Anine bråten Ullensvang kommune

Nyheiter

Hadde aldri vore i Odda før – takka ja til fast jobb halvvegs i traineeåret

Tekst: Solveig Bjørhovde Rindal

Foto: Privat

Friluftslivet og ei spennande traineestilling trakk Anine Bråten til Ullensvang. No ser ho for seg å bli verande.

27-åringen kjem opphaveleg frå Kongsvinger og har ein master i økonomi og administrasjon. Då ho starta som trainee i Ullensvang kommune i fjor haust, såg ho fram til å lære mykje nytt, møte nye menneske og utforske naturen på Vestlandet. Vi ringer ho opp for å høyre om det så langt har stått til forventningane.

Full klaff i Ullensvang

Korleis er livet i Odda, Anine?

– Det går veldig bra! Noko av det som trakk meg hit er friluftslivet. Eg er glad i å gå på tur og vere ute i naturen, og Ullensvang er ein flott stad for det. Så har eg blitt kjent med folk, og eg får interessante oppgåver på jobb, fortel ho entusiastisk gjennom teams-ruta.

Det må vel kunne kallast full klaff. Når Framtidsfylket slår på tråden til Anine har ho akkurat kome igjen frå ei veke på kurs i offentlege anskaffingar på Gardermoen. Dette var i utgangspunktet ikkje med i stillingsinstruksen då ho vart tilsett, men noko ho ikkje nølte med å takke ja til då moglegheita baud seg.

– Endå eg ikkje i utgangspunktet skulle jobbe med anskaffingar, er det utruleg kjekt å få den moglegheita. Eg lærer mykje og har allereie køyrt anskaffingar der det er eg som har hatt ansvaret, seier ho.

anine i odda ved sjøen

Ullensvang byr på mange flotte naturopplevingar.

anine fjelltur trolltunga

Foto: Privat

Kan det ha å gjere med at ho jobbar i ein mindre kommune, der det er enklare å få ansvar og utvikling? Ja, det trur ho. Men også at Ullensvang kommune har tatt eit val om å satse på henne som nytilsett.

– Eg føler eg blir satsa på og at eg får sjå mykje av det som skjer i ei kommune. I større kommuner jobbar du kanskje med éin ting og blir skikkeleg god på det, mens her får eg innsikt i mange oppgåver. Eg får rett og slett lære og gjere meir av alt.

Tidleg tilbod om fast jobb

Det vanlege når du er trainee er gjerne at du fullfører størsteparten av traineeåret før du eventuelt får tilbod om fast tilsetting. Anine fekk imidlertid tilbodet allereie ved nyttår, mindre enn eit halvt år etter ho starta som trainee. Når vi snakkar med henne i mars har ho altså allereie vore fast tilsett i tre månadar.

– Det skjedde tidlegare enn venta og var ei positiv overrasking. Eg hadde sjølvsagt lyst til å fortsette i jobben, og i tillegg får eg fortsette i traineeprogrammet ut året. Eg får framleis god oppfølging og det er alltid nokon eg kan spørje om det er noko, fortel ho.

Anine bråten

Anine Bråten trivast godt på økonomiavdelinga i Ullensvang kommune. Foto: Privat

No som ho har fått fast stilling, ser ho for seg å bli lenger enn om det berre hadde vore med traineeåret.

– Framover skal eg fortsette å gå på sertifiseringskurs i offentlege anskaffingar og lære så mykje som mogleg. Eg vil bli god på dei arbeidsoppgåvene eg har fått, gå mykje på tur og fortsette å utforske Ullensvang, seier ho med eit smil.

Får sjå og oppleve Vestland

Nyleg var traineeane i Framtidsfylket på samling i Sogndal. Det var nummer tre av i alt fem traineesamlingar der målet er å knyte nettverk, oppleve fagleg og personleg utvikling og bli kjent med større delar av fylket. Dette synest Anine har vore veldig positive opplevingar.

– Eg som ikkje har vore så mykje på Vestlandet før får jo sjå og oppleve veldig mykje. Eg vart positivt overraska over Sogndal – det var ein flott stad og vi fekk møte mykje interessante aktørar slik som til dømes Innovasjon Noreg Vestland.

innovasjon norge traineesamling

Traineeane møtte Innovasjon Noreg i Sogndal og fekk ein workshop i leiing og bærekraft.

traineesamling sogndal

På traineesamling står både det faglege og det sosiale i fokus.

Ho synest samlingane har ei fin miks av det faglege og det sosiale.

– Dette er jo ting eg ikkje hadde funne på sjølv, hadde eg ikkje vore med i traineeprogrammet. Vi får eit fint første år i arbeidslivet og det er supert å få det innslaget av andre ting i tillegg til jobb som gjer at ein utviklar seg, seier ho.

Heilt til slutt: Kan vi få dine beste tips til framtidige traineear?

  • Ver nysgjerrig og interessert. Du kan gjere mykje viss du vil. Så er det jo slik at når du er trainee så er det ikkje forventa at du skal kunne alt frå før. Som trainee kan du få med deg mykje som er relevant uansett om du ønsker å bli her eller gå vidare etterpå.
  • Reis på traineesamlingar og møt andre i same situasjon. Diskuter dei problemstillingane som er felles for dykk alle. Du får eit nettverk på Vestlandet som du kan bruke seinare.
  • Når ein flyttar til ein liten stad må ein prøve litt forskjellige ting. Ver sosial på fritida og sei ja til ting når dei dukkar opp!

Vil du få nyheiter om arbeidslivet i Vestland? Meld deg på nyheitsbrev.

Fleire saker