Guro Petronella Andersdotter Nordnæs-Enerhaug og Kyrre Johan Andersson Nordnæs-Enerhaug på Fururabben Husky.

Nyheiter

Dette er pelsterapi

Tekst: Marie Tefre Birkeland

Foto: Photoevent

Ein kveld låg Guro heime på sofaen og sveipa på Tinder. Plutseleg dukka det opp ein mann med eit tilsvarande profilbilde som ho sjølv hadde.

Det blei match.

– Han hadde bilde saman med ein alaskahusky. Eg trur til og med at han kalla seg «huskymannen». Det var jo veldig spesielt, så eg måtte sjekke han ut.

Guro Petronella Andersdotter Nordnæs-Enerhaug (28) ser på ektemannen og smiler.

– Og ho gjekk rett på! Det var ikkje sånn «Hei, kven er du?», det var «Er det din hund?», svarar Kyrre Johan Andersson Nordnæs-Enerhaug (32) og smiler tilbake til kona.

Dette var tilbake i 2018. På det tidspunktet jobba Guro som kyrkjelydsarbeidar i Stryn og Kyrre som vert på ei DNT-hytte i Hallingdal. Praten gjekk og meldingar vart utveksla. Det gjekk som det måtte gå: Kyrre flytta til Stryn.

– Eg hadde eigentleg gitt meg med hundekøyring, men sånn skulle det ikkje gå. Då vi flytta saman hadde eg to hundar og han hadde seks. Det var nok til eit spann, det, fortel Guro.

– Så fann vi jo ut at det var kjekt om begge hadde kvart sitt spann slik at vi kunne køyre saman, skyt Kyrre inn.

Og det vart starten på Fururabben Husky.

Kyrre Johan Andersson Nordnæs-Enerhaug på Fururabben Husky.
Kyrre Johan Andersson Nordnæs-Enerhaug på Fururabben Husky.

Bollar og brear

Halvvegs oppe på eit fjell, litt utanfor Stryn sentrum, har dei busett seg.

Utanom lyden av fuglekvitter og dropar av regn som treff ein presenning, er det knyst stille i tunet. På under eit sekund blir stilla erstatta av eit voldsomt leven. Bjeffing, herjing, uling. Guro er i hundegarden. 21 huskyar og ein boarder collie er i lykkerus.

– Hysj, Bolla!

– Bolla?

– He-he, ja. Dei som har mange hundar er ofte kreative på namna. Ein må vere det, sidan det er så mange. Du kan fint møte huskyar som er kalla opp etter ølmerke, drinkar, fotballag – you name it! Bolla sitt kull har fått namn etter forskjellege type bollar. Du har Daim, Ost, Smash, Kanel, Kokos, Rosin og Espa. Det siste kullet er oppkalla etter breane her i Nordfjord.

Furulabben Husky i Stryn

Pensjonisten Wanny ser på oss med brune auge. Ho er 12 år og sjef i hundegarden. Ho er kalla opp etter første kvinnelege fangstmann på Svalbard, og sjølvsagt ein skikkeleg råtass. Wanny får ein klapp av Kyrre, før han går vidare for å hente ein spade. Han må spa møkk.

Stille magi

Guro er frå Sunnmøre. Kyrre, som eigentleg er bergensar, har vakse opp i Lillehammer. Ingen av dei hadde hund i barndommen, men interessa og gleda i dei firbeinte har heile tida vore der for begge.

Guro plukka opp interessa for hundekøyring etter eit år på folkehøgskule i Troms. For Kyrre var det ein tilfeldig kaffikopp med ein kompis av sjefen som fekk han inn i gamet. Kompisen dreiv med hundekøyring, men konkurrerte aldri.

Han er ein kjent mann i husky-miljøet, i positiv forstand. Han hadde full kontroll. I bytte mot å spa møkk fekk han vere med på køyring. Då var det gjort.

– Det er så magisk med eit godt trent spann. Først er det mykje bråk og leven frå overivrige hundar. Så lettar du ankeret og då blir det heilt stille. Det er berre du, hundane og snøen.

