Rakel Solheim

Nyheiter

Det er den draumen

Rakel har ein forteljar i hjartet. Det har ført ho til forteljesenteret i Dale.

Rakel Cecilie Wilhelmsen Solheim er ny dagleg leiar for Jakob Sande – senter for forteljekunst. Ho skriv månadens Karriereprat, og det gjer ho med stil.

Draumen eg bar på

Som lita drøymde eg om leve av å lage blomebindingar. Eg gjekk turar for å plukke blomar, som eg lagde stilleben med eller batt saman og la rundt om i naturen, som ei overrasking til eit dyr eller andre på tur akkurat der. Eg måla og teikna blomar òg, og skreiv dikt til, i små bøker som vart som dagbøker. Der skreiv eg mykje om kjærleik òg. Det står overraskande mykje om kjærleikssorg, trass i at det var langt i frå sjølvopplevd på den tida.

Tida opna seg

Det var ein livleg oppvekst med fire systrer på seks år i trygge Dale, med kreative og rause foreldre, som meinte at det viktigaste i ein oppvekst var kjærleik og opplevingar saman. Mamma var veldig sosial og hadde eit enormt nettverk, særleg innanfor kunstfeltet, såleis var heimen vår ofte full av gjestar frå heile verda. Pappa er språkmektig og mangfaldig på fleire vis, og ikkje minst ekstremt tolmodig. Han jobba som bygningsingeniør og dreiv malesjappa i Dale, der vi systrene tidleg starta vår arbeidskarriere. I oppveksten reiste vi mykje utanlands, til nokre av verdas sju underverk, som Artemistempelet i Efesos og restane etter Kolossen på Rhodos. Vi reiser framleis mykje saman, systrene mine og eg. På førre tur var pappa med og. Det er verkeleg viktig for meg, å reise ut for så å kome rikare heim.

Rakel

Sara, Rebekka, eg og Marte på ein av turane våre.

Berget opna seg

På Dale vidaregåande tok eg biologi, der vi lagde herbarium og fekk reise på ekskursjonar. I norsk skreiv vi lange stilar i ulike sjangrar, og eg stortrivst med det faglege, men gjerne litt for godt med det sosiale og. Det var veldig gode år. Det var pappa som fyrst nemnde at han synest eg ville ha kledd lærarrolla. Han synest eg formidla godt, og dessutan kunne eg jo gå vidare med kreative fag. Det gjorde til at eg flytta til Bergen og tok lærarhøgskulen der, med hovudvekt på estetiske fag dei fyrste åra. Deretter tok eg naturfag og lagde nye herbarium. Seinare studerte eg kunsthistorie og oversynshistorie ved Høgskulen i Volda, og norsk og nynorsk språkdidaktikk ved Høgskulen på Vestlandet. Til saman utgjorde det ei utdanning innanfor mitt interessefelt.

Hjarta opna seg

Far min synest ikkje det er det minste rart at eg enda opp med ein Bulenning. Det fyrste ordet eg lærte meg på engelsk var trass alt fish. Eg møtte Magne då eg budde i Volda og han i Ålesund. Vi kjente begge på at vi ynskte meir plass rundt oss og sakna Trivselsfylket. Han vaks opp med hav og himmel så ope, men ynskte likevel å bu trygt mellom fjell i Fjaler. Eg kjente at eg måtte handle fort før han eventuelt ombestemte seg, og var difor snar med å svare ja, då rektor på Dingemoen skule ringte og spurte om eg kunne starte i jobb der. Eg har vore aktiv i fagforeinings- og organisasjonsarbeid sidan eg flytta heim, både som hovudtillitsvalt i Utdanningsforbundet og som aktiv i Lionsrørsla, særskilt då med arbeid knytt til deira arbeid for å auke den sosiale kompetansen i skulen. Eg er svært oppteken av å byggje sterke ungar som toler å stå i mange stormar, og likevel tenke at det går bra. Det har kjennest ut som eit kall å få vere så tett på ungar desse åra.

Barn Dale

Engasjerte ungar: Odin, Hannah og Heine.

Badevika Dale

Badevika i Dale: kortreist lukke

Kjeldor skal springa

Dale er ei rik bygd med ei spanande litteratur – og skulehistorie og med enorme krefter innanfor både idrett og kultur. Eg er så glad for at mine tre ungar veks opp her! Dei kan vere seg sjølv og velje akkurat dei fritidsaktivitetane dei kjenner er riktige for seg sjølv. Tid saman med ungane mine er noko eg set høgt, og eg prøver difor stadig å flette oss enno tettare saman i interesser og gjennom opplevingar. Magne er veldig tolmodig, som sin svigerfar, noko som kjem godt med når den andre halvparten har mange ynskjer for dagane. Han har bygd eit drivhus til meg i hagen, der eg kan senke skuldrane litt, og der eg og ungane kan plante akkurat det vi vil og invitere til treff med små og store vener.

