kvinne på fjelltur

Vestlandslivet

10 grunnar til å bu og jobbe i Distrikts-Vestland

Nysgjerrig på vestlandslivet? Vi gir deg ti gode grunnar til kvifor Vestland er den beste regionen å bu og arbeide i.

1. Givande arbeidsliv

I Vestland kan du gjere ein større forskjell frå ein mindre stad. Når du ser at det du jobbar med har ei betyding, aukar det også sjansen for trivsel på jobb. Her kan du bidra til at folk får leve meiningsfulle liv i ein ambisiøs og innovativ region.

Sjekk ut: Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Lotteri- og Stiftelsestilsynet, Vestland Fylkeskommune, Norec og Hardanger Hydrogen Hub.

2. Vilt friluftsliv

Det er ingen hemmelegheit at bygde-Vestland har dei beste naturopplevingane. Her kan du bade i brevatn, stå på dei villaste skiturane, øyhoppe ved kysten, klatre Noregs heftigaste Via Ferrata-rute, oppleve rivieraliv på bygda og samle toppturar året rundt. What´s not to like?

Sjekk ut: Lodgen Stryn, Ekstremsportveko på Voss, Trolltunga Active, Hornelen Via Ferrata, Øyhopping i Solund, Bulandet og Værlandet og Sogn skisenter.

Fjordkysten

Øyhopping på kysten av Vestlandet kan anbefalast. Foto: Visit Fjordkysten.

3. Framtidsretta næringsliv

Visste du at Vestland er det fylket i Noreg som er best på eksport? I Distrikts-Vestland finn du eit næringsliv som er heilt i front innan internasjonalisering og grøn omstilling. Vi har verdsleiande bedrifter innan til dømes teknologi, energi og grøn skipsfart, og innovative selskap som utviklar framtidas løysingar innan til dømes havvind, hydrogen og datalagring.

Sjekk ut: Grøn Region Vestland, Brødrene Aa, Highsoft, Rocketfarm, Tibber, Ineos Titanium & Iron og Hub for Ocean.

highsoft

Teknologiselskapet Highsoft i Vik leverer tenester til kundar over heile verda. Også spelar dei kubb i pausane.

4. Rikt kulturliv

Distrikts-Vestland har eit rikt kulturliv forankra i regionen si historie og natur, med ein god miks av gamle tradisjonar og freshe, moderne uttrykk. Frå banebrytande kunstinstallasjonar til intense musikkfestivalar og street art, er bygde-Noreg som ei leikegrend for kreative sjeler. Det finst knapt ei bygd som ikkje har sin eigen festival, spel eller museumsoppleving, så her er det berre å velje og vrake.

Sjekk ut: Teater Vestland, Siderfestivalen i Hardanger, Opera Nordfjord, Bygdalarm, Tysnesfest, Musea i Sogn og Fjordane og Balestrand Badeklubbfestival.

MISF Astrup

Musea i Sogn og Fjordane tilbyr museumsopplevingar på 12 lokasjonar. Her frå opninga av ny Astrup-utstilling på Kunstmuseet i Førde.

5. Digg kaféliv

Kva er vel betre enn ein kanelbolle eller eit kaffibrød i skjønn harmoni med fjord, fjell og koselege bygdegater? På bygda får du ikkje dei kjende kafé-kjedane frå byen, men i staden får du smakfulle delikatesser frå kafear og bakeri med særpreg, ofte basert på lokale råvarer og tradisjonelle oppskrifter. Ein ekte smak av Vestland <3

Sjekk ut: Lauget Kaffi og Kultur på Sandane, Fredag & Fretland i Lærdal, Naustdal Dampbakeri, Fløy Bakeri på Lofthus og PS Bryggekafé i Fitjar.

Lauget kaffi og kultur

Lauget Kaffi og Kultur på Sandane. Foto: Rebecca Nedregotten Strand.

6. Balansert familieliv

Vi lyg ikkje når vi seier at livet får ein annan beat på bygda. Vi snakkar kort veg til skule, barnehage og jobb, og trygge og nære naboskap. For ikkje å snakke om kor mykje meir bustad, terasse og hage du får for pengane her.

I distriktet kan du gjere til dagleg det andre må gjere i helga, og gjerne køyre langt for å få til. Om du vil kan du ta deg eit morgonbad i fjorden og rett etter jobb snøre på deg fjellskoa og kome deg opp på ein 1000-meters topp – alt på ein og same dag. Det kallar vi kvardagskvalitetar.

Loen

Dette kallar vi kvardagskvalitetar på Vestlandet. (Foto: Maria Di Lorenzo)

7. Forfriskande strandliv

Frå nord til sør på Vestlandet finn du alt frå lange sandstrender til små, koselege badeviker. Her er sjansen god for å finne seg ei eiga privat strand, eller du kan nyte bølgjene på dei meir kjende bade- og surfespot´ane.

Sjekk ut: Grotlesanden, Åreiddalen, Strando, Refviksanden, Hoddevik, Bondhusvatnet og Eidfjordvatnet.

Hoddevik

Hoddevika har blitt ein kjent bade- og surfespot. Foto: Helle Frogner.

8. Sosialt remote-liv

Fleire og fleire vel å ta med seg jobben eller starte for seg sjølv i distriktet, men det betyr ikkje at du må sitte åleine. Fleire stader i fylket vårt har det dukka opp fleksible kontorfelleskap der du kan booke både kontorplass og møterom. Kontorfellesskapa fungerer som ypperlege arenaer for nettverksbygging og gründerliv der gode idéar oppstår fordi forskjellige folk møtest. Ikkje minst vert arbeidsdagen uendeleg mykje trivelegare.

Sjekk ut: Gondolbygget på Voss, Remote Sunnfjord, FUS i Sogndal, Smeltedigelen Kontorfelleskap i Ullensvang, Kvinnherad Næringsservice og Studentstova i Stryn.

FUS Sogndal

Hos FUS i Sogndal kan du få kontorplass saman med andre. Det er eitt av fleire kontofelleskap i fylket vårt.

9. Jordnært bygdeliv

Livet i bygde-Noreg er jordnært og avslappa. Her finn du ei behageleg atmosfære der du er nær naturen, samfunnet er tettvevd og dei enkle ting som frodige landskap, kyr på beite og traktor-dur gir ei eiga kjensle av ro og glede i kvardagen.

10. Nye eventyr

Av og til må ein ta ein sjanse. Ta ein sjanse i Vestland <3

Finn din neste jobb i Vestland

Fleire saker