Elisa Sunde Skei

Nyheiter

Til Elisa

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Kristine Slettehaug

Då Elisa Sunde (38) bestemte seg for å satse alt på det unike konseptet Brunsj & Briller, gjorde ho det først og fremst for seg sjølv.

Det er sommar. Elisa er kanskje 12 år. Jølstravatnet ligg som ein spegel framfor byggefeltet ho har vakse opp i. Ho trekk pusten djupt. Lyttar til fuglane. Her på trappa bestemmer ho seg. Elisa skal aldri reise. Ho vil vere her på Skei.

– Men eg reiste jo ut då, smiler Elisa lurt.

– Mykje takka vere ei venninne som pusha meg til å utforske bylivets gleder. Det er eg glad for i dag.

Gründeren har tatt seg ein kort pause mellom slaga. Sommar er høgsesong når du driv kafé midt i turistattraksjonen Jølster. Det er eigentleg eit idiotisk tidspunkt å intervjue ein kaféeigar på. Klokka er litt over elleve på formiddagen, og sjansen for at det ramlar inn med svoltne lunsjgjestar på Brunsj & Briller aukar for kvart minutt. Elisa er tilsynelatande avslappa.

Har funne roen i det usikre

– Ikkje tenk på det. Det kan komme mange og det kan komme ingen, seier ho og kastar eit raskt blikk mot inngangsdøra.

– Det er litt av spenninga med å drive kafé i distriktet, smiler ho ironisk.

Enn så lenge er det roleg i det rustikke men moderne kafélokalet på Skei. Skyene heng som kvit og grå marmor over bygda, og fråværet av sol minskar sjansane for det store lunsjrushet. Gjestane kjem helst på godversdagar. Spesielt turistane.

– Eg forstår eigentleg ikkje kvifor. Mat må ein jo ha om det er fint eller dårleg vêr, seier Elisa og trekker på skuldrane.

Ho er roleg no. Har på sin måte funne roen i usikkerheita det ber med seg å satse alt på eit risikabelt prosjekt; å kombinere kafé med optikartenester.

– Men det har ikkje alltid vore slik. På ingen måte, humrar gründeren.

Ideen om noko unikt

Ideen oppstod i eit smau i Bergen. Her jobba Elisa som optikar på ein liten og til tider roleg butikk. Det vart ofte tid til å fundere. At bylivet var eit mellomstopp visste ho, men den berømte heimbilletten fekk ho liksom ikkje tak i. Kva skulle ho gjere heime?

– Lat oss kalla ein spade for ein spade. Det er avgrensa karrieremoglegheiter på Skei. Området rundt opnar sjølvsagt for eit mykje større utval jobbar, men eg var ikkje interessert i å pendle. Eg ville bu og jobbe på Skei.

Hustomta var på plass for lengst. Sambuaren var gira. Etter mange år i Oslo, Kongsberg og no Bergen, ville dei heim. Ho måtte berre ha eit levebrød.

– Første planen var å tilby optikartenester i Skei sentrum. Men så kom publokalet Fjøsen for sal, og det var då funderinga starta for alvor. Kunne eg få til eit konsept som kombinerte kafé med optikartenester?

Smak og syn

Ved sidan av å vere utdanna optikar, er nemleg mat Elisa sin store lidenskap og ei langvarig interesse. Ho elskar å utforske nye smakar, besøke fine restaurantar og å kokkelere. Eigentleg skulle ho bli kokk, men skiftarbeid og det å jobbe når alle andre hadde fri freista lite.

– Ironisk nok er det nettopp det eg gjer i dag, flirer ho, og viser til alle timane ho legg ned i Brunsj & Briller.

Optiker Elisa Sunde på Skei

Takkar papsen

Fjøsen hadde stort potensiale for å romme både optikar og kafé, men kravde enormt med arbeid og ombygging for å passe Elisa sitt prosjekt. Elisa hadde eigentleg ikkje lyst til å ta fatt på eit så dyrt og omfattande prosjekt. I dag takkar ho faren for at ho fekk realisert den nytenkande ideen om brillebutikk og kafé på Skei.

– I tillegg til stor dugnadsinnsats, var eg heilt avhengig av papsen. Han stilte opp både økonomisk og i form av arbeidskraft. Det hadde ikkje gått utan han, seier ho takknemleg.

