Sølvane

Nyheiter

Torstein og Eivind motbeviste alle

Tekst: Ann Karene Rasmussen / Apriil

Foto: Sølvane Gard

Av og til kan eit par nye auge endre ei heil bygd. Velkommen til ein heilt spesiell gard i Gloppen.

Det var ikkje her Eivind Kandal hadde sett for seg å bygge ei framtid. Blant spisse fjell, idylliske gardar og Breimsvatnet nokre steinkast unna.

Og han hadde i alle fall ikkje trudd at det var kjærasten, Torstein Kollevåg, som skulle lokke han heim til garden han vaks opp for å begynne med det dei har kalla eit livsprosjekt.

Planen var å bli i Oslo.

Eit nytt endestopp

Hektiske sommardøgn og travle haustdagar med arrangement og konsertar har blitt til rolegare tider med planlegging av ein ny sesong, byggeprosjekt og reguleringsplan.

– Det er litt godt at januar er ein stille månad, seier odelsguten Eivind.

For dei to har livet endra seg totalt dei siste åra. Eivind gjekk frå kokkestudiar til musikkstudiar, først i Oslo, så ved Operaakademiet i København. Sidan jobba han som operasongar i inn- og utland. Torstein hadde ein ni til fire jobb på Den Norske Opera & Ballett i Oslo, og mykje erfaring frå kulturproduksjonar. Saman har dei turnert i Bygde-Noreg og sett seg sjølve på kartet. Men det var før dei visste at endestoppet var heimbygda til Eivind.

Sølvane Kandal

Ein tilflyttar med nye tankar

Den vesle bygda Kandal i Gloppen kommune har rundt 60 innbyggjarar, og dei fleste driv med tradisjonell gardsdrift. Som odelsgut på Sølvane Gard, var det slik Eivind såg for seg at heimgarden kunne drivast. Men Torstein hadde andre tankar.

Han var lei av kontorlivet i Oslo og flytta til svigerfar i Kandal for å bli avløysar. Eivind rekna med det ikkje kom til å vare så lenge. Men Torstein blei verande.

Bergensaren lengta tilbake til Vestlandet. Det er her han føler seg heime. Blant fjell, skog og vatn. Han føler dei snakkar det same språket, at han er ein del av familien.

Torstein såg potensiale i å ta med erfaringane dei hadde frå alle år med jobbar i kulturbransjen og eigenproduserte turnéar, og kombinere det med kjøttproduksjonen på garden. Den delen av drifta var han allereie involvert i, ved sidan av jobben i Oslo.

– Det starta som ein motreaksjon. Bøndene fekk ikkje betalt for kjekjøttet, og kokkane fekk ikkje kjøpt det noko stad. Derfor begynte vi å arrangere kjekveld på restaurantar i Oslo, og utfordre restaurantane til å skape menyar.

Det blei ein kjempesuksess. Og gjorde at dei kjente naboane før dei flytta, og hadde ein solid byggestein. Bøndene på nabogardane såg kva dei fekk til.

Torstein skildrar seg sjølv som ein med ti ballar i lufta samtidig. Då klarar han i alle fall å ta i mot to.

– Det er derfor eg får mykje gjort. Ikkje alt fungerer, men vi må våge å stole på oss sjølve. Då blir det skapt magi.

Torstein Kollevåg

Torstein Kollevåg likar å ha ti ballar i lufta. Då klarar han i det minste å ta i mot to.

Eivind Kandal

– Vårt prosjekt har vore å skape det vi saknar frå bylivet, seier Eivind Kandal.

– Ingen vil til Kandal

Men han er ikkje aleine om å tilføre energi og kreativitet til Sølvane Gard. I 2017 inviterte Eivind tidlegare studiekameratar frå København til Kandal. Flybilettane skulle finansierast med ein konsert i Sandane. Det blei ein kjempesuksess. Året etter hadde dei rydda løa på Sølvane Gard, og arrangerte galla for 220 gjestar.

– 12-13 grader og stiv kuling. Eit regnorkester som skreik om kapp med oss songarane.

Slik hugsar Eivind kvelden som blei den første på det som med tida har blitt ei ikonisk scene – i ei ikonisk løe. Regien er satt frå gjestane kjem til løebrua, og scenografien legg til rette for ein teatralsk oppleving.

