Karriere i Sunnfjord

Nyheiter

Den berømte balansen

Lina og Daniel fann ingen gode grunnar til å flytte til Sunnfjord. Etter fem år ser dei ingen gode grunnar til å reise.

Lina Sophie Gumprecht (29) og Daniel Schäle (31) har nettopp landa i sofaen etter ein lang arbeidsdag. Frå høgtalarane strøymer det behageleg musikk, og lukta av duftlys og ting som spirer og gror i vindaugskarmen blandar seg.

Han er i siste innspurten på ei doktorgrad ved Høgskulen på Vestlandet, ho har fulle kundelister som frisør hos Grow Frisør og Barber. Med panoramautsikt til Heilefjellet og Førdefjorden, er det godt å komme heim til det vesle huset i sjøkanten.

Men korleis i alle dagar enda det tyske paret her, langs fjorden i bygda Naustdal?

– Ja, det kan du seie, humrar Daniel, og Lina skyt lattermildt inn: 

– Det er ikkje den enklaste plassen å google seg fram til.

Ønska seg eit eventyr

Dei visste at dei ville bu ein annan plass enn Tyskland. I alle fall for nokre år. Eit eventyr, kalla dei det. Kva land dei hamna i var ikkje så nøye, men Skandinavia låg høgt på ønskelista. Han var ferdig med master i teknologi- og ingeniørfag og leita etter stipendiatstillingar, ho hadde meisterbrev som frisør.

– Vi såg på land som hadde relevante stipendiatstillingar, men også gode vilkår for frisørar. I tillegg ønska vi oss fin og tilgjengeleg natur, seier paret, etter å ha budd dei siste åra sentralt i storbyen Lübeck.

Etter kvart snevra søket seg inn til Norge, og til slutt stod det mellom Trondheim og Førde.

Ana ikkje kva som venta

– Eg søkte på stipendiatstillingar blant anna ved NTNU i Trondheim og ved HVL i Førde. Trondheim var det enkelt å finne informasjon om, Førde var meir krevjande å google, seier Daniel.

– Vi sleit med å finne gode grunnar til å flytte til Sunnfjord. Ikkje fordi det ikkje finst, men fordi det var lite informasjon tilgjengeleg. Vi hadde inga aning om kva som venta der, forklarar Lina.

Eit lite hus med plass til to

Til slutt fall valet likevel på Førde. Ein tilsett ved HVL var ivrig på å rekruttere Daniel som doktorstipendiat i robotikk, og for han var det avgjerande. Frisørsalongar var det flust i.

– Ja, det var lett å google seg fram til, ler Lina.

Eit lite hus med plass til to dukka også opp.

– Vi fann eit hus på Finn, femten minutt frå Førde. Det låg perfekt til ved fjorden, med hage og nydeleg utsikt, og når vi først skulle bu i Norge, var det akkurat slik vi drøymte om å bu, smiler dei og ser på fjorden utanfor vindauget.

Hus

Her bur vi: Det vesle huset ved fjorden var alt dei drøymte om.

Tysk par

Sommar i Sunnfjord: Livet er godt når ein kan gå i shorts på Vestlandet.

Tek-miljø i verdsklasse

Livet i Sunnfjord skulle by på fleire positive overraskingar. Daniel vart fort imponert over det vesle forskingsmiljøet ved HVL i Førde:

– Du har få kollegaer, men det betyr at du blir betre kjent med folk, har god oversikt og kan vere med og påverke, seier Daniel, som forskar på samhandling mellom robotar og menneske og har fast undervisningsstilling ved HVL.

– Vi har faktisk ein av dei best utstyrte robotikklabane i Norge. Teknologien vi har tilgjengeleg er i verdsklasse. Det er ikkje mange som veit at vi har ein high-tech lab i vesle Førde, og som student har du tilgang til topp utstyr – og folk, gliser han.

Fulle kundelister– betre tid

Lina trivst godt som frisør for sunnfjordingane, og seier at ho utviklar seg kvar dag hos Grow Frisør & Barber i Førde.

– Eg har fått sjansen til å utvikle meg i faget og å utøve ulike teknikkar her, fordi eg har betre tid med kundane. I Tyskland er det billegare å gå til frisør, noko som betyr at eg har meir tidspress på meg og mindre rom for fagleg utvikling.

Etter kvart som ryktet om den flinke frisøren frå Tyskland begynte å gå i Sunnfjord, vart kundelistene fort fulle.

– Det er ein liten stad. Folk snakkar, seier ho audmjukt og gir litt av æra til sosiale medium.

– Eg begynte tidleg å legge ut arbeidet mitt på sosiale medium. Det er ein god kanal for å skaffe kundar.

I starten var språket ei utfordring, men Lina lærte norsk fort, og i dag går praten med kundane.

– Eg føler meg velkommen og har veldig hyggelege kundar, smiler ho.

