Tre kvinner ler på arrangement

Nyheiter

U40-leiarane: Overtydd om at nettverk har betydning

Eit U40-nettverk legg til rette for faglege og sosiale møteplassar for unge under 40 år. Det siste året har det dukka opp heile tre slike nettverk i fylket vårt – i Sunnfjord, Sogn og i Ullensvang.

Foto: Photoevent

Vi har teke ein prat med leiarane av dei tre nettverka for å høyre kva dei har gjort det fyrste året, og kva resultat dei ser av jobben dei gjer.

- Dette må vi få til!

Erlend Fardal Lunde flytte heim til Sogndal hausten 2020 etter fem og eit halvt år i Bergen. Der har dei noko som heiter BergenUp, som er ein møteplass for unge i næringslivet.

- Å skape seg nettverk i Bergen er vanskeleg, så det å vere med i BergenUp vart min måte å byggje nettverk på. Eg fekk mange gode venskap og relasjonar der som eg kunne bruke i arbeidssamanheng. Då eg flytte heim til Sogndal tenkte eg at «dette må vi få til her og!»

Han tok dermed initiativ til å starte Sogn U40, og fekk raskt med seg andre ivrige frå heimstaden på laget. Målet til å begynne med var å få med seg 50 medlemar. No, om lag eit år etter oppstarten, skriv dei 150 betalande medlemar.

For 750 kroner i året får dei vere med på alle arrangement nettverket arrangerer. Fyrste året har dei hatt fem store arrangement med i snitt 50 oppmøtte deltakarar. Dette er styret godt nøgde med.

Dei har fått delteke på arrangement med namn som «bobler, burgar og babling», «kommunikasjon i praksis – på godt og vondt», «back to work – digitalisering og stordata» og no seinast «people, pils og pinnekjøt».

styret i sogn u40 fellesbilde juleavslutning

Styret i Sogn U40 på ei vellykka juleavslutning; «people, pils og pinnekjøt». Foto: Tore Friele Lie.

Og kva synest medlemane? Styret i nettverket har sendt ut ei medlemsundersøking, og dei orda som kom hyppigast tilbake var «nettverk», «relasjonar» og «sosialt».

- Dei som er med har ein profesjonell tanke med å vere der, og synest det faglege er viktig, men det er heilt klart det sosiale nettverket som er viktigast.

Vil bidra til å utvikle framtidas Sogn

Målet med nettverket er å knyte profesjonelle og sosiale band mellom folk som vil vere med å bygge framtida til regionen. Nettverket skal bidra til og leggje til rette for utvikling av unge leiarar og andre unge ambisiøse og profesjonelle.

- Vi som er unge no skal samarbeide her dei neste 30-40 åra. Mange skal vere med å forme framtidas Sogn. Det at me vert kjende og får auka kompetansen vår, trur eg er avgjerande for korleis regionen ser ut i framtida. Dei som er med i nettverket er med fordi dei vil noko, enten det er å bidra til ein samfunnseffekt, effektar på næringslivet, busetningstal, nye forretningsforbindelsar eller liknande. Og då treng du nettverk, fortel leiaren.

- Vi har allereie sett at nokon har fått ny jobb og tre konkrete styreverv har kome ut av nettverket, så vi trur det har ei stor betyding. Eg trur at om du kjem som tilflyttar eller heimflyttar, så har du ikkje det same nettverket som dei som har budd her heile tida. Det kan du få gjennom å vere med i Sogn U40.

Nettverket har også oppretta prisen Årets SognaSpire, som skal løfte fram ein person som har bidrege positivt i lokalsamfunnet og for å skape framtidas Sogn.

Den fyrste prisen vart delt ut på nettverket si juleavslutning i november. Det var 18 nominerte til prisen, men den gjæve utmerkinga gjekk til slutt til fabrikksjefen i NTP i Gaupne, Tom Dyrdal.

styreleiar Erlend Fardal lunde sogn u40

Styreleiar i Sogn U40, Erlend Fardal Lunde.

årets sognaspire fire menneske sogn u40

Prisen Årets SognaSpire gikk til Tom Dyrdal i NTP, nummer tre frå venstre.

Begge foto: Tore Friele Lie.

«Til tross for sin unge alder, har kandidaten gjennom dei siste 8 åra leia ei internasjonal bedrift med 190 tilsette frå over 25 ulike nasjonalitetar. Han har vore sterkt delaktig i at selskapet har hatt ein eventyrleg vekst, og det internasjonale konsernet har difor prioritert å investera tungt i både organisasjon, bygningsmasse og teknologi», heitte det i juryens begrunnelse.

- Men eg er ikkje i tvil om at det kjem til å springe ting ut av dette nettverket som vi ikkje har kontroll over sjølve. Det blir spennande å sjå kva vi kan vere med å bidra til framover, seier Erlend.

- Ullensvang er stort

Anna Gursli Langesæter er ein av initiativtakarane bak det nyaste U40-nettverket i fylket, UllensvangU. Ho jobba då i Næringshagen i Ullensvang og hadde panoramautsikt til det som rørte seg i næringslivet i regionen. Saman med med-inititativtakar Arita Åkre undra dei seg: Kommunen er full av spanande unge, men kvar og korleis møtes dei?

- Det skjer så mykje kult i Ullensvang! Vi er mange unge, engasjerte og dyktige folk, men vi treng å snakke saman, seier Anna.

