Balestrand

Nyheiter

Dette las du i 2022

Vi ønsker å vise deg kva arbeidslivet i distriktet byr på. Då er det ekstra kjekt å sjå at det er nettopp det du vil lese om.

Her er årets mest lesne saker på framtidsfylket.no:

1. Karriereprat: Randi vil få kjekke ting til å skje

På ein soleklar førsteplass finn vi Randi Sognnæs Aamot (28) sin karriereprat. Her fortel ho blant anna om valet ho og kjærasten Per Aki tok om å flytte frå Bergen til vesle Balestrand. Ho for å jobbe som tannlege, han for å drive hotell. Verdt ein reprise!

Elisa Sunde

2. Til Elisa

Andreplassen er ei gründerhistorie ingen har sett makan til før. Elisa Sunde har nemleg starta Briller & Brunsj: ein kafe som også tilbyr optikertenester. Kult konsept som er til å bli inspirert av!

Inge Solheim

3. – Livet er ikkje lineært


"Her i Oldedalen i Nordfjord har han funne staden han kallar heim. Der han trekk seg tilbake mellom ekspedisjonar til alle verdenshjørner. Eventyraren og polfararen har no også blitt gardeigaren." Kjendisguiden Inge Solheim er verdt litt lesetid.

Husky

4. To i spann

Årets søtaste på framtidsfylket.no? Vi trur kanskje det. Huskymannen og Guro fann tonen på Tinder. Det vart starten på Fururabben Husky.

regine

5. Regine (26) gjer kometkarriere i energibransjen

Det er ikkje vanskeleg å skjøne at mange vart nysgjerrige på denne dama. I rakettfart har ho gått frå trainee til leiar i energibransjen.

Anders Månum

6. Bygutt pluss bondegard er lik turistmagnet

Mange ville lese om asfalt-cowboyen Anders Månum frå Oslo som tok over ein gard inst i Sognefjorden.

trainee

7. Dette har ikkje Sunnfjord kommune gjort før: – Full klaff!

Det var ikkje få som var nysgjerrige på kva Sunnfjord kommune hadde funne på. Og vi kan røpe at det var tilsetjinga av sin aller første trainee – med suksess!

Sølvane gard

8. Torstein og Eivind motbeviste alle

Av og til kan eit par nye auge endre ei heil bygd. I denne saka ønskte vi velkommen til ein heilt spesiell gard i Gloppen.

Torstein Aa

9. – Eg kan aldri gjer det for bra

Det er éin ting Torstein Aa mislikar sterkt. Kanskje det er nettopp difor designet hans er blitt verdskjend?

Rakel

10. Karriereprat: Det er den draumen

Rakel Cecilie Wilhelmsen Solheim gjekk frå lærar til ny dagleg leiar for Jakob Sande – senter for forteljekunst. Ho leverte ein av årets Karrierepratar, og det gjorde ho med stil.

Takk for at akkurat du las i 2022. Kanskje vart du inspirert til ein karriere i Vestland? I så tilfelle må du gi oss ein lyd. Kanskje er det di historie vi fortel i 2023?

Fleire saker