Dei fantastiske fjella

For dei som følger Lina på Instagram, vil ein fort oppdage at ho også har vore på fleire fjelltoppar enn den gjennomsnittlege vestlendingen. Ein ny hobby fart fødd då dei flytta til Norge.

– Å gå på fjellet? Det er heilt nytt for oss, ler dei, og fortel at dei er fullstendig hekta:

– Vi brukar stort sett helgene på å oppleve nye område og toppar. Av og til køyrer vi berre rundt for å bli kjent, andre gongar har vi peika oss ut ein ny topp, seier Lina og røper at dei allereie har forsert både Blegja og Lundeskaret.

– Steinkorsen i Naustdal er vår heimtur, så den går vi ofte etter jobb.

Og kvifor er dei så hekta?

– Det er kombinasjonen av å oppleve dei fantastiske vestlandsfjella med følelsen du får når du går inn etter ein lang dag ute, tar deg ein dusj, lagar noko godt å ete. Det er vel ingenting som slår den, seier Lina og sukkar tilfreds.

"Ingenting slår kjensla av ein fjelltur"

Fjelltur

Haustar av livet

I hagen utanfor står det rader med plantekassar, i vindauga står det krukker som det spirer og gror i i vårsola. Ein båt fylt av fiskeutstyr er fortøydd i berga nedanfor huset.

– Endå ein ny hobby, seier dei, og fortel at dei både dyrkar eigne grønsaker, haustar bær, fiskar, syltar og saftar til eige hushald. I kjellaren har dei ein liten verkstad der Daniel lagar ulike handverk av tre.

– Nok ein godfølelse, smiler dei, og seier at dei har funne ein nydeleg balanse mellom jobb og fritid.

– Hagearbeid er som mindfullness. No drøymer eg om eit drivhus, seier Lina.

Fiske i Førdefjorden

Daniel er glad i å fiske, og minst to gongar i veka et dei eigenfiska sjømat.

Dyrke i Sunnfjord

Paret har stor glede av å hauste frå naturen, og hagen er godt utnytta til dyrking av grønsaker.

Settled sunnfjording

Det er ingen tvil om at paret frå Tyskland lever det gode liv i Sunnfjord. Men kva med sunnfjordingane, har dei klart å komme innpå dei? Daniel og Lina ser på kvarandre, så trekker Daniel pusten:

– Det er ikkje berre enkelt, seier han:

–Sunnfjordingar på vår alder er veldig «settled» med barn, familie og forpliktingar. Dei har ikkje alltid tid til å gå på fest i helgene eller bli kjent med nye venner. Og så er dei sjølvstendige og organiserte. Dei treng liksom ikkje hjelp av oss til noko, og då blir det ikkje så mange naturlege kontaktpunkt.

Lina er rask til å skyte inn:

– Men vi har fått venner, altså. Eg er faktisk fadder på ein liten gut i Førde, sonen til eit vennepar av oss, seier ho stolt.

– Og eg har mange gode kollegaer rundt meg, legg Daniel til.

Tysk par

– Sunnfjordingane kan vere litt vanskelege å komme innpå, fortel Lina og Daniel. Heldigvis har dei kvarandre.

Den gode nabo

Plutseleg smiler dei breitt og ser på kvarandre.

– Og så er det han naboen du snakkar litt med, seier Lina, og Daniel fortel:

– Eg trengte hjelp til å sette ut båten og banka på hos ein nabo. Det viste seg at han var ein ivrig fiskar og tidlegare sjømann, og sjølvsagt kunne og ville han hjelpe. Han inviterte oss straks inn på kaffi, smiler Daniel og legg til:

– Berre vi tek kontakt, opplever eg sunnfjordingane som gjestfrie og vennlege. Men det må liksom vere ein grunn, og ikkje berre: Hei, skal vi bli venner, flirer han.

Etter fem år i Sunnfjord ser dei ingen grunn til å reise igjen. Når vi er i ferd med å avslutte intervjuet, spør Daniel:

Doktorgrad med utsyn til Heilefjellet

– Kva var det du jobba med igjen?

Eg forklarar at Framtidsfylket jobbar på oppdrag for arbeidsgivarane i Vestland med mål om å kommunisere arbeidslivet i fylket og å rekruttere nye folk.

– Då MÅ du kommunisere naturen. Eller vent, kombinasjonen av naturen og arbeidsmarknaden. Altså, her sit eg og ser på Heilefjellet samtidig som eg tar ei doktorgrad. Den miksen er heilt unik. Om de vil framheve bylivet trur eg de har små sjansar, men om de får fram at her kan du til dømes jobbe i den superspennande bedrifta Tibber og gå rett på topptur etter jobb. Det hadde fått meg til å flytte til Vestlandet, smiler han.

– Men det var berre mi meining.

Det er notert.

skitur

Skitur er nok ein ny hobby for det tyske paret.

Førdefjorden

Når du er næraste nabo til Førdefjorden, er det fort gjort med ein båttur.

Finn ledig jobb i Vestland

Fleire saker