Anders Nes gard

Nyheiter

Bygutt pluss bondegard er lik turistmagnet

Tekst: Linn Merete Rognø / Apriil

Foto: Nes Gard / privat

Mykje kan skje når ein asfalt-cowboy med separasjonsangst frå Oslo tek over ein gard inst i Sognefjorden. At grisefjøs blir vinbar, til dømes.

– Eg har jo eigentleg separasjonsangst, eg vil seie at eg er eit flokkdyr.

Anders Månum ler.

Meir presist; han er ein fyr som trivs best med å bu i byen, ein «asfalt-cowboy», om du vil.

Ein dag tok han likevel eit stort steg i motsett retning.

Våren 2021 pakka 44-åringen kofferten, selde leilegheita i Oslo og flytta til Luster, inst i Sognefjorden.

Der byrja han sitt nye liv på Nes Gard.

Arv gjennom sju generasjonar

Dei siste 20 åra er det foreldra til Anders som har drifta familiegarden, men no er det hans tur. Anders representerer sjuande generasjon som driv garden. Den vart bygd i 1850 og har sidan gått i arv på farssida.

– Det har lagt i korta at eg skulle ta over. Søstrene mine var ikkje så interesserte, seier Anders.

Tidlegare vart garden nytta til husdyr og fruktproduksjon. I dag er gardstunet bygd om til ei turistperle av ein gjestegard med 40 overnattingsplassar.

Gjestegarden har også badebrygge, eit naust med møterom og festsal. I hagen, med panoramautsikt til Lusterfjorden og Feigumfossen, vert turistane varta opp med personleg service og gode matopplevingar.

Dei tre nasjonalparkane Jostedalen, Breheimen og Sognefjellet omringar Nes Gard, og ski- og toppturar er særskilde trekkplaster for gjestane.

– Eg har vore veldig involvert i Nes Gard dei siste 15 åra når foreldra mine har drive her, mellom anna som skiguide, så eg visste jo kva eg kom til, fortel Anders.

– Men det er stor skilnad på å hjelpe til nokre helger og å ha alt ansvaret sjølv, legg han til.

Nes gard

Frå vin til vendepunkt

Anders vaks opp på den vesle tettstaden Leira i Valdres, men i halve livet har han vore bygut på sin hals. Og tanken på forlate eit fartsfylt og sosialt liv i Oslo, god jobb som siviløkonom og ein stor venegjeng, måtte modnast litt.

Vendepunktet kom då han ein kveld drakk vin med venninna Lise Sværi.

Ideane myldra under ein lang prat som enda med ein ambisiøs konklusjon: Sette Nes Gard på verdskartet, polere turistperla og lokke ei endå breiare målgruppe til tunet.

Rekord med Fjordspeilet

Anders og Lise heiv seg rundt og oppretta eit felles driftsselskap i 2021.

– Det var fint å begynne denne reisa med ein forretnings- og sparringspartnar som Lise, skryt Anders.

I overgangsfasen fekk dei god hjelp av foreldra hans, men mykje var usikkert grunna Covid.

– Vi bygde ein vinbar i det gamle grisefjøset, og den dagen vi fekk lov av kommunen til å opne, vart det skjenkeforbod i Noreg, ler Anders.

Likevel strøymde det inn med bookingar, og 2021 enda med rekordomsetning. Dei hadde lukkast med å nå eit større publikum, fleire yngre enn tidlegare, mellom anna gjennom hyppig oppdatering via Nes Gard sin instagramkonto.

Ordet spreidde seg i fleire kanalar. Ein særskild grunn til det var nysatsinga, Fjordspeilet; ei glashytte innreia med soverom, bad og kjøkken med utsikt over heile Sognefjorden – alt du treng for eit eventyrleg opphald.

Ideen til Fjordspeilet dukka opp då Anders og ein kompis var på ferie i New Zealand. Dei diskuterte korleis ein kunne sette opp eit nytt, utradisjonelt overnattingstilbod. Dei tråla Google og Pinterest då dei kom over produsenten av glashytta, og falt pladask for designet.

Ein dag kom traileren med glashytta på lasteplanet, og Fjordspeilet vart plassert ovenfor hovudhuset på garden, som ei eksklusiv, lita leilegheit.

Sjølv om Nes Gard heldt stengt frå oktober til februar, er Fjordspeilet til utleie gjennom heile vinteren.

– Hytta er svært populær og trekk til seg folk i alle aldrar. Vi merkar at gjestar kjem tilbake, ofte når vi arrangerer skihelger og skifestivalar. Når vi skapar gode opplevingar for gjestane, går ryktet kjapt. Det er den beste reklamen vi kan få, ivrar Anders.

Fjordspeilet Nes

Ikkje turt å stå åleine

Venninna Lise, valde å tre ut av prosjektet etter første driftsår då ho ville fokusere meir på jobben sin i Oslo.

Men Anders er letta over at ho var med han i startfasen.

– Eg hadde ikkje turt å stå åleine i dette for eitt år sidan. No er eg blitt kjend med bygda, så då er det ikkje så skummelt lengre.

– Når noko plutseleg streikar på traktoren eller eg begynner å “surre rundt” med andre ting på garden, er det godt med snille naboar som eg kan ringe til og be om hjelp, smiler han.

44-åringen er for tida singel, men i godt selskap med femten andre tilsette ved garden. Det skal skje mykje framover; endå ei glashytte skal settast opp, låven skal bli til eit større selskapslokale, det skal bli betre plass til å arrangere bryllaup og andre store event.

– Det er jo den mest perfekte plassen du kan feire bryllaup i Noreg, med kyrkje i hagen og Feigumfossen rett over fjorden, skryt Anders vidare.

– Er det du som vigsler brudepara også?

– Haha, nei, det kan eg ikkje. Men eg er veldig god på å servere dei champagne!

Fjordspeilet
Anders Månum

Saknar ikkje Oslo

«Asfalt-cowboyen» har framleis god kontakt med venneflokken i Oslo.

– Det er veldig kjekt at dei kjem hit på ei skihelg av og til, når eg ikkje kan reise til byen, seier han.

Å vedgå at han har flytta permanent frå Oslo til Luster, sit framleis litt langt inne. Sjølv om han selde leilegheita i Oslo, har han enda ikkje pakka heilt ut av kofferten etter at han ankom tunet.

– Eg føler ikkje at eg har flytta hit sånn«på ordentleg» enda. Det har nok med at frykta for å ta det store steget har hengt over meg, redsla for å sakne Oslo, seier 44-åringen før han legg til:

– Men eg gjer jo ikkje det.

Nes Gard har akkurat opna dørene for høgsesongen i 2022. Det er få luker mellom bookingane, så no har ikkje Anders tid til å sakne byen uansett.

Men det handlar om meir enn det.

Dragninga mot Luster vert stadig sterkare, sjølv utanfor den mest livlige sesongen.

– Tida i Luster går saktare. Det er ikkje så mykje mas og jag som i Oslo. Og det er fantastisk deilig.

Frykta og redsla tyngar mindre no. Det store steget han tok over grensa frå by til bygd, er blitt til lettare skritt over tunet mellom alle prosjekta på Nes Gard:

– Snart har eg nok pakka ut av kofferten for godt.

Utsikt Nes gard

Fleire saker