Dimana Helle i Hub for Ocean

Nyheiter

Innovasjon, hav og eit fagleg eventyr – slik er traineekvardagen til Dimana

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Photoevent

Ho hadde aldri vore i Florø før, men takka ja til ei traineestilling midt i den blå næringa. For Dimana vart det starten på eit eventyr med ansvar frå dag éin.

– Herregud, kor er det eg skal? The end of the earth?

Dimana Helle (29) sit i bilen saman med kjærasten, på veg til Norges vestlegaste by. Ho har takka ja til ei traineestilling i Florø – ein stad ho aldri har vore før.

Dei passerer fjell og vatn, fjord og dalar. Til slutt opnar havet seg mot dei, langt der ute.

– Då tenkte eg at ok, dette kan bli fint.

Dimana Helle på kontor

Kontorutsikt: Dimana jobbar midt i den blå næringa, bokstaveleg tala.

Innovasjon, hav og ein dose eventyr

Du kan trygt kalle Dimana for både eventyrlysten og verdsvand. Parallelt med studia har ho jobba deltid heile vegen – og alltid takka ja til spennande sjansar og arbeidsoppgåver. Sandefjordsjenta med røter frå Bulgaria har studert i Bergen, Tromsø og Oslo, vore utvekslingsstudent i Aix-en-Provence og hatt traineeopphald i Helsingfors og Stockholm.

– Eg har fulgt interessa mi heila tida, og den har peika meg i retning Florø.

No sit ho i dei moderne lokala til Hub for Ocean, ein medlemsorganisasjon for den blå næringa. Det var kombinasjonen innovasjon, havnæring og sjansen til å jobbe tett på framtidsretta teknologi som gjorde traineestillinga interessant, og sjølvsagt ein god dose eventyrlyst.

– Her er mange spennande prosjekt og initiativ på gang. Eg får blant anna jobbe med hydrogen og maritim AI gjennom Ocean Hyway Cluster. Å få lære om både verdikjeda i den blå næringa, symbiose og energi, treff midt i interessefeltet mitt.

Prosjektleiar på rekordtid

Dimana vart tidleg utpeika som prosjektleiar for to viktige event: Jenter og Teknologi og Den maritime hydrogenkonferansen. Samtidig har ho ansvar for mykje av kommunikasjonen til medlemsorganisasjonen.

– Overgangen frå studieliv til arbeidsliv er kanskje mjukare som trainee, men det betyr ikkje at du får lettare oppgåver. Tvert imot, ler Dimana.

– Er det skremmande med så mykje ansvar som ny i arbeidslivet?

Hub for Ocean Stein og Dimana

Sjefen: Dimana fekk tillit frå første dag. Her saman med COO Stein Kvalsund.

Hub for Ocean

På jobb: Dimana skal blant anna dokumentere Hub for Ocean sine aktivitetar.

Stempla med Dimana

– Nei, det gjer meg gira. Erfaringa eg har med meg frå handelskammer, ambassade og næringsliv, gjorde at eg kjende meg klar for meir ansvar og eigarskap. Det er eg glad for at kollegaene mine også såg. Å ha handlingsrom til å forme prosjekt og kommunikasjonsarbeid på min måte og stemple det med «Dimana», motiverer meg.

Som trainee i Framtidsfylket Vestland får du tett oppfølging for å sikre ein trygg og god start på arbeidslivet.

– Eg har blitt møtt med varme frå første dag, smiler Dimana og legg til:

– Men det er ingen som held meg i handa her. Kollegaene mine er alltid der med gode råd og støtte, og vi tar gjerne ein kaffi for å prate, men eg står på eigne bein, om du skjønar?

Og det er slik ho likar å ha det.

– Det gir meg rom til å vekse og utvikle meg.

"Traineesamlingane skapar eit trygt miljø utan spisse olbogar "

Dimana Helle ute

Ingen spisse olbogar

Dimana trekk fram trainee-nettverket som ein styrke.

– Å sitte rundt eit bål på samling og prate om korleis det går, er både fint og nyttig. Vi er ulike personar med forskjellige bakgrunnar, men med mykje til felles. Vi deler erfaringar om kva som fungerer og kva som kan bli betre. Det skapar eit trygt miljø utan spisse olbogar – alle vil kvarandre vel.

Fellesskap i Florø

I år er det åtte traineear i Florø. For ein som er ny i byen, betyr det mykje.

– Vi er ein god gjeng som verkeleg har funne kvarandre. Blir du med på klatring? Kven kjem på middag? I morgon skjer dette, i helga dette. Det hjelper jo på når du bur heilt ute på kanten av Norge, ler Dimana.

Ho framhevar FloraU40 som ein viktig møteplass.

– Der møter eg andre som nettopp har flytta hit, men også dei som har budd her lenge og kan dele tips og triks. Det gjer det lettare å bli kjent og finne sin plass. Alle er i så godt humør, og stemninga er heilt topp.

Ikkje eit friluftsmenneske

Dimana ler når ho fortel at ho for første gong i livet har investert i turbukser. Ho likar helst å strikke framfor peisen, gå i svømmehallen eller sjå på ein serie.

– Eg har aldri vore eit friluftsmenneske. Først var eg sånn: Ah-ah! Skjer ikkje! Men Florø har jo så nydeleg natur, og då blir eg freista. Det har blitt nokre turar – og det blir nok fleire, ler ho.

– Eg trivst kanskje endå betre på sjøen. Det har blitt fleire båtturar og litt fisking òg, fortel ho med eit smil. Det viktigaste er berre å gripe sjansen og prøve så mykje ein kan, for eit år går veldig fort.

Dimana Helle ute

Himmel og hav:: Dimana er i utgangspunktet ikkje eit friluftsmenneske, men har latt seg rive med av omgjevnadane.

Småbyliv med store sjansar

Dimana har budd mange stadar. Korleis er det å bu i distriktet samanlikna med storbyane ho er vand med?

– Du kan ha det veldig bra i ein by med 2 millionar, men også i ein by med 12 000. Så lenge du er open, seier hei og kan dele nokre kleine historier, kjem du langt, smiler ho.

Dimana trur det kan vere ein fordel å starte arbeidslivet i ein mindre by.

– Det ansvaret eg har fått, og sjansen til å påverke, er eg usikker på om eg kunne fått på større stader. I tillegg kjem du tett på både menneska og bedriftene i næringslivet, og får fort eit solid nettverk som er gull verdt. 

Apropos kleine historier:

– Sa eg at eg køyrde på ein oter og ringde 112? Veldig traumatisk! Dyrelivet på Vestlandet er heilt vilt, seier ho og ristar på hovudet.

Og historia lever vidare:

– Florarevyen skal ha show i mars neste år, og oterhistoria blir ein del av revyen. Det er faktisk ein kollega som skal spele meg, og heile traineegruppa kjem for å sjå. Det er ganske gøy å vite at historiene mine er såpass underhaldende at heile byen får høyre dei, ler ho.

Sjå nye traineestillingar

Fleire saker