverke

Hege janson Skogen

Jording: Ein intens og bratt karrierestige fekk Hege til å tenke. Her frå det nye livet i Luster med fjordutsikt.

Godt nok for de Svina

Samtidig som Hege gjekk over i fast stilling i Posten, fekk ho spørsmål om å vere med i podcasten «Godt nok for de Svina». Ideen var at Hege, som hadde ambisjonar om å bli toppleiar, skulle lære av Anita Krohn og omvendt. Krohn hadde allereie gjort reisa frå trainee til næringslivsleiar, og lyttarane fekk eit ærleg innblikk i utfordringar du møter på veg opp karrierestigen.

– Når du seier høgt at du ønsker å bli toppleiar i ein populær podcast, må du verkeleg ta stilling til det. Det la jo litt press på kva retning eg skulle gå i, smiler Hege.

På veg til himmels

Med brei erfaring frå eit stort konsern, fortsette Hege karrierereisa si. Først eit år i Schibsted, før ho vart rekruttert til Dr. Dropin, ei hurtigveksande oppstartsbedrift innan private helsetenester. Her fekk ho rolla som Head of Operations.

– Det var på ein måte mi første offisielle leiarstilling. Då eg starta var Dr. Dropin på veg til himmels, og det var både moro og lærerikt å vere ein del av det.

Hege Janson Skogen

Himmelen: Snørike Luster er himmelen for både hund og eigar.


Nedbemanna seg sjølv

Fullt så moro var det ikkje å vere del av nedturen som kom etter Covid. Auka kostnadar gjorde at bedrifta måtte nedbemanne. Hege fekk oppdraget med å finne ut kva innstrammingar dei kunne gjere i hennar avdeling. Ho skisserte fleire løysingar, blant anna ei som innebar at hennar eiga stilling vart fjerna. Så var det opp til dei over ho.

– Eg sa til leiaren min at sånn som det ser ut frå mitt perspektiv, må du vurdere å kutte mitt årsverk og ikkje dei flinke sjukepleiarane eg har ansvaret for. Eg er dyrast, men minst viktig her, om vi skal vere heilt ærlege.


Og slik vart det. Overraskande tøft, ifølge Hege.

– Med tanke på at eg sjølv hadde foreslått det, og var førebudd på at det kunne skje, var det skikkeleg tøft å få beskjeden om at eg måtte slutte.

Når alt stemmer på papiret

Tida etter gav ho rom til å tenke. Saman med sin dåverande sambuar tok dei eit halvår fri til å utøve hobbyen friluftsliv. Hege såg tilbake på leiarkarrieren sin i Dr. Dropin, og sjølv om ho kunne sjekke av på alle trivselsfaktorane, var det noko som skurra.

– Alt stemte på papiret. Eg hadde ein kjempebra leiar, spennande arbeidsoppgåver, eit fantastisk team, og eg trudde på det vi gjorde. Eg hadde masse autonomi og fleksibilitet, og alt stemte liksom. Og så kjente eg likevel at... Dette kjennest ikkje heilt riktig ut.

Likevel. Ein ny leiarjobb venta. Ein lovande start-up ville ha ho som dagleg leiar, og Hege tenkte at jo, det var jo det ho ville. Det var dette ho hadde jobba for heile tida.

– Lang historie kort. Etter ein månad i jobben møtte eg eit spørsmål om integritet og snudde i døra.

"Eg må ikkje ha ein stor karriere i næringslivet for å lukkast."

Hege Janson Skogen Luster

Det ho eigentleg ville

Og det var då ho kjente det. No ville ho prøve få til det ho eigentleg ville. I staden for å vere driven av kva rolle ho skulle ha, ville ho forfølge interessene sine.

– Det var aldri ein raud tråd i jobbane mine, ingen tematikk eller bransje som eg gikk etter. No ville eg gjere det eg eigentleg ville: Skape min eigen porteføljekarriere som gir både meining og friheit.

– Når du ser tilbake, tenker du at du var på feil plass heile tida?

Ei slags karrierereise

– Nei, eg er veldig takknemleg for alt eg har gjort. Men eg har vel vore på ei slags reise, der eg har oppdaga at eg ikkje må ha ein stor karriere i næringslivet for å lukkast.

