Inge Solheim Olden

Nyheiter

– Livet er ikkje lineært

Tekst: Ann Karene Rasmussen / Apriil

Foto: Privat

Dette er historia om korleis eventyrar og polfarar Inge Solheim også vart “Inge på Strand”.

Ut av store vindauge drøymer Inge Solheim seg opp på majestetiske Ceciliekrona, som ruvar 1717 meter over havet.

– Eg har endeleg fått gått opp og stått på ski ned. Det var ei veldig fin oppleving med gode vennar og folk frå bygda, fortel han på ei solid gudbrandsdalsdialekt.


Her i Oldedalen i Nordfjord har han funne staden han kallar heim. Der han trekk seg tilbake mellom ekspedisjonar til alle verdenshjørner. Eventyraren og polfararen har no også blitt gardeigaren.

"Eg fann enorm glede i å vere i naturen."

Inge Solheim ski

Likar det uforutsette

Inge er oppvaksen på Otta, med Rondane og Jotunheimen rett utanfor døra. Med, i følge seg sjølv, null talent i handball og fotball, blei naturen ein naturleg leikeplass.


– Eg fann enorm glede i å vere i naturen. Eg begynte tidleg å guide, og fortsette med å velge jobbar der eg kunne vere mykje i naturen. Til slutt blei det levebrødet mitt.


Med private klientar som kjendisar og kongelege på kundelista har Inge skapt eit namn for seg sjølv innanfor ein heilt spesiell nisje. Han tar dei med på guida turar over heile verda - og ser på jobben sin som ein livsstil.


– Eg har tidlegare hatt jobbar med hardt arbeidspress og stress. Og eg er glad for at eg kan organisere livet mitt slik at eg ikkje treng det no. Samstundes kan eg av og til misunne dei som har fast lønn og forsikring i kvardagen. Men eg likar det uforutsette og fridomen eg har.


Den andre sida av fjellet

Han har levd ein omflakkande livsstil. Han har budd i mange land, og reist mykje i heile verda. For første gang i livet slår han røtter.


– I vinter skulle eg vere ein månad i California. Etter 14 dagar fekk eg heimlengsel. Det har eg aldri opplevd før.


Det var i bokhylla til tante og onkel spiren om gardslivet blei planta. Med “Og bakom synger skogene”, den første boka i Bjørndalstriologien av Trygve Gulbranssen. Han såg etterkvart filmen som blei spelt inn i Oldedalen i 1959.


– Det har nok gjort til at eg fekk ei så sterk kjensle då eg såg FINN.no-annonsa med garden til sals. Eg har vore takknemleg kvar einaste dag sidan eg flytta hit. Folk tenker gjerne at det er meir sosialt å bu i by. Men her på bygda er dørene opne, og folk går framleis på besøk, sier han og fortset:


– Eg har fått ei fantastisk fin mottaking, og har blitt veldig inkludert og involvert. Eg blei til og med spurt om å halde 17. mai-tale i Oldedalen, seier han og fortel at det er noko han tar på strak arm, heilt utan manus. Med manus er han redd den ufiltrerte impulsiviteten hans blir borte.


– Enten eg står på ski ned frå ein fjelltopp, held ein tale eller skal prate med ei flott jente, tolkar hjerna mi det som forventning og entusiasme, ikkje frykt. Eg har sikkert dei samme sommarfuglane som andre, men det gjer berre at eg føler meg levande. Det hentar fram spenning i kroppen, i staden for å bli paralysert.


Brukar alt på garden

Han budde to år i Oslo etter at han flytta tilbake til Noreg frå London. Då budde han på 80 kvadratmeter og hadde utsikt rett inn i ein vegg. No har han fleire hundre kvadratmeter med hus og løe, og 500 mål jord.


På garden Strand har det gjennom generasjonar blitt lagt ned ein enorm arbeidsinnsats med steinmurar og opparbeida jorde, forklarar Inge stolt.


– Garden skal bringast tilbake til ein funksjonell gard med hestar og andre dyr frå nabogardane som beitar sommarstid. Større beiter gir dei andre gardane utvida handlingsrom.


Huset han bur i er 110 år og stabburet rundt 200 år. Han har brukt alt han har av pengar på garden sidan han flytta hit. Det har tilført lokalmiljøet mykje verdi gjennom handel og handverkarar. Han beheld det som er praktisk, og moderniserer det han syns er nødvendig. No lar store vindauge utan sprossar den fantastiske utsikta ta ein større del i huset enn før.


– Her er det ingen nabogrenser. Eg har Jostedalsbreen nasjonalpark og Fjord-Noreg å boltre meg i. Her er eit utruleg turterreng sommar og vinter. Alle kan finne noko på sitt nivå. Anten ein er tilskodar til Briksdalsbreen, begir seg ut på kompliserte klatreruter eller padlar i kajakk. Særskilt vinteren er undervurdert, og det er eit enormt potensiale for vinterturisme.


Sjølv håpar han å få organisert ein tur til sydpolen i vinter. Men det meste av tida brukar han på garden.


– Eg er så betatt av staden, seier han.

Boplass Olden Inge Solheim
Boplass Oldedalen Inge Solheim


Livet er ikkje lineært

Inge fortel om mange moglegheiter for dei som ønskjer å bu i området, med kort pendling til dei store byane når det trengs. Flyturen til Oslo tar ein time, og med bil tar det litt over to timar til Førde og Ålesund.


– Men eg får verkeleg ikkje håpe at alle i Oslo flyttar på bygda. Då blir det for mykje folk her, seier han lattermildt.


Den ferske oldedølen lar seg ikkje begrense av innlærte dogme. Han prøver å få folk til å løfte blikket og sjå moglegheiter dei ikkje visste om. Anten det er på ein gard på Vestlandet eller ein yogaretreat i Thailand. Det finns mange moglegheiter om ein klarer å fristille seg frå lineær tenking, meiner han.


– Menneske er enkle. Vi vil putte kvarandre i boksar og tenke lineært. Men livet er ikkje lineært.


Framleis vil ekspedisjonane gå over heile verda - og til Svalbard, Grønland og polane. Men no har eventyraren og polfararen også blitt “Inge på Strand”.

Inge Solheim Briksdalsbreen

Fleire saker