Randi Sognnæs Aamot

Nyheiter

Karriereprat: Randi vil få kjekke ting til å skje

Ein tannlege i resepsjonen på Balestrand Hotell er ifølge Randi Sognnæs Aamot (28) heilt surrealistisk, men også veldig fint.

Ho skriv månadens Karriereprat.

Eg har så lenge eg kan hugse drøymd om å bli tannlege. Veit ikkje heilt kvifor eg bestemde meg for det, men eg hadde ønske om ein variert jobb der eg kunne hjelpe folk og jobbe med hendene. Eg hadde arbeidsveke på tannlegekontoret i Høyanger i 9.klasse, og etter det var det ingen tvil.

Skikkeleg, skikkeleg fin studietid

På vidaregåande jobba eg intenst for å komme inn i på tannlegestudiet i Bergen. Eg kom ikkje inn i Bergen, men i Tromsø. Eit stort slag i magen då alle eg kjende, inkludert kjærasten, skulle til Bergen. Eg kunne ikkje gi meg heller, så eg flytta. To veker seinare tikka det inn melding frå Universitetet i Bergen om at eg fekk plass likevel. Då flytta eg straks.

Studietida var skikkeleg, skikkeleg fin. Kjende ingen frå før, men vart kjend med så utruleg mange fine folk som framleis er nokre av mine beste venner. Sjølve studiet var til tider absolutt beinhardt, og eg har aldri vore så sliten og sur som i dei tøffaste eksamensperiodane (berre spør Per), men fordi vi var ein stor gjeng fine folk i same båt, så er det det eg hugsar best.

Randi skåler
Randi tannlege

Alltid tenkt at eg skulle heim

Eg har alltid tenkt at eg skulle heim igjen til Sogn, og at det var fint å vite at det var gode moglegheiter for fast jobb som tannlege der. Eg vaks opp i eit hus ved fjorden på Kyrkjebø. No er eg 28 år og har vore saman med sambuaren min Per Àki sidan vi møttest på vidaregåande i Høyanger for 11 år sidan.

Randi Kjartan Lauritzen

Eg vurderte lenge å flytte heim etter studiet, men bestemde meg for å bli nokre år i Bergen. Eg fekk jobb på Bergen Storsenter tannlegepraksis, og det var veldig kjekt å få jobbe med fulle timebøker på ein stor klinikk med kjekke kollegaer.

Jobben eg har akkurat no er derimot noko heilt anna. Det er eigentleg litt surrealistisk. Akkurat no sit eg i resepsjonen på Balestrand Hotell, skal jobbe her ut året og har ikkje jobba som tannlege sidan mai, da vi flytta heim til Balestrand.

Hus med strandtomt og plass til draumar

Det heile skjedde litt sånn plutseleg. Tanta og onkelen til Per har drive Balestrand Hotell sidan 90-talet, men har snakka om å pensjonere seg, selje og flytte tilbake til San Fransisco der han er frå. Då hadde vi allereie vore litt på utkikk etter hus i Balestrand, men ikkje heilt funne noko. Draumen var eit hus med fjorden. Samtidig var Per på utkikk etter passande lokale for alle sine påfunn og draumar med studio, e-sport og meir. Per og Theodor (svigerbror som også begynte å snakke om å reise heim og som har hotellutdanning) synest det var synd at Balestrand Hotell skulle ut av familien, og plutseleg var tanken om å overta sådd.

Vegg i vegg med hotellet var det eit stort hus vi kunne bu i, med strandtomt, eit ekstra bygg med plass til studio og Per sin draumar, min tannklinikk og eit hotell som Theodor kunne drive. Det var ein sjanse vi ikkje kunne la gå frå oss. Til slutt klarte vi å få det i boks– og etter ein lang vinter og vår med oppussing, dugnad og hjelp frå (verdas beste) venner og familie, opna vi baren og dørene for overnattingsgjester 1. mai 2022.