Fjella i Fjaler er ikkje berre fine å sjå på, dei er også fine å stå på. Likar godt å gå turar i fjellet. Enten berre dagstur, eller med overnatting på ei dagsturhytte. Vi har veldig mange fine, godt merkte turstiar i kommunen, som eg og ungane nyt godt av. Likevel har det blitt ein del turar der eg og særleg ei venninne har gått oss vill. Ein gong vi skulle på fjellet Dokka og gjekk opp i Holmedal, kom vi nedatt på ein gard i Stongfjorden.

Hus i Dale

Dører skal opna seg

I takt med at ein utviklar seg gjennom livet, er eit mangfald av moglegheiter innanfor både fritidstilbod og arbeidsliv, eit naudsynt gode, slik at ein kan oppretthalde både entusiasmen og gleda ved å lære gjennom eins yrkesaktive liv. I fylket vårt og i kommunen vår Fjaler, er det mange spennande arbeidsmoglegheiter. Etter over 13 år som lærar på Dingemoen, er det givande å prøve noko nytt. Eg har no gått over i jobben som dagleg leiar i Jakob Sande – senter for forteljekunst, også kalla forteljesenteret. Eg har vore aktiv i styret i Jakob Sande – selskapet nokre år, og hatt ei lita stilling som kurator i senteret tidlegare, og kjenner såleis godt til arbeidet. Her i vesle Dale byggjer vi altså no opp det første nasjonale senteret for munnleg og skriftleg forteljekunst. Vi har store ynskje og ambisjonar for senteret, og eitt av dei langsiktige måla vi har er å skape enno fleire arbeidsplassar, med fem fulle stillingar i tunet, inkludert to fagstillingar innan den munnlege og skriftlege forteljekunsten, i tillegg til å halde fram med å tilby ungdommar sommarjobb som bygdevertar her. Eg ser fram til å vere med på å vidareutvikle senteret og lande ei varig organiseringsform som vi kan kjenne oss trygge i, og som samstundes let oss halde på integriteten i det vi jobbar med. Vi tek sikte på å vere eit nasjonalt forteljesenter, men med ei tydeleg rolle for at dei lokale borna og ungdomane skal få enno sterkare røter til heimstaden.

Jakob Sande Dale

Margrete Reisæter og eg har samarbeidt om å opprette ein eigen bokhandel med turistinfo og kafè i det gamle skulehuset her i forteljesenteret. Kvar sommar jobbar det fire ungdommar her som bygdevertar, og held omvisning og driftar handelen. Foto: Marianne Furevikstrand

Ein våg vi ikkje har visst om

Denne vågen eller staden har eg visst om, men i ei anna form. Denne staden, dette forteljesenteret gir ein moglegheit til å vidareutvikle seg i takt med senteret, til å spele på alle styrkar, erfaringar og kompetansar ein sit med, og til å samarbeide med mange sterke miljø. Vi skal ta vare på arven etter Jakob Sande, forske i forfattarskapen hans og andre aktuelle nynorskforfattarar, i tillegg skal vi få fram eit mangfald av nye røyster. Vi jobbar blant anna med å etablere eit eige tidsskrift og med å få opp eit programfag i den vidaregåande skulen i skapande skriving og forteljekunst. Dette er eit mål å kunne tilby i kulturskulen også. Eg får framleis arbeide med formidling, gjennom arbeid med seminar, workshops, arrangement og besøk i tunet. Arbeidsdagen er variert. Det kan vere både programmering av litteratursalongar, arbeid med utstillingar, kommunikasjonsarbeid, utviklingsarbeid for vegen vidare, arbeid med forteljeteateret, produktutvikling, drift av bokhandelen i tunet og veldig mykje meir. Vi er aktive i arbeidet med Fjordkysten regional og geopark, vi samarbeider med både lokale miljø og med andre senter, museum, universitet og akademi, som driv i liknande retning som oss.

"Draumen eg bar på er draumen eg ber"

Rakel Solheim

Fjaler byr på både ein spennande arbeidsmarknad i vekst og eit innhaldsrikt fritidstilbod. Her er det godt å vere. Draumen eg bar på er draumen eg ber, og her i forteljesenteret er det blomar i kvar ein krok.

DET ER DEN DRAUMEN

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Olav H Hauge

i dale

Fleire saker