Visit FjordKysten Hovedbilde

Ledig 100 % stilling som Produktsjef

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vil du bli med å utvikle FjordKysten og Sunnfjord som reiselivsdestinasjon? Visit FjordKysten Kinn Fulltid

Om stillinga

Reiselivsnæringa i området FjordKysten og Sunnfjord har saman med kommunane i regionen etablert destinasjonsselskapet Visit FjordKysten og Sunnfjord AS. Ambisjonen er å skape ein ny reiselivsdestinasjon som vektlegg verdiskaping og berekraftig reisemålsutvikling.

Saman skal vi bygge ein kompetent og engasjert organisasjon som skal skape reiselyst til destinasjonen og sørge for vekst og utvikling for næringa i regionen.

Selskapet er i utvikling og har ambisjonar, og no søker vi ein engasjert og målretta person med gjennomføringskraft til stillinga som Produktsjef.

Som Produktsjef vil du får det overordna strategiske og operative ansvaret for å koordinere produktutvikling, produktpakking og berekraftig reisemålsutvikling for reiselivsnæringa og kommunane i satsingsområdet. Du vil også samarbeide tett med reiselivsaktørar i destinasjonen, andre organisasjonar og samarbeidspartar, samt kommunane i regionen.

Arbeidsoppgåver

  • · Løfte og utvikle destinasjonen innan berekraftig reisemålsutvikling
  • · Sette i gang og fasilitere utvikling av nye opplevingar, reiseruter og konsept i samarbeid med våre medlemar
  • · Produktpakking og booking av eksisterande og nye heilskaplege opplevingar
  • · Planlegge, organisere og gjennomføre kompetansehevande tiltak for medlemane
  • · Koplingar mot eksterne partnerar for å utvikle nye opplevingar og samarbeid
  • · Medlemskontakt og oppfølging
  • · Du må også rekne med andre tilstøytande oppgåver som inngår i vårt arbeid til det beste for våre medlemar

Kvalifikasjonskrav

  • · Høgare relevant utdanning, gjerne innan reiseliv, utviklingsarbeid og prosjektleiing
  • · God innsikt i reiselivsnæringa
  • · Erfaring med prosjektleiing og god innsikt i verktøy for prosjektleiing.
  • · Flytande norsk- og engelskkunnskapar skriftleg og munnleg.
  • · Svært gode samarbeidsevner og evner til relasjonsbygging.

Om deg

  • · Du er ein positiv, blid og strukturert person, som er sjølvstendig og løysingsorientert.
  • · Engasjert og med stor gjennomføringskraft.
  • · Du er sjølvstendig, trygg og med evne til å skape engasjement og dyktig på relasjonsbygging.
  • · Kreativ og nytenkande og med gode formidlingsevner skriftleg og muntleg
  • · Jobbar godt sjølvstendig og har indre driv, samtidig som du liker å jobbe i team og har gode samarbeidsevner.
  • · Du kan identifisere deg med våre verdiar: samhandling, begeistring, kvalitet, engasjement, berekraftige opplevingar og lønsemd.

Vi tilbyr

  • · Moglegheit til å vere med å påverke og sette ditt avtrykk på utviklinga av FjordKysten og Sunnfjord som destinasjon.
  • · Ei operativ stilling med stor fridom og mykje ansvar til å utvikle regionen.
  • · Engasjerte kollegaer.
  • · Moderne lokale sentralt i Florø, eller i Førde
  • · Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Visit FjordKysten Kulturbilde