Randi Peer Aki
Balestrand Hotell

Pendlarjaget

I starten var planen å bli i Bergen ei stund til, leige ut huset i Balestrand på airbnb og pendle til Bergen. Eg skulle i utgangspunktet ikkje vere ein del av den daglege hotelldrifta, men når Per og Theodor blei booka inn til nesten 30 spelejobbar same sommar, trengde vi folk til den daglege drifta. Vi hadde lenge planar om å tilsette, men eg begynte å kjenne på pendlarjaget, hadde aldri lyst å reise tilbake til Bergen på søndagane og lengta tilbake til fjorden og balkongen og den store hagen.

Kvifor bur vi her eigentleg?

Ein februardag på sofaen i Bergen skrolla Per forbi Saurdalen skistenter på Facebook som kunne melde om nysnø og nypreppa løyper heime. «Kvifor bur vi her eigentleg?» Eg hadde siste tida tenkt det same. «Eg veit ikkje… skal vi berre flytte?» Så var det bestemt. Vi sendte melding til Theodor og eg sa opp jobben i Bergen dagen etter og planen var no å jobbe med hotellet fram til eg fekk opna tannklinikk i Balestrand

– Kvifor bur vi her eigentleg?

Ski i Balestrand

No er vi snart halvvegs i sesongen, har hatt masse besøk både på hotellet og i baren. Per og Theodor spelar konsertar i helgene og driv hotell i vekene. Eg er her på fulltid og vi har fleire tilsette – både kjente og ukjente, vener og familie, som alle er ein viktig del av drifta.

Planen er å starte opp klinikk i Holmatunet der den gamle, offentlege klinikken var, i januar 23. Draumen er framleis å få klinikken inn på hotellet, men med eit lokale som er så og sei innflyttingsklart i Holmen, blir det ein veldig fin oppstart.

Sykjellar, hage, bading og topptur

På fritida elskar eg å bruke tid i hagen, på syrommet eller på fjellet. Gjerne kombinert med bading og venner. Elskar også å reise på konsertar og festivalar. I det nye huset vårt er sykjellaren min større enn heile leilegheita vår i Bergen, og eg har endeleg eigen hage i staden for felles plantekasser i bakgarden. Eg har alt eg treng for å ha det fint her. Eg kjøpte meg randoneeski for nokre år sidan, og gledar meg stort til å teste dei ut i Balestrandsfjella til vinteren igjen. Eg har også klatra litt, og no som både Sogndal og Høyanger har fine klatrehallar, gledar eg meg til å ta opp igjen det også.

Randi Kvikne Hotel

Vil vere ein del av kulturtilbodet

I og med at vi alle elskar konsertar og liv og røre, håpar vi å kunne vere ein del av kulturtilbodet i Sogn i framtida. No blir det først Badeklubb Festival i august, så har vi store planar om fleire konsertar utover hausten og vinteren.

Hotellet skal etter planen bli ein populær samlingsplass heile året, med bar, event, syhelger, keramikk-kurs, standup, jobbsamlingar, konsertar, badeklubb og badstu, kajakk-utleige, afterski og musikkstudio.

Tannlege Randi Sognnæs Aamot

Vil trekke vennegjengen heimover

Som ferskingar på hotelldrift og oppstart av eigen tannklinikk til neste år, går vi utan tvil ei spennande og travel tid i møte. På sikt vil eg flytte tannklinikken inn på hotellet, og kanskje kan den vekse seg stor nok til at vi kan vere to tannlegar her? Då vil eg ha tid til å kombinere dagane med litt gartnararbeid og hotelldrift.

Det blir mykje jobb, men vi håpar det skal legge grunnlaget for eit kjekt liv der vi kan styre dagane litt sjølve og aldri kjede oss. Vi må prøve å bygge oss det livet vi har lyst på og få kjekke ting til å skje ­– og forhåpentlegvis trekke med oss resten av vennegjengen heimover.

Det må vere målet.

Drøymer du om Vestlandslivet? Sjekk ut ledige stillingar her.

Randi Sognnæs Aamot  Balestrand
Balestrand Hotell

Fleire saker