Sigrid Skjerdal Vinjerock

Nyheiter

Frå Vinjerock til godkjensle i Sogn

Sigrid drøymer ikkje om å bli sjef eller tene gode pengar. Ho vil gå etter det som er gøy, for det er då det blir bra.

Framtidsfylket si faste spalte Karriereprat blir levert av unge menneske som bur og jobbar i Vestland med ei historie å fortelje. Sigrid Skjerdal (30) er rådgivar i Sogn Næring og bur i Sogndal. Ho skriv månadens Karriereprat.

Eg har i grunn aldri hatt karriereambisjonar. Eg har aldri drøymt om å vere sjef, eller tene masse pengar. Som liten ville eg jobbe i butikk, for pipelyden i kassa var så artig. Eller frisør, for det lukta så godt på frisørsalongen. Og eg skulle bu i Bergen ein gong, for eg har alltid hatt utferdstrong, og Byen med stor B var så langt mi verd strakk seg, og omtrent så annleis som mi vesle heimbygd Aurland eg kunne tenke meg.

Kjem frå der heile verda reiser

Sigrid Skjerdal heiter eg. Og ja, eg kjem frå Skjerdal, i Aurland. Ein nydeleg plass i verda, som heile verda reiser til for å oppleve. Eg er lokalpatriot til beinet. No er det vel meir sognapatriot enn aurlandspatriot eg identifiserer meg som. For eg bur i Sogndal, saman med kjærasten min, i det som på papiret er ein einebustad, men i praksis er ei leilegheit på ein garasje.

Møter dei med knallgode idear

Til dagen er eg rådgivar i Sogn Næring, næringsselskapet til Sogndal kommune. Vi er så heldige at vi får treffe driftige folk med utviklingstrong, lage møteplassar for næringslivet og jobbe med spennande prosjekt på vegne av offentlege og private aktørar. Det kjekkaste er å treffe gründerar med nyvinnande idéar, som er klare til å kaste seg ut i ukjent landskap fordi dei har ein knallgod idé som dei har trua på. Spesielt kjekt er det å sjå innovasjonen som skjer på mat og drikke i regionen, med sider- og vinprodusentar som er på veg til å sparke inn døra i marknaden.

Sogn næring

Kollegaer: Personaltur med Sogn Næring på Tjugatoten i Balestrand.

Balestrand

God stemning: Sogn Næring på ferjetur frå Balestrand.

Ser tilbake på tilfeldige skispor

No er eg fylt 30 år, og då tenker eg det er lov å stoppe opp eit sekund, kikke bakover og tenke «korleis i alle dagar var eg så heldig at eg enda opp her». Når eg ser tilbake på skisporet mitt, så følger det tilsynelatande ei ganske tilfeldig rute. Frå folkehøgskule i Molde, til journalistikk-utdanning i Volda, til NRK i Bergen og Sogndal, til HVL og natur- og opplevingsbasert reiseliv, til å bli festivalsjef for Vinjerock (Noregs høgstliggande musikkfestival på 1060 moh), ein pitstop innom Sogn Avis og til slutt til Sogn Næring.

Reiselivet i heimbygda opna tidlege dører

Om eg skal sjølvreflektere litt, så er det nokre ting som heilt tydeleg førte skisporet fram til jobben eg trivst så godt med i dag, akkurat i Sogndal. Som eg nemnte innleiingsvis, har eg få ambisjonar, men eg likar å jobbe. Vi som var ungar i turistmetropolen Aurland (Flåm, Aurlandsdalen, Nærøyfjorden, du veit) fekk prøve oss i arbeidslivet frå vi som sjarmerande småungar selde vaflar til godtruande turistar eller jobba i slåtten heime, til vi seinare fekk sommarjobb hos dei råflinke folka i reiselivet. Det at proffane i reiselivsbransjen opnar døra for lokale håpefulle, er så utruleg avgjerande for å skape framtidas arbeidstakarar. Og det er dei gode på i Aurland. Erfaring nummer éin: det lønar seg å vere arbeidsam.

Leia livets festival gjennom pandemi og drit

Den andre faktoren som har ført meg heim til Sogn, er at eg likar ting som er gøy. Eg valde journalistikk fordi eg likar å skrive, og det opna døra til spennande jobbar i krinken og lokalpressa, der eg fekk uvurderleg erfaring og kjennskap til lokalsamfunnet mitt. Eg synest festival er livets oppfinning, og engasjerte meg som frivillig i Vinjerock. Det gjorde at eg som 26-åring fekk vera leiar for fem tilsette, ein frivillig stab på 30, og leie ei verksemd gjennom pandemi og drit – og ut på den andre sida. Det er ikkje skryt til meg sjølv, men til eit framoverlena styre som turte å gi eit stort ansvar til ein ung og uerfaren pjokk i den ringe alder av 26 år. Erfaring nummer to: Det lønar seg å gjere ting som er gøy, og engasjere seg.

Tok pause i arbeidslivet for å studere reiselivet

Dessutan er eg nysgjerrig. Det førte meg inn på journalistikken i si tid, men gjorde også at eg tok ein pause frå arbeidslivet for å studere reiseliv. Det er så mykje å lære, og det å søke kunnskap og erfaringar frå andre folk er heilt avgjerande i alle yrke, trur eg. Så det var erfaring nummer tre: Det nyttar alltid å vere nyfiken – det finst folk som kan masse om det du lurer på.

Utferdstrong førte til heimferdstrong

Tilbake til utferdstrongen. Den som enda med heimferdstrong. Gjennom studia mine var eg så heldig å ha to periodar med utveksling. Ein tur til Sør-Amerika og Nicaragua, og ein tur til Skottland. Eg har også fått jobbe både i byn (Bergen var ikkje for meg likevel), og i Valdres. Det å farte litt, teste ulike måtar å leve på, møte ulike kulturar og menneske, har gjort det enda tydelegare korleis eg vil leve livet mitt. Eg vil ha naturen utanfor døra, og bu i eit samfunn der det er kort veg frå idè til gjennomføring, og der eg har turkameratar på hurtigtast.

"Eg vil ha naturen utanfor døra"

Jostedalen snøbrett

Foto: Vidar Bloom Kauppi.

Kort veg til kjekke folk og kjekke aktivitetar

I Sogndal er det kort veg til skog, fjord og fjell, og enda kortare veg til folk som vil bli med å finne på noko kjekt der ute. Det er sjukt mange gode festivalar i Sogn, der er vi faktisk ordentleg gode. Det er ei god kjensle å vere ein del av eit samfunn der mange vil bu, og det er Sogndal. Det er så utruleg mykje som rører seg i heile regionen, og eg er utruleg spent på åra som kjem. Det einaste eg saknar er meir kultur-gøy gjennom året, konsertar som eg vil høyre og dansegolv som passar meg, men det kjem. Det er jo berre å engasjere seg, tenker eg.

Kaupangerskogen

Fritid i Sogn: Tur med venner på Kaupangerskogen.

Eit postskriptum om å gå etter gøy

PS: Lista eg fekk frå Framtidsfylket med spørsmål eg skulle svare ut, har eg sklidd heilt vekk frå. Eitt av dei siste spørsmåla på lista var kva mål eg har for karrieren vidare. Etter denne sjølvrefleksjonen reviderer eg svaret mitt om karriereambisjonar: Eg har ambisjonar om å bidra til å utvikle Sogn for framtida. Og eg har store ambisjonar om å ha det enda meir gøy, for all erfaring så langt i mitt 30 år lange liv tilseier at om ein går etter «gøy», finn ein ting som er bra.

Fleire saker