Sogn næring

Nyheiter

FUS for framtida

Er fleksible kontorfellesskap framtida for distriktet? Stian Hofslundsengen og Line Bjelde er overtydde om at dei gjer bygdene meir attraktive.

Dei jobbar begge med å administrere og marknadsføre arbeidsfellesskapet FUS gjennom Sogn næring. Det som starta som eit grunderkontor på campus i Sogndal, er no blitt til kontorfellesskap i Leikanger, Vik, Sogndal, Kaupanger og Lærdal. Men kva er det som gjer denne modellen så attraktiv?

– Du får ikkje berre ein kontorplass i eit moderne lokale, du får også eit sosialt og fagleg nettverk. Mange synest det er hyggelegare å sitte i eit ope kontorlandskap enn på heimekontor eller åleine på eit cellekontor, forklarar Line.

Kvalitetskontor

Alle kontora til FUS skal ha høg kvalitet på fasilitetane. Det er eit krav for å kalle seg FUS-kontor. Kontorlandskapa skal vere moderne og flotte, du skal ha tilgang på møterom og stillerom, mingleplass og fellesareal, og det skal ligge til rette for å arrangere kurs, event og nettverksarrangement.

– Også booking- og faktureringssystemet skal fungere saumlaust, anten du har behov for å sitte her ein dag, ei veke eller fast. Alle kontora skal ha same gode kvaliteten, seier Stian.

FUS
Grunder Sogndal

Det viktige nettverket

Han understrekar verdien av FUS som møteplass:

– Nettverka som blir danna her er viktige. Her møtast kommunalt tilsette, privat næringsliv, gründerar, ulike fagmiljø og verkemiddelapparat. Ut av den miksen kan det bli skapt mykje bra. Ikkje berre sosialt, men også nye samarbeid og idear.

Distriktsutvikling i praksis

Dei er begge overtydde om at arbeidsfellesskapa fungerer som eit utviklingsverktøy for distrikta:

– Dei gjer lokalsamfunna meir attraktive. Kanskje jobbar du aleine, remote eller bur langt frå arbeidsplassen din. Kanskje saknar du eit bransjenettverk? Då kan FUS-kontoret i bygda di vere løysinga, og du får ein meir sosial arbeidskvardag, forklarar dei.

Ingen av dei trur dette er heile løysinga, men at distrikta bør ha slike tilbod på plass. Det kan både tiltrekke seg folk og gjere det meir attraktivt å bli buande.

Stel ein remotearbeidar

– Det blir lettare å kome i kontakt med lokalmiljøet og skape seg eit nettverk. Vi har døme på folk som flyttar til Sogn for å jobbe remote, altså tek med seg arbeidsplassen til bygda og leiger kontor på FUS. Etter kvart kjem dei i kontakt med lokale bedrifter og blir attraktive for dei, seier Line.

– Ja, og då er det høve for lokale bedrifter å stele remote-arbeidarane, smiler Stian lurt.

Ikkje åleine

Ein annan viktig faktor er faglege nettverk i distrikta:

– Mange jobbar åleine i rolla si i bedrifta, men om dei veit det finst faglege nettverk i nærmiljøet, er det kanskje lettare å takke ja til jobben. FUS kan vere eit møtepunkt for dei ulike fagfelta.

Det blir også arrangert felles sommarfestar, julebord, temakveldar, turneringar og lunsj med påfyll for FUS-nettverket.

– Folk tar initiativ til alt frå kubb-turnering til fredagspils. Slike initiativ og at folk deltar i fellesskapet er svært viktig for at FUS skal fungere, seier Line.

Bygger merkevara

No jobbar dei med å bygge merkevara til FUS og at fleire skal få kjennskap til konseptet.

– Det er enno mange som ikkje veit kva FUS er eller kven det er for. Framover vil vi bruke tid og ressursar til å bygge merkevare rundt konseptet, og vi spelar gjerne på lag med andre ting som skjer rundt i bygdene.

Heilt konkret kan dei til dømes tilby kombinasjonen kontorplass og inngangsbillett til Vite Meir når skular i Sogn har elevfri dag 4. november.

– Mor og far får kontorplass på FUS på Kaupanger, medan ungane får billett til Vitensenteret i Sogn. Og så kan mor og far bytte ved lunsj, smiler dei.

FUS Sogndal

FUS på kontorplass i Sogn

At bedrifter veks seg ut av konseptet ser dei på som ein suksessfaktor:

– Det er eit signal om at dei trivst og får utvikla seg her, avsluttar dei.

Og det står fleire bygder på planen. Kanskje kjem det snart eit FUS-kontor til deg?

Veit du ikkje kva FUS betyr?

FUS - uttrykk som nyttast mellom vener/søsken for å stadfeste førsteretten til noko, den som er førstemann.

Fleire saker