Larveriet

Nyheiter

– Vi er laga for å ete insekt

Tekst: Linn Merete Rognø / Apriil

Foto: Invertapro

Snart vil folk ete larvar i både taco og vaflar. Det er i alle fall det Alexander Solstad Ringheim satsar karrieren sin på.

– Folk blir sikkert sjuke av å ete hotdog kvar dag, men det les vi ikkje om i VG. Om nokon et insekt og blir sjuk, derimot, blir det ei stor nyheit, seier Alexander Solstad Ringheim (35).

Sjølv mumsar vossingen mjølbillelarvar som han avlar fram og sel som matprodukt gjennom bedrifta si, Larveriet.

Han trur at dei fleste av oss om nokre år vil ete larvar på lik linje med sushi og kjøttdeig.

Larveriet bugs

Frå slamdyr til delikatesse

Vossingen er klar over at mange synest tanken på å inkludere insekt i kosthaldet sitt er merkeleg.

Realiteten er at insekt er noko av det beste og mest naturlege vi kan ete, meiner han.

– Vi kan samanlikne det med sushi. Før vart det sett på som tabu i den norske kulturen, fordi det var rå fisk og «ekkelt og farleg» å ete. På 1800-talet var hummar fengselsmat og fattigmannsføde, eit slamdyr som ingen ville ete. I dag er det delikatesse.

Gründeren brenn for berekraftig mat. Og den mest berekraftige maten som finst er insekt, meiner han. Ringheim fortel at menneske er genetisk laga for å ete insekt, og at vi har enzym i magen som er til for å berre ete insekt.

– Menneskerasen har jo også ete dette i hundretusenvis av år, legg han til.

Besett av insekt

35-åringen er født på Voss, og vaks opp «alle andre stader». Foreldra hadde jobbar som gjorde at familien flytta mange gongar gjennom barndommen hans. Frå Voss til Oslo, England, Tyskland, til Noreg og tilbake til Tyskland. Som 18-åring flytta Ringheim aleine til Bergen, gjennomførte førstegongstenesta, og etter tre års studiar i Oslo hamna han i ein fjellandsby i Tanzania.

Det var her prosjektet starta i 2015; saman med vener bygde han ein insektfarm.

– Eg vart besett av å jobbe med insekt.

Besettelsen kom frå eit ønske om å jobbe med noko som gav meining for han.

– Og faktisk ein slags angst om å bli ein gammal mann som ikkje er stolt over det eg har brukt livet mitt på, legg han til.

Ringheim brukte eit par veker på å lage ein insekt-bedriftsplan på over hundre sider. Den inneheldt ein perfekt balanse mellom berekraft, sirkulærøkonomi og økonomisk lønsemd.

Etter ei stund returnerte Ringheim til Voss og grunnla firmaet Invertapro, for å produsere dyrefôr av insekt. Men han ville også lage menneskemat av insekt. Så i 2016 grunnla han bedrifta Larveriet, og starta med oppdrett og sal av mjølbillelarvar.

Invertapro

Sprø tekstur og nøttesmak

I produksjonslokala på Voss kravlar millionar av larvar oppi blå kasser. Larvane blir hausta inn når dei er cirka åtte veker gamle, så blir dei avliva skånsamt ved å gå i dvale når dei blir frosne ned.

Av larvane blir det laga «mjølmums»; tørka larvar som passar til det meste av maten du vanlegvis et. Larvane kan du for eksempel mikse inn i smoothien din, i salatar, i pannekaker og ete som pålegg. Eller du kan bruke mjølbillelarvar framfor kjøttdeig i tacoen - ein av Ringheim sine middagsfavorittar.

– Eg testar mjølbillelarvar i nye rettar heile tida, det er veldig godt i vaflar og brød. Mjølbillelarvane har sprø tekstur og ein nøtteaktig smak, fortel han.

Larveriet Voss

Helse- og miljøvenleg mat

Det er fleire stader i verda kor insekt er ein naturleg del av menneska sitt kosthald, mellom anna i Søraust-Asia og Sør-Amerika. Jamfør Larveriet er det på verdensbasis to milliardar menneske som i dag har insekt som ein del av sin kvardagskost.

