Evoy

Nyheiter

Whisky-idé vart til elbåt-selskap

Tekst: Linn Merete Rognø / Apriil

Foto: Photoevent

Ein må vere litt smågal for å forlate ein direktørjobb med millionløn og satse alt på ideen som vart til over eit glas whisky med far sin.

Men for Leif A. Stavøstrand (42) var dette det einaste riktige å gjere.

– Første gong eg presenterte Evoy på Kapitaldagane i Førde i 2019, følte eg meg litt smågal. For eg stod på scena og sa at om sju år så skal eg ha nådd ein milliard i omsetning, seier Stavøstrand.

Gründeren frå Florø smiler. Det var over kvart sitt glas med whisky, 14 år før denne presentasjonen, at han og faren Gunnar klekka ut ideen om å utvikle elbåtar for oppdrettsmarknaden.

13 år seinare grunnla dei elbåt-selskapet Evoy AS. Florø-bedrifta bygger i dag elektrisk framdrift for båtar i fritids- og proffsegmentet.

Leif A. Stavøstrand

Leif A. Stavøstrand er gründeren bak ideen om å bygge elektriske framdriftssystem til båten.

«Du verda, her er det ein marknad!»

Stavøstrand kallar seg for båtnerd; han vaks opp på ei øy, jobba 12 år på sjøen og utdanna seg til mariningeniør med ein businessgrad frå NHH.

I fleire år var han administrerande direktør på Saga Fjordbase i Florø, kor han mellom anna tok initiativet til eit prosjekt som reduserte klimautsleppa ved fjordbasen. Samtidig svirra elbåt-ideen i bakhovudet hans.

– Faren min er oppfinnar og har jobba med oppdrett i 25 år. Og då vi begynte å teikne båten vi hadde lyst til å lage, tenkte vi at den hadde vore perfekt for eldrift i dette segmentet, fortel florøværingen.

Dei sjekka marknaden for å finne eit tilpassa system for å drive ein slik båt, men fann ingenting.

– Tida gjekk, men ingenting som passa for vårt bruk dukka opp. Så ideen vaks over tid, og då tenkte vi «du verda, her er det faktisk ein marknad!».

Dei neste åra blei ideen likevel liggande på is.

– Men eg fann ut at eg aldri kom til å tilgje meg sjølv om eg ikkje fann ut om dette var mogleg å få til. Så då heiv vi oss rundt, fortel Stavøstrand.

I 2018 vart elbåt-selskapet Evoy AS ein realitet.

Elbåt

Gjekk rundar med familien

Men å vere gründer er ikkje ei reise ein begynner på viss ein ikkje kjenner seg nokså trygg. Det blir fleire år med mykje jobbing, ifølge tobarnsfaren.

– Eg måtte gå nokre rundar med familien, og forsikre meg om at dei også kunne vere med på dette, fortel han.

– Skal ein satse slik, må ein vere bevisst på at det vil vere tøft og krevje timesvis med innsats på kveldane, nettene og i helgene, legg han til.

Ein gründer må vere dedikert og målbevisst, og skaffe seg midlar til å kunne drive fram prosjektet sitt.

Starthjelp frå presåkornfond og næringsfond

– Du blir aldri ferdig med kapital i eit oppstarts- eller vekstselskap; kvar einaste krone tel, seier 42-åringen.

I desember 2018 fekk selskapet tilført tidlegfasekapital frå Sogn og Fjordane fondet. Fondet er eit presåkorn-fond som skal gi oppstartsbedrifter tilgang på kapital til vekst og utvikling i ein fase kor anna risikokapital er vanskeleg tilgjengeleg, og på denne måten stimulere andre investorar til å bli med på emisjonar.


Hausten 2019 var selskapet nær ved å gå tom for pengar, men så vart Stavøstrand tipsa om å søke støtte frå Sparebanken Vest sitt næringsfond region Sogn og Fjordane. Dette næringsfondet gir starthjelp til gode forretningsidéar som kan skape nye arbeidsplassar samtidig som dei bidreg aktivt til grøn omstilling og berekraftig utvikling i samfunnet.

– Eg søkte, og vi enda opp med å få 100.000 frå Sparebanken Vest. Alt vi fekk inn då var utruleg kjærkome. Dette året fekk vi våre to første tilsette. Då er det ikkje noko leik meir, då har du ansvar for andre mennesker sitt ve og vel.

- Både Sogn og Fjordane-fondet og pengestøtta frå Sparebanken Vest sitt næringsfond har vore ekstremt viktig for å bygge selskapet vidare, meiner gründeren.

Evoy

Evoy utviklar både elbåtar og software.

Evoy

Selskapet har 30 tilsette i Florø og Paris.

Utvidar marknaden

Etter starthjelp frå næringsfondet, tok det ikkje lang tid før selskapet fekk fart i utviklinga.

Sommaren 2019 vart demobåten Evoy1 døypt av statsminister Erna Solberg. Hausten same året sette båten uoffisiell verdsrekord med 55 knop. I 2020 fekk dei første kundane nøkkelferdige, elektriske framdriftssystem i valfri båt.

I dag har Evoy til saman 30 tilsette ved hovudkontoret i Florø og sitt andre kontor i Paris. Evoy si hovedmålgruppe er kommersiellmarknaden innan oppdrett. Samstundes jobbar Stavøstrand og kollegaene med å teste ut produkta sine for å kvalitetssikre og vidareutvikle dei.

– Det er ikkje berre hardware, det er også software; ny app og skylagringsløysing. Vi må komme med nye produkt for å dekke ein større del av marknaden, fortel Stavøstrand.

Kollegaer Evoy

Evoy har gjort mange tilsettingar etter oppstarten. F.v.: Xiaokang Zhou, Ingebjørg Giil og Vandita Tanwar.

Florø ein perfekt lokasjon

At elbåt-selskapet er lokalisert i kystbyen Florø er glimrande, meiner gründeren. I tillegg har Norge både den høgaste elbil-tettheten og båt-tettheten i verden.

– Det er ingen tvil om at Florø og Noreg er den perfekte staden å starte med elbåt-produksjon, seier han.

Speedar vidare

Og det er nettopp Noreg og resten av Norden som står øvst på Evoys erobringsliste.

– Så skal vi bevege oss sakte utover i resten av verda, seier Stavøstrand før han smiler og raskt legg til:

– Eller forhåpentlegvis ikkje sakte, då!

Det er tross alt berre fem år igjen før målet om milliardomsetnad bør vere i boks.

Elbåt Florø
Etablere bedrift i Vestland?