Samtidig som Hege prøvar å stake ut vegen vidare, opplever ho eit samlivsbrot og står plutseleg utan leilegheit.

– Då vakla eg veldig. Skal eg få meg ein ny, fast jobb, slik at eg får nytt lån og kan kjøpe ny leilegheit i Oslo? Eller skal eg gjere det eg drøymer om: bu tett på naturen og satse på frilanslivet?

Hege Janson Skogen

Huseigar: Då det dukka opp ein einebustad ved fjorden i Luster, med kort veg til turstiane, var valet lett for Hege.

Livet 2.0 i Luster

Og så dukkar det opp eit mikrohus i Luster.

– Brikkene fall på plass då. Dette var mitt teikn til å gjere noko heilt nytt i livet.

Mikrohuset vart riktignok bytta ut med einebustad ved fjorden, men valet var tatt. Hausten 2025 reiste ho til Sogn med flyttelasset sitt. Vågalt, vil enkelte påstå.

– Men Luster? Har du vore der før?

–  Eg har ikkje noko stor tilknyting til plassen, men eg har gått topptur og feira 17. mai der, og blitt veldig glad i området og naturen. 

– Og nettverk og venner og slikt?

– No har eg det, men eg hadde ikkje det då eg bestemte meg for å flytte, nei.

Snart lanserer vi nye traineestillingar. Meld deg på nyheitsbrevet vårt.

Meir ro, mindre støy

Noko av det Hege gler seg mest til i det nye livet, er å kvile auga på fjell og fjord i staden for trafikk og bygardsveggar.

– Og å ha det stille og sleppe å ha hovudet fullt av støy. Eg trur urmennesket i meg vil takke meg etter år med stress og jag.

Valet om å bytte ut næringslivet i Oslo med frilansliv i Luster, ser ho på som eit eksperiment.

– Eg veit jo ikkje korleis det blir, men kvalitetane ved det nye livet er veldig viktig for meg. Å bu tjue meter unna næraste tursti gjer meg ekstatisk, smiler ho.

Hege Skogen nytt hus

Vågalt: Flyttelasset er på plass i det nye huset. No ventar ein stor oppussingsjobb.

Sesongjobb som sommelier


Til våren startar ho i eit heilt nytt yrke. Hege har nyleg utdanna seg som sommelier og skal vere hovmeister på Walaker Hotell.

– Det gler eg meg skikkeleg til! Og så passar det bra at det er sesongbasert, for eg er jo ikkje ute etter ein fast jobb på ubestemt tid.

For Hege har fleire bein å stå på. Ho tar fotooppdrag, held foredrag, lagar podcasten “Klart du kan!”, tilbyr vinsmaking og tar konsulentoppdrag.

Instagram som inngang til lokalmiljøet

For å finne venner i området, har Hege vore aktiv på Instagram.

– Etter at eg bestemte meg for å flytte i mai, brukte eg Instagram aktivt for å bygge nettverk. Eg fann profilar i området som verka interessante, tok kontakt og avtalte å møtast. I tillegg nytta eg felles kjende for å komme i kontakt med fleire. Det gav meg fleire nye venner som eg gler meg til å bli betre kjent med.

Ho har blant anna deltatt på hausttakkefest og fjelltur, er med i ein badstueklubb og snusar på ulike frivillige lag.

– Folk i Luster er inkluderande, kule og kjempehyggelege, er dommen frå innflyttaren.

"Eg har alltid hatt dei same verdiane, men dei har ikkje fått nok plass."

Hege i nytt hus i Luster

Same verdiar – meir plass


– Har Hege i Oslo og Hege i Luster ulike verdiar?

– Eg har alltid hatt dei same verdiane, men dei har ikkje fått nok plass. Friluftsliv har alltid vore viktig for meg – haustjakta er til dømes heilag. No har eg mykje enklare tilgang til naturen.

– Starten på vaksenlivet gjekk i hundre. No ønsker eg å finne roen og leve meir i 50-sona.


Og Hege i Oslo er jo berre nokre timar unna.

Få siste nytt om arbeidslivet i Vestland:

Meld deg på nyheitsbrevet vårt

Hege Skogen og hund i Luster
Hege Skogen og hund i Luster

Fleire saker