Då grein eg

I dag er det to år sidan ho opna Brunsj & Briller. Sjølv om Elisa har hatt klokketru på ideen sin sidan start og fått «go!» frå alle ho har pitcha konseptet til, fekk ho seg ein skikkeleg kalddusj på opningsdagen.

– Då hadde vi sjaua og jobba i lang, lang tid, og det var knytt stor spenning og forventning til opningsdagen. Alt skulle liksom lede opp til den dagen ,med fullt hus og greier. Sjølvsagt var eg redd, men samtidig hadde eg sånn trua på at det ville komme mange besøkande. Og så kom det tjue personar.

Det er tydeleg at opningsdagen sit som eit sterkt og litt vondt minne i Elisa. Ho kremtar litt før ho fortel vidare:

– Dagen etter sat eg meg i skogen og grein. Eg tenkte: Drit i det her. Det kjem ikkje til å gå. Du føler jo på det når din eigen far har brukt mykje tid og pengar på konseptet ditt, fordi han har sånn trua, og så går det til helvete, sukkar ho.

Gjer det for seg sjølv

Heldigvis sette ikkje opningsdagen presedens for den vidare drifta.

– Eg vil seie at det går fint no. Det har vore fleire slike knekkar, og eg har somme tider lurt på om innsatsen står i stil til utbyttet, men eg landar alltid på at ja, det er verdt det.

Men kven gjer ho eigentleg dette for? Lange dagar, aldri fri på sommaren, låg løn, tunge knekkar.

– Meg sjølv. Eg gjer det for meg sjølv. Eg har skapt denne arbeidsplassen, og eg elskar kombinasjonen av arbeidsoppgåver. Å komme på jobb tysdag og vite at i dag skal eg vere optikar, møte klientar og ta synsprøver, for å så gå inn dørene torsdag og vite at eg skal jobbe med mat, min store lidenskap, den variasjonen er jammen fin.

Brunsj & Briller Skei

Meir enn eit vegkryss

Men det ligg meir bak. Slik det ofte gjer med Elisa.

– Og så gjer eg det for bygda, sjølvsagt. Innbyggarane på Skei fortener ein unik og kul plass, og dei er flinke til å støtte opp.

Men ho er også opptatt av dei som passerer Skei. At dei skal stoppe og oppdage at bygda er så mykje meir enn eit vegkryss.

– Det er så sjukt fint her. Fleire burde ta ein stopp og oppdage alle kvalitetane. Du må vere her ei stund for å oppdage dei, ikkje berre suse forbi i bil. Då ser du berre ein brøkdel frå bilvindauget.

Vennskap på pause

Som gründer og dagleg leiar har ho opplevd å måtte sette vennskap på pause.

– I periodar er det så travelt at eg må ofre alt sosialt på fritida. Eg har rett og slett ikkje overskot til noko meir når eg kjem heim. I vår sa eg til ei av mine gode venninner at eg kjem ikkje til å vere ein god venn i sommar, så det er berre til å sette meg på pause. Snakkast til hausten, seier ho og ler.

Det er jo berre til å prøve

Men det går altså betre. Elisa har dyktige folk med seg på laget. Fleire og fleire oppdagar den eksotiske perla på Skei som tilbyr både asiatisk inspirerte rettar og meir tradisjonell bakst. I fjor sommar var det ikkje snakk om så mykje som eit vinglas på Elisa, men ho trur det skal vere rom for både nokre fridagar og venner denne sommaren.

– På måndag var eg på fjelltur. Det var heilt fantastisk med ein heil fridag, smiler ho og legg til:

– Eg visste jo at gründerlivet kom til å bli tøft. Etter kvart har eg skjøna at det ikkje handlar om å komme i mål. Det er vegen dit som er spennande. Vi kjem til å fortsette å utvikle oss, finslipe konseptet, tilby nye rettar. Det er så masse vi kan utforske og teste! Og det er den biten eg likar. Det siste eg vil er å vakne på 50-årsdagen og tenke: Søren også. Eg skulle opna Brunsj & Briller, smiler ho:

– Det er jo berre til å prøve.

Elisa Sunde Skei

Fleire saker