Nordfjordakademiet

Foto: Ole Eltvik

Nyheiter

Anders vart lokka av god stemning

Ein reklameplakat, ein kjæraste, ein telefon og ei god stemning var med på å sette kursen for Anders.

Anders Lødemel er 41 år, har 2 gutar på 5 og 7 år og er sambuar med Alexandra. Han er fødd og oppvaksen i Hornindal og flytta tilbake dit for 6 år sidan. I dag jobbar han fulltid i Nordfjordakademiet for å få andre til å gjere det same. Han skriv månadens Karriereprat.

Kjærasten endra Anders sine planar om NTNU

Allereie som tiandeklassing vart ideen om å gå på NTNU tent. Vegen vart difor kort til Stryn VGS med fordjupning i matte, fysikk og kjemi. Men det vart fort endring i planane etter vidaregåande. Eg hadde fått meg ein kjærast som skulle tilbake til USA etter eit år på folkehøgskule i Ørsta, og eg bestemte eg meg for å bli med og gå på Rasmussen College i St. Cloud, Minnesota og studere Information System Management og Network Support i 2 år.

Brevet frå Forsvaret

Det vart to fantastiske år i USA, men eit brev frå Forsvaret om førstegongsteneste sendte meg heim til Norge og Hans Majestet Kongens Garde. Dette vart starten på min andre omveg, for det viste seg at eg likte godt å vere i Forsvaret. Eg bestemte meg for å ta utdanning i løpet av førstegongstenesta og bli sersjant. Av over 50 søkarar var eg ein av fem som vart tatt opp!

Reklameplakat set kursen

Det var stor stas, og eg enda opp med å ta endå eit år som fenrik etter at sersjantåret var omme. Men då kjende eg at eg var litt lei. Anten måtte eg gå vidare på Krigsskulen eller avslutte forsvarskarrieren og hoppe over til det sivile. Ein dag eg sat på trikken, såg eg ein reklameplakat for NTNU: "Hvor går veien videre?». Der la eg merke til linja "Industriell økonomi og teknologiledelse". Med to års leiarerfaring frå Forsvaret - kvifor ikkje byggje vidare på dette med leiing på NTNU?

Brå overgang og plass på volleyballaget

Overgangen frå militæret til NTNU var brå, men det gjekk seg heldigvis til. Litt etter litt fann eg meg til rette som student, og eg fekk sjansen til å ta opp att volleyball-karrieren frå Hornindal med 1. divisjonsspel i Trondheim for NTNUI. Det er noko eg kan anbefale til alle som flyttar til ein ny stad: Har du ei interesse eller hobby, er det ein veldig god inngong til å få nye vener.

Skitur Nordfjord

Anders Lødemel har levert månadens Karriereprat.

Feil inntrykk av Framtidsfylket

Etter 5 år i Trondheim gjekk turen vidare til Oslo. Eg hugsar at eg deltok på Framtidsfylket karrieremesse, men at eg gjekk derifrå med inntrykk av at om eg skulle flytte heim til Hornindal, måtte eg anten jobbe innan bank eller kraft - og at ingen av dei bransjane var aktuelle for meg.

I ettertid ser eg at eg tok feil om både kva typar jobbar som finst og at eg veldig gjerne kunne ha jobba innan bank eller kraft. Men turen gjekk til Oslo og jobb som konsulent innan business intelligence.

Jobbar du med data?

Ein maidag i 2016 fekk eg melding frå ein kompis frå Hornindal: «Jobbar du med data?». Det kunne eg stadfeste, men eg var veldig usikker på kva han meinte og sendte han vidare til LinkedIn-profilen min. Lang historie kort: Eg fekk eit jobbtilbod, og då sambuaren min ymta om at vi burde flytte frå Sagene og nærare Nord- eller Austmarka, kontra eg med: Kva med å flytte til Hornindal? Romjula 2016 var vi på plass i Hornindal, og Alexandra, som er sjukepleiar, trengte ikkje leite lenge etter jobb.

Eg starta som prosjektleiar for Munikum – eit verktøy som skulle hjelpe kommunetilsette å samhandle internt og på tvers av kommunar. Eit svært spennande prosjekt mellom fire kommunar med arbeidsplass på Nordfjordeid.

Familie i Nordfjord

Etter at familien flytta til Nordfjord har dei begynt å stå på nedoverski – og diggar det.

Fanga opp god stemning

Då bilen min skulle på verkstad i Stryn, ordna min gamle klassekamerat, Tonje Bjerkan, kontorplass hos Nordfjordakademiet. Eg fanga opp ei god stemning på kontoret, som dei deler med Nordfjord Opplæringskontor, og då det dukka opp ei ledig stilling som Nordfjordpioner hos dei, enda det med at eg søkte. Jobben vart min, og eg har ikkje angra eit sekund sidan!

Alle bedrifter treng flinke folk

I Nordfjordakademiet får eg jobbe med alt mogleg, men noko av det som er mest spennande, er å hjelpe folk som vil flytte til Nordfjord med å finne ein jobb. Når nokon tar kontakt, tar vi ein prat for å finne ut kva personen vil jobbe med. Vidare kjem eg med tips om bedrifter og personar kandidaten bør prate med. Det et som er litt fasinerande, er at mange får jobb når dei tar kontakt med ei bedrift – utan at bedrifta har ledig stilling. Men som vi brukar å seie: Alle bedrifter treng flinke folk, og då er det utruleg kva moglegheiter som dukkar opp når ein tek kontakt.

"Eg rekk ikkje over alle fritidsaktivitetane"

Anders på ski

Det går opp og det går ned!

Nytt av året er at eg har begynt å stå på nedoverski på Hornindal Skisenter og vore på min første topptur. Dei som følger meg på Instagram har nok fått med seg det 😊 Dette er kanskje noko av det beste med å flytte til Hornindal og Nordfjord - friluftsaktivitetane er både fysisk og psykisk veldig nærme. Vi har kjøpt hengekøyer til heile gjengen, og no som vi har pakka vekk slalåmskia, planlegg vi første hengekøyeturen for i år. Trur kanskje det blir allereie denne veka.

Konklusjon: Jobben er superspennande, fritidsaktivitetane for mange til å få med seg alle. Utfordringa ligg i å balansere jobb og fritid.

Med Nordfjord som boltreplass har heile familien det heilt fantastisk! Ta kontakt om du også vil til Nordfjord :)

Hengekøye Vestland

Luksusliv i Nordfjord: Når skia er pakka vekk, er det på tide å finne fram hengekøyene.

Fleire saker