Men slik er det ikkje i våre trakter. Det er særleg to årsaker til at vi må endre dette, meiner Ringheim.

Nummer ein: Folkehelse.

– Forsking viser at insekt styrker immunforsvaret til dyr og menneske, då dei inneheld antimikrobielle protein som bidreg til styrka tarmhelse.

Mjølmumsane har 49 prosent protein, som er meir enn til dømes i ein biff, og larvane er svært næringsrike.

Nummer to: Miljø.

– Larvar er i særklasse når det kjem til berekraft. Samanlikna med ein kilo biff har ein kilo mjølmums berre åtte prosent så stort fôrbehov, 21 prosent av vatnbehovet, fem prosent av arealbehovet og 16 prosent av drivhusgassutsleppet, seier han.

Lidenskap framfor pengefokus

Ringheim trur at all reisinga og møter med ulike kulturar, har bidrege til hans karriereval.

– Eg såg alt som finst av moglegheiter, møtte haldningar om at det meste kan løysast sjølv om det ikkje er enkelt, seier han.

Å nå eit «uoppnåeleg» mål krev mykje planlegging og eit stressfritt arbeidsmiljø.

Difor passa det perfekt å etablere bedrifta på Voss.

– Her har eg arbeidsro utan distraksjonar.

Det gjeld å stå på kvar dag, gjennom oppturar og nedturar, tenker vossingen. Halde ut, dele eit stort mål i fleire små, dag for dag. Vite at det er lys i enden av tunnelen.

Men framfor alt:

– Du må du ha lidenskap for det du gjer. Er du berre oppteken av å bli milliardær, blir du slått i bakken gong på gong, bedyrar Ringheim.

Dette er samstundes noko av grunnen til at han også er sjølvkritisk, trur han.

– Eg prøver å spørre meg sjølv om eg gjer så godt eg kan, om eg leverer på det eg skal. Så spør eg dei rundt meg om ærleg tilbakemelding. Deretter tilpassar eg meg og prøver å bli litt flinkare kvar dag, fortel 35-åringen.

– Men eg blir heller ikkje rysta av dårlege periodar, det trur eg er det sterkaste kortet eg har, legg han til.

– Det sikraste du kan ete

Men lat oss vere ærlege: Mange assosierer larvar med sjukdom, død og råte.

Korleis endre gjengse oppfatningar, som at larvar berre lev i søppelspann som har stått for lenge i sola?

– For å få insekt til å bli ein del av den norske dietten, må vi vere forsiktige, og prøve og feile, seier Ringheim.

Det handlar om å gje folk kunnskap om kva slags type larvar som blir nytta i matproduksjon, meiner han.

Larveriet kallar mjølbillelarva for «landreke»; insektskal består av kitin, som er det same som på skaldyr.

– Vi trur at larvar vil bli den nye sushien, smiler Ringheim.

Informasjon til folket om korleis mjølbillelarvar blir avla fram, er også viktig.

– Vi har kontroll i alle ledd og strenge rutinar for at produktet skal vere trygt. Larvane et rein mat, omgjevnadane deira er nøye monitorert. Vil du ha trygg mat, er larvane våre noko av det sikraste du kan ete, meiner han.

Produksjon larver
Larveriet

Verdt å satse på

Ringheim og dei 11 kollegaene har lova investorane sine at dette skal bli suksess.

– Så langt har vi lukkast med noko som virka umogleg for fem år sidan. Vi begynte produksjonen i ein kjellar, no skal vi oppskalere til produksjonslokale på 8000 kvadratmeter.

Dei er framleis i ein tidleg fase, men fleire har skjønt at dette er ein bransje verdt å satse på.

– Det er ikkje berre nokon raringar på Voss som trur på dette lenger, smiler Ringheim.

– Det er sjølvsagt knallhardt arbeid, og vi kunne ha valt mange andre ting å bruke pengar på. Men vi meiner at dette er ein viktig ting å gjere.

Han er ikkje det minste i tvil:

– Eg ser ingen grunn til at det ikkje skal gå. Om nokre år er den gjengse oppfatninga hos folk at insekt inneheld alle næringsstoff vi menneske treng, og at insekt smakar godt.

Bløme Larveriet