Ledige jobbar i mai

Nyheiter

Ser du noko som fristar?

Søker du ny jobb no, kan du møte opp til første arbeidsdag etter sommaren. Proppfull av D-vitamin og ny energi. Digg, hæ?

Highsoft søker folk

Highsoft utviklar JavaScript, og har fleire av verdas største føretak på kundelista. Kor kult er ikkje det? Om du vil jobbe internasjonalt frå ei bygd omringa av verdas finaste natur, bør du ta ein kikk på desse stillingane.

For deg som likar å jobbe med sal og kunderelasjonar:

Customer Success Associate i Highsoft

I tillegg søker dei etter ein serverhviskar, som dei kallar det så fint. Kort fortalt, ein som skal jobbe med drift av deira AWS-løysingar og interne system:
Serverhviskar i Highsoft

Lerum søker prosjektleiar for nye produkt

Å, denne stillinga er jo like god som nylaga jordbærsyltetøy.
Tenk å få ha ansvar frå prosessen frå ide til ferdig produkt hos ei av dei sterkaste merkevarene i landet?

Produktleiar for nye produkt

Visit Fjordkysten

Foto: Visit Fjordkysten

Visit Fjordkysten og Sunnfjord AS søker produktsjef

Berekraft + reisemålsutvikling = deg?
Reiselivsselskapa ser etter deg som kan løfte og utvikle reiselivsdestinasjonen på ein berekraftig måte. Har du lyst til å sette i gong nye opplevingar, reiseruter og konsept i Solund, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Kinn og Sunnfjord? I så fall bør du sende inn ein søknad.

Produktsjef i Visit Fjordkysten og Sunnfjord AS

Dei søker også etter sal- og marknadssjef

For deg som er glad i fine fotomotiv, må dette vere ein unik moglegheit. Her får ein marknadsføre noko av den finaste naturen landet har å by på. Målet er å trekke turistar frå alle verdens kantar, så her må engelsken sitte.

Sal- og marknadssjef for Visit Fjordkysten og Sunnfjord AS

Tibber

Foto: Photoevent

Tibber søker flinke folk

Det digitale straumselskapet er eit av dei mest voksande selskapa i landet, og får stadig utmerkelsar og prisar for sine innovative løysingar. Dei er også kjent for eit ungt og godt arbeidsmiljø. Rett og slett ein kul arbeidsplass! Vil du bli ein del av gjengen?

Sparebanken Sogn og Fjordane søker forsikringsrådgjevar

Har du stor interesse for sal og produktformidling? Då bør du søke deg til Sparebanken Sogn og Fjordane! Dei er ute etter ein forsikringsrådgjevar for både bedrifts- og privatkundar.
Banken er kjent for å ta godt vare på sine tilsette, og byr på både fleksibel arbeidstid, hybridkontor og medeigarskap i bedrifta.

Forsikringsrådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane

Norconsult har mange ledige jobbar

Norconsult er det største rådgjevarmiljøet innan vatn, avløyp og overvatnshandtering i landet. I selskapet jobbar det alt frå nytilsette til seniorar og dei har fokus på at alle kan lære av kvarandre. Her er det gode moglegheiter for fagleg utvikling og spennande arbeidsoppgåver.

Intin søker salssjef

Smarthusbedrifta har behov for nokon som kan ta selskapet eit steng lengre. Tek du steget, blir du leiar for ein lattermild gjeng som elskar å feire stort og smått. Er du god på sal og glad i menneske, bør du absolutt sjå nærmare på denne stillinga.

Chief Sales Officer hos Intin

Framtidsfylket

Framtidsfylket søker kommunikasjonsrådgjevar

Vi ser etter deg som diggar Vestlandslivet. Målet vårt er å få fleire til å få auga opp for Distrikts-Vestland, og alle moglegheitene som finst her. Vil du hjelpe oss å fortelje verden om det? I så fall bør du sjekke ut stillinga vår. Her er det veldig kjekt å jobbe, vi lovar!
Kommunikasjonsrådgjevar i Framtidsfylket

Evoy søker folk

I Florø lagar dei heilelektriske fritidsbåtar, også kalla "Havets Tesla". Det har balla på seg for Evoy, og no er dei på leit etter fleire flinke folk.

Ikkje for deg? Fortvil ikkje. Det er mange, mange fleire ledige stillingar på nettsida vår!

Sjå fleire ledige stillingar

Fleire saker