Kvast i Førde

Nyheiter

Kven er Kvast?

Ut frå akademikaren sin karriereveg går det ein liten sti. Langs stien veks dei vakraste blomstrane.

Anja Aga Ramstad har lenge hatt lyst til å utforske den stien. Ei lang akademisk utdanning leia til lærar- og rådgjevarjobbar, men etter mange år i arbeidslivet kom det ein snikande følelse av at ho hadde valt feil:

– Eg skulle gått for noko meir kreativt og praktisk, seier ho tankefullt.

Førde er fint

– Du er frå Førde?

– Ja, eg er frå Førde, svarar ho bestemt på austlandsdialekt.

– Men dialekta...?

– Eg kom hit då eg var ti år og flytta igjen etter vidaregåande. No er eg tilbake.

Ho stryk forsiktig over blomsterbuketten som står på bordet og smiler.

– Er dei ikkje fantastisk fine, seier Anja forelska og held fram ein anemone i ein vakker mørk burgunder farge.

Etter mange år i Oslo og på Eidsvoll hadde Anja og mannen begge tenkt at Førde, det er fint. Dei ønska seg noko meir landleg og fritt, og i 2018 flytta dei til Angedalen.

Eit annleis tilbod

– Her er det stille, fredeleg og trygt. Om vi vil kan vi ta turen til Oslo – og så heim igjen, smiler ho lurt.

Rommet er fylt med lukta av friske blomstrar. Buketten på bordet framfor oss har noko vilt og tilfeldig over seg. Dette er ein bukett Sunnfjord ikkje har sett liknande til før, og det er nettopp det ho får av tilbakemeldingar:

– Annleis, seier dei som har handla av Anja.

Men tilbake til businessen. For det er vel det er vel business det handlar om når ein startar eit einmannsforetak og handlar frå grossist for å selje blomsterbukettar?

Anja rynkar på nasen.

– Mja.

Kvast Førde
Kvast Førde

Stupte inn i blomsterverda

Det er tydeleg at ho ikkje er heilt der enno. Ved årsskiftet gjekk kontrakten som rådgjevar på NAV ut, og det var då ho bestemte seg.

– Eg tenkte: Greitt, no gjer eg det. Eg ville finne ut korleis det er å gjere noko som berre er for meg, noko eg likar. Valet fall på blomstrar, og det viste seg at eg likte det veldig godt.

Ho skildrar det å sette saman blomsterbukettar som eit kunstnarleg uttrykk.

– Eg trur eg alltid har likt blomstrar, men at mitt estetiske uttrykk skulle komme gjennom dei, det hadde eg ikkje trudd, seier ho tankefullt, og nok ein gong rettar ho på blomsterbuketten på bordet.

– Då eg stupte inn i blomsterverda, så viste det seg at det finst mange typar uttrykk. Blomstrar kan vere alt du vil det skal vere. Det er som kunst!

"Blomstrar kan vere alt du vil det skal vere"

Kvast Anja

Blomsterstudio

Ho er framleis heilt i startfasen, og ord som forretningside og marknadsføring passar ikkje heilt inn hos ei kunstnarsjel.

– Akkurat no vil eg seie at det er meir på hobbybasis. Men på sikt ønsker eg å jobbe med blomstrar på heiltid, seier ho og rettar på underteikna når eg kallar forretninga for blomsterbutikk:

– Eg har berre eit lite blomsterstudio i ein kald kjellar i Angedalen. Det er der eg jobbar, smiler ho.

Dei som veit, veit

Nokre tankar har ho likevel gjort seg om framtida og det ho håpar kan bli eit levebrød:

– Blomstrar er dyrt. Det er ei luksusvare. Jobben min blir å finne dei som ser verdien av kva ein vakker blomsterbukett kan tilføre heimen. Ein annan ting eg drøymer om er å få dekorere bryllaup og event med blomstrar. Det hadde vore utruleg gøy å få hoppe inn i den bransjen.

På spørsmål om kva ho kan tilføre Sunnfjord, må ho tenke lenge.

– Det er vel noko annleis. Ein blomsterbukett i hagestil, laga med kjærleik. Ein kvast som Sunnfjord ikkje har sett før?

Her kan du følge Anja sin blomstersti på Instagram:

@_kvast

Fleire saker