Fjord1 AS Hovedbilde
Fjord1 AS

Fjord1 AS

Strandavegen 15

http://www.fjord1.no

Malin.steinset@fjord1.no

Kontakt

Malin Steinset

malin.steinset@fjord1.no

47 39 39 97

Om oss

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet! Vår kjerneverksemd er ferjetransport, og vi er det leiande rederiet i bransjen med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

Fjord1 har hovedkontor i Florø og regionskontor i Bergen og Molde. Totalt er vi om lag 1150 tilsette i selskapet fordelt på ei breitt spekter av fagområder. Våre kompetente tilsette er vår viktigaste ressurs, og gjer Fjord1 til eit føregangsselskap når det gjeld tryggleik, innovasjon, teknologi og miljø.


Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der elektrifisering, nullutslepp og ny infrastruktur på land er blant våre viktigaste fokusområder. Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport.

Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

Det beste med å jobbe med oss

På våre kontor har våre tilsette har ein hektisk og fagleg krevande arbeidskvardag. Men det er også ein kvardag prega av godt humør, kjappe replikkar, omtanke for kvarandre og stor takhøgde. Vi har små og store sosiale arrangement der vi treffast og utover arbeidet for å bygge det gode miljøet og samholdet.

Det gode arbeidsmiljøet er ein av våre største konkurransefordelar i arbeidsmarknaden i dag!

Fjord1 AS Kulturbilde

Ledige stillingar