Torstein Aa

Nyheiter

– Eg kan aldri gjer det for bra

Tekst: Linn Merete Rognø / Apriil

Foto: Linn Merete Rognø / Livit.no og Braa.no

Det er éin ting Torstein Aa mislikar sterkt. Kanskje det er nettopp difor designet hans er blitt verdskjend?

– Det er lettare å ta tenkepausar med utsikt enn å stirre rett i veggen. Så eg plasserte eit vindauge her, seier Torstein Bergheim Aa, medan han visar fram krypinnet sitt.

Påbygget på eine sida av huset, som han deler med sambuar og to born, kunne ha vore ein utebod. Men i staden vart det til eit åtte kvadratmeter heimekontor som han ferdigstilte for nokre månader sidan.

Han treng ikkje store arealet for å vere kreativ, skape og sjå framover.

Heimekontoret reflekterer på sett og vis dei verdskjende konsepta som 31-åringen frå Eikefjord har utvikla og designa.

Torstein Aa på heimekontor

Kreativt: 8 kvm med heimekontor og utsikt.

Løysingar på sjø og land

Vind og regn piskar i blå morgonluft på Sotra utanfor Bergen, men inni «kontorboksen» treff det varme taklyset fire veggar i naturgrøn fargetone.

Rommet er minimalistisk innreia med sofa, lòdent golvteppe, kontorstol og ein pult plassert framfor vindauget attmed inngangsdøra. Her jobbar Torstein som designansvarleg marinearkitekt for båtbyggarverftet Brødrene Aa, som er kjent for sine karbonbåtar.

Også mykje av fritida si brukar Torstein her, sidan fritida for det meste handlar om å vere medeigar og designar i Livit, selskapet som mellom anna står bak Birdbox-hyttene.

Det er to separate konsept som høvesvis går over sjø og land.

Men begge konsepta blir sett på som banebrytande, og spinn ut i frå Torsteins respekt for naturen og viljen til å finne enkle løysingar på kompliserte utfordringar.

Birdbox Langeland

Birdbox: Ein av fleire birdboxar designa av Torstein. Denne står i Sunnfjord.

Prisløna skipsdesign

Han har etablert seg i Øygarden kommune, men vaks opp i bygda Hyen i Gloppen kommune. Gjennom barndommen var han stort sett ute i skogen og bygde trehytter.

– På ein liten plass har du ikkje meir moro enn du lagar sjølv, og for min del var det veldig positivt, seier han.

18 år gammal begynte han å jobbe som industrirøyrleggar i det lokale verftet Brødrene Aa. Familiebedrifta vart grunnlagt av brørne Olav Aa og Bertel Aa i 1947. Med Torstein i spissen er bedrifta i dag verdsleiande på raske, miljøvennlege ferjer og turistbåtar.

31-åringen har designa hybridbåten Vision of the Fjords, og el-båten Future of the Fjords; begge innovative og prislønte sightseeingskip laga av karbonfiber.

Karbonmaterialet gjer at skipa veg mykje mindre enn andre båtar laga av for eksempel aluminium, og har difor 30-40 prosent mindre utslepp. Designet er også inkluderande; mellom anna er dei utvendige skrårampene laga slik at rullestolbrukarar kjem seg frå nedre dekk og heilt opp på taket på eigenhand.

Vision of the fjords

Vision of the fjords på besøk i Oslo.

iPhone-versjon av småhytter

Torstein mislikar sterkt å kjede seg på jobb. For å unngå det, vil han helst jobbe med noko nytt kvar dag.

Å vidareutdanne seg til grafisk designar opna fleire dører for dette. Som for eksempel Livit, selskapet han grunnla og eig saman med Asbjørn Reksten Stigedal og Espen Løbø Solhaug.

Livit blei for alvor lagt merke til då dei lanserte sitt første prosjekt, Birdbox: Små, mobile luksushytter, utforma i komposittmateriale frå Torsteins skipsproduksjon, for å tole ekstremvêr.

– Vår inspirasjon var Juvet landskapshotell, sjøhyttene på Manshausen og Skåpet ved Lysefjorden. Vi såg at det poppa opp fleire overnattingsplassar med opplevinga i fokus. Men utleieprisane var ekstremt høge, og vi tenkte at her finst fleire moglegheiter for reiselystne som ikkje treng å vere så dyre, seier Torstein og heldt fram:

– Vi ville ta konseptet med småhytter og lage «iPhone-versjonen» av desse.

Ved hjelp av fire jernsøyler kan Birdbox boltrast fast på dei mest spektakulære stadene i norsk landskap, men vekta på hyttene er såpass lett at dei enkelt kan bli løfta av helikopter og flytta til ein annan stad, enten høgt oppå fjellet eller nedi fjæra.

Hensikten med Birdbox er at hytta skal etterlate minimalt med avtrykk i naturen slik at ein ikkje skal kunne sjå at hytta har stått der om den blir fjerna.

"Birdbox skal etterlate minimalt med avtrykk i naturen"

Birdbox

Kontorboks i hagen

Då Noreg vart korona-stengd våren 2020 gjekk bildene av Birdbox viralt via ein artikkel på den amerikanske nettsida Designboom.com. Bilder av hyttene blei også hyppig delt på Instagram.

– Dei siste åra har folk blitt ekstra gira på å kome seg ut i naturen og vekk frå byen, så våre hytter har vore fullbooka gjennom heile koronaperioden, fortel gründeren.

Livit sitt nyaste konsept er Studypod: Eit lite, frittståande rom, forma som ein boks, som kan plasserast i hagen, skogen eller eit anna inspirerande miljø.

Dei kallar det «eit rom for fantasi», sidan boksen kan brukast til mykje, for eksempel heimekontor, hobbyrom eller ekstra soverom.

Smart gründer

For å oppnå suksess som gründer, er Torstein sitt råd å finne ein unik moglegheit og legge ein konkret plan. I tillegg må du ha lidenskap for det du gjer, ha det kjekt.

Men sjølv om han ikkje kjedar seg på jobb, er det klart at jobben tek mykje tid, vedgår Torstein. Han vil gjere ting ordentleg, men må heile tida prioritere områda han vil perfeksjonere.

– Å jobbe som gründer er eigentleg ikkje foreinleg med familie, det er enklare før du får kids, flirar 31-åringen.

Han er sjølvsagt glad for borna sine. Det viktige er å nytte smarte strategiar for å kunne vere nok saman med familien og samstundes nå forretningsmåla sine.

– Då må eg unngå å henge meg opp i unødvendige detaljar, som å finpusse på nettsida i vekevis, bedyrar Torstein.

– Kan alltid bli betre

Klarar du å gjere noko nytt på jobb kvar dag?

– Ja. Eg blir aldri ferdig med å utvikle eit konsept. Eg synest det er kjekt at eg kan pushe ting litt lengre, det er utfordrande på ein god måte, svarar designaren.

Det finst alltid løysingar og konsept som ingen har tenkt på før, trur Torstein. Det er difor han heile tida vil utforske, for å finne nye måtar å gjere ting på, og for å lage ting som er så bra som mogleg, fortel han.

Ei sterk drivkraft, som gründeren også må flire litt av idet han innser paradokset:

– Eg kan aldri gjer det for bra! Det eg lagar kan alltid bli betre.

Torstein Aa Livit

Respekt for naturen er alltid utgangspunktet for Torstein sine design.

Fleire saker