Griseheldige hundeeigarar

På småbruket bur dei saman med hundane, nokre grisar, to kattar og ein nabo som per dags dato aldri har klaga på støy.

– Vi er griseheldige som får halde på her. Det er ikkje alle utleigarar som lar ein få lov til å bygge ein hundegard på eigendommen sin, seier Guro.

– Og vi trivst ekstremt godt. Det er mange som spør om vi ikkje blir einsame når vi bur så isolert, men vi har jo kvarandre og dyra. Og så har begge jobbar i tillegg. Det er sunt å snakke med andre menneske også, ikkje berre hundane, fortel dei.

Dessutan har dei har knapt tid til å sakne nokon.

– Vi brukar ein til to timar om dagen på stell. Og så kjem treninga i tillegg. Om du er effektiv får du deg ei mil på to timar, inkludert før og etterarbeid. På hausten køyrer vi tre til fire mil med dei, så då har du det gåande..

Vårt eventyr

Begge har jobb i kyrkja og på kvar sin sportsbutikk i Stryn. Håpet er å kunne gjere hundane til levebrødet deira. Men det er ikkje lett. Det er lite pengar å tene og store utgifter. Det går fort ein sekk med 15 kg fôr på to dagar. Det blir litt i løpet av eit år. I tillegg er det veterinær, og ikkje minst vedlikehald av småbruket.

– For oss er det verdt det. Vi har sjølvsagt lyst til å reise på ferie til utlandet vi også, men vi har valt dette. Dette er vårt eventyr, så får heller andre reise til Afrika.

Roa har senka seg i hundegarden. Det knitrar frå bålpanna. Lukta av nystekte sveler tek over for eimen av våt hund. Guro serverer kaffi som har varma seg på flammene.

– Det er ikkje alltid så idyllisk, altså. Når vi er ute og trenar i fleire timar kvar dag, og det bøttar ned, vind, haglebyer, slaps.. Ja, du veit. Då spør ein seg sjølv kvifor ein faktisk vil halde på med dette. Men så er det den kjensla når alt klaffar. Hundane meistrar det vi har øvd på. Og når sola i tillegg kjem fram.. DÅ. Då er alt perfekt.

Kyrre nikkar.

– Det er det samspelet. Samspelet mellom deg og hundane, og samspelet hundane seg i mellom. Det er noko heilt magisk med det. Ein ser at hundane har utvikla seg. Dei får til ting, og dei er fysisk sterke. Dei kan bli akkurat det du gjer dei til. Dei elskar det. Og du elskar det.

Alaskahusky på Fururabben Husky i Stryn

Velkomne til gards

I fjor opna dei for å ta imot gjester i hundegarden. Det blei stor suksess.

– Vi hadde ikkje trua på at det skulle komme så mange innom. Det var kjekt at store og små ville ta turen for å kose på hundane, lære meir om huskyar og få litt servering rundt bålpanna. Vi håpar at vi kan få til meir saman med dei lokale her i Stryn. Blant anna har vi vore i dialog med eigarane av Loen Skylift om å arrangere turar på toppen av Hoven. Det hadde vore stas å fått til no til vinteren. Vi har også oppdaga at det er fleire med huskyar i området. Det er utruleg kjekt å bli kjent med dei sånn at vi kan samarbeide og lære av kvarandre. Vi håpar å få opp ein trekkhundklubb på sikt.

Pelsterapi

Draumen er å kunne leve av hundane.

– Ingen av oss passar inn i ein åtte til fire jobb. Dette er verken jobb eller fritid, det er ein livsstil. Det er klart vi kunne ha valt oss eit enklare liv. Vi kunne budd meir sentrumsnært i eit hus som ikkje var slitt. Vi kunne hatt meir fritid og betre økonomi. Men hundane gir oss så utruleg mykje igjen for det. Dei gir oss så mykje glede. Og det er fantastisk å berre vere med dei og sjå at vi kan gje deg glede i retur. Det er pelsterapi.

Fleire saker