– Det handlar om å gi gjestane noko dei ikkje forventar, seier Torstein.

Og det har dei verkeleg klart. Noko heilt unikt. Men det var det få som hadde trudd.

– Dei fleste sa at det aldri kom til å gå. Ingen vil til Kandal. Iallfall ikkje på opera, minnest Torstein.

Sidan har det rent inn med gjestar.

– Myta om at det ikkje skjer noko på bygda er død for lenge sidan, seier Torstein og legg til:

– Men når du kjem frå ei slik bygd er det vanskeleg å sjå det magiske i det.

Skapar det dei saknar

Dei tok over garden i 2019. Då var det geiter i løa og kjøttproduksjon var framleis ein del av drifta på garden. Hausten 2021 valde dei å satse alt på sitt eige prosjekt, og la nabogardane ta seg av kjøttproduksjonen.

– Prosjektet på Sølvane Gard handlar om vår fagkompetanse frå produksjon, arrangement og utøvande kunst. Det handlar om kreativitet og gjennomføringsevne.

Og det har dei fått testa til fulle. Då pandemien kom skifta dei spor, og satsa på fleire arrangement. Det resulterte i fleire gjestar og auka omsetning i 2020. I 2021 besøkte heile 1000 gjestar Sølvane Gard, og mange av dei har nytta dei 40 sengeplassane som blir leigde ut på AirBnB.

Dei hadde ikkje rekna med så stor interesse på så kort tid. Men det autentiske, bygdelivet, vertskapet og nærleiken til artistane har lokka tilreisande frå heile Norge og utlandet til Kandal.

– Vi sette pris på mangfaldet i byen. Og vårt prosjekt har vore å skape det vi saknar frå bylivet. Det vi vil oppleve, artistane vi vil høyre, maten vi vil ete og vinane vi vil drikke, seier Eivind.

Kandal

Sunn misunning

Men det er ikkje berre Sølvane Gard som set til livs nye tankar. Det skjer mykje i Kandal. Bygda med berre 60 innbyggarar.

– Det har blitt ei sunn misunning. Folk ser at det faktisk er mogeleg å tenke nytt.

I tillegg til kjøttproduksjon og kulturgard kan Kandal skilte med ysteri som produserer fersk brunost, galleri med lokal kunst, snekkeri og samlingsplassen Copakandala.

– Viss ein ikkje skapar noko i bygdene ein bur i dør dei ut. Ein kan ikkje ha den innstillinga at ein flyttar heim om dei rette tilboda er der. Det handlar like mykje om kva ein sjølv kan tilby bygda, meiner Eivind.

– Og då er det viktig at nokon legg til rette, fortset Torstein.

Dei fortel om Gloppen kommune, og særskilt næringssjefen, som ein svært god samarbeidspartnar. Både når det gjeld planlegging, utvikling og økonomisk støtte. Også ordføraren, direktøren i fylkeskommunen og entreprenørar har tatt vegen til Kandal for å planlegge framtida.

– Det hadde aldri skjedd med ei lita bedrift i Oslo, konstaterer Torstein.

Med rundt 100 presseoppslag på tre år har også pressa vore ein god støttespelar.

– Når du skapar noko unikt på ein liten plass får du mykje merksemd. Det er ein stor fordel, seier Eivind.

Må satse på tilflyttarar

Planane framover vil nok skape endå fleire overskrifter. Til sommaren står Kandal Klyngetun ferdig. Designa av Nature Compact Living og Snøhetta. Med seks suiter, som kan huse 12 gjestar. Og ein ny restaurant som kan ta imot 24 gjestar. Det gir fleire mogelegheiter for lukka arrangement og konsertar. Og på sikt er planen fleire overnattingseiningar.

– Det blir ei fantastisk ny tid for Sølvane Gard og Kandal, seier Eivind stolt.

Dei to har skapt noko heilt anna på garden han vaks opp. Noko få hadde trudd var mogeleg.

– Det er ikkje heimflyttarane vi må satse på. Det er tilflyttarane, seier odelsguten.

Han smiler og nikkar mot sambuaren:

– Det var ikkje min idé å flytte heim og starte dette.

Nyfiken på jobb i Vestland? Finn ledige stillingar her.
Sølvane gard

Fleire saker