Dei starta med å arrangere ein tilflyttarkveld, som etter kvart har blitt til eit årleg arrangement i regi av næringshagen og kommunen. Sidan tok dei initiativ til å starte UllensvangU, som frå mars i år har invitert til mellom anna tur med Siderbåten og treff i forbindelse med Hardanger musikkfest.

Dei opplever imidlertid at det kan vere utfordrande å etablere eit fungerande nettverk på ein plass som Ullensvang.

- Ullensvang er stort, og det kan vere utfordrande å få til gode treffpunkt der flest mogleg kan delta. Men vi ønskjer å legge til rette for at det skal skje.

UllensvangU nettverksarrangement fire menneske

Anna Gursli Langesæter, til venstre, og Arita Åkre, nummer to frå høgre, er initiativtakarane bak UllensvangU.

UllensvangU nettverksarrangement foredrag i sal

Arrangementa er av både sosial og fagleg art. Begge foto: UllensvangU.

Dei satsar vidare og fyrste arrangement for 2023 er allereie planlagt; Turistsesongen 2023 – beste året nokon sinne? som skal finne stad på Siderhuset Ola K. 1. februar. Her håpar dei fleire engasjerte unge ønskjer å kome.

- Vi som er unge no skal vere med og bygge framtida i regionen, og vi bør bli tydelegare på at vi er her og kva vi meiner. Då er det ein stor fordel at vi blir kjent med kvarandre og kan utveksle kunnskap, seier Anna.

Målgruppa i framsetet

Sigrid Eikeland leiar U40-nettverket i Sunnfjord. Ho fekk ta på seg leiarhatten i nettverket som ein del av jobben sin som prosjektleiar i Sunnfjord Utvikling. Men det har vore viktig frå start at målgruppa sjølv er med på å bestemme kva nettverket skal vere.

- Vi starta med ein workshop med målgruppa der vi lot dei påverke form, innhald, målgruppe, finansiering og organisering. Det kom 60 personar på den workshoppen, så det var tydeleg at det var folk her som ville ha eit nettverk, og dei ville vere med og forme det, fortel ho.

u40 leiarane på scena Sunnfjord og sogn

Sigrid Eikeland og Erlend Fardal Lunde, leiarane i Sunnfjord U40 og Sogn U40, i aksjon på scena saman. Foto: Photoevent

Sunnfjord U40 hadde kickoff på taket av kunstmuseet i Førde i juni, og sidan det har medlemmane kunna delta på arrangement med namn som «børs og bobler», «kaffi og karriereprat», «life hacks (work edition)», «bli kjent-buldring» og «feriepils».

Nokre har vore heilt utselde, med opptil 50-60 deltakarar. I Sunnfjord er U40-medlemskapet gratis, og ein betalar ein liten billettpris for dei arrangementa ein deltek på, ofte rundt 100 kroner.

Sigrid fortel at dei har satsa på hyppigheit og lavterskel, og ei blanding av fagleg og sosialt opplegg. Dei prøvar også å ha ein miks av frukost-, lunsj- og kveldsarrangement, slik at du skal ha anledning til å delta på noko, uavhengig av kva du arbeider med eller kva livssituasjon du er i.

- I mange bransjar har ein kanskje ikkje anledning til å kome på eit lunsjarrangement, og er du midt i småbarnsfasen får du det kanskje ikkje til på kveldstid. Vi lagar møteplassar for ein mangfoldig gjeng og prøvar å leggje til rette for at alle skal kunne delta på noko. Det gjenspeilast også i ressursgruppa vår som utarbeider arrangementa - vi er ei variert gruppe som skal representere næringslivet i Sunnfjord.

Dronebilete Sunnfjord kunstmuseum u40

Frå kickoff-arrangementet til Sunnfjord U40 på taket av kunstmuseet.

Foredrag i sal sunnfjord u40

"Kaffi og karriereprat" for medlemane i Sunnfjord U40. Begge foto: Photoevent.

Legg til rette for det gode møtet

Målet med U40-nettverket er å gjere Sunnfjord til ein kjekkare plass å bu for unge arbeidstakarar. Dei håpar å bidra til at fleire ambisiøse unge flyttar til Sunnfjord og blir verande.

- Du får lett auka trivsel viss du legg til rette for at folk får møte likesinna. Om det er i ein setting der du blir tvinga til å vere på bowlinglag, eller om det er å høyre på børsnyheiter saman, har ikkje så mykje å seie. Viss du er der for å bli kjent med andre så har det møtet skjedd, og det er det viktigaste. Det er ikkje alltid så mykje som skal til for at det har ein effekt på trivsel, seier Sigrid.

- Vi ser at det spring mange nye bekjentskap ut av arrangementa våre, særleg tilflyttarar som blir kjent med lokale.

Ho og resten av ressursgruppa har store planer for året som kjem, med godt over 20 arrangement allereie på blokka.

- Vi skal jobbe for at Sunnfjord U40 er eit bærekraftig nettverk som bidrar til at fleire unge vel å flytte heim eller til Sunnfjord – og at fleire av dei som flyttar hit på grunn av arbeidsmarknaden vel å bli her fordi dei får ei tilknyting til staden. Det er det ultimate målet.

Foredrag i sal u40

Det er ein god miks av arrangement du kan delta på som medlem i eit U40-nettverk. Det viktigaste for dei fleste er å treffe andre. Foto: Photoevent.

Den samstemde oppmodinga frå både Erlend, Anna og Sigrid er; bli med! Det vert ikkje meir moro enn ein skapar sjølv.

Klar for å sjekke ut arbeidsmarknaden i Vestland?

Fleire saker