Visit FjordKysten Hovedbilde

Ledig 100 % stilling som Sal- og marknadssjef

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vil du bli med å marknadsføre FjordKysten og Sunnfjord som reiselivsdestinasjon? Visit FjordKysten Sunnfjord Fulltid

Om stillinga

Reiselivsnæringa i området FjordKysten og Sunnfjord har saman med kommunane i regionen etablert destinasjonsselskapet Visit FjordKysten og Sunnfjord AS. Ambisjonen er å skape ein ny reiselivsdestinasjon som vektlegg verdiskaping og berekraftig reisemålsutvikling.

Saman skal vi bygge ein kompetent og engasjert organisasjon som skal skape reiselyst til destinasjonen og sørge for vekst og utvikling for næringa i regionen.

Selskapet er i utvikling og har ambisjonar, og no søker vi ein engasjert, nysgjerrig og målretta person med gjennomføringskraft til stillinga som Sal- og marknadssjef. Som Sal- og marknadssjef vil du får det overordna strategiske og operative ansvaret for sal- og marknadsarbeidet i selskapet. Du vil også samarbeide tett med reiselivsaktørar i destinasjonen, andre organisasjonar og samarbeidspartar, samt kommunane i regionen.

Arbeidsoppgåver

  • · Marknadsføring og sal nasjonalt og internasjonalt
  • · Opptre som bindeledd mellom lokale tilbydarar og deira produkt, og kjøparar i reiselivsnæringa nasjonalt og internasjonalt
  • · Marknadsforståing og marknadsarbeid er ein sentral del av stillinga med planlegging og gjennomføring av kampanjar og temasatsingar
  • · Delta på workshops, marknadsføre og selje inn regionen overfor mellom anna turoperatørar og agentar / B2B og MICE
  • · Planlegge og gjennomføre effektive og resultatorienterte møter med medlemmar og samarbeidspartar
  • · Sørge for kontinuerleg strategisk analyse og optimalisering av vårt totale marknads-, sals- og kampanjearbeid, og rapportering internt og eksternt
  • · Produktpakking og booking
  • · Pressearbeid og visningsturar

Kvalifikasjonskrav

  • · Høgare relevant utdanning, gjerne innan reiseliv, marknadsføring, sal eller kommunikasjon.
  • · Erfaring og dokumenterbare resultat innanfor sal og relasjonsbygging
  • · Erfaring frå strategisk posisjonering og aktivt sal av reiselivsprodukt B2C og B2B
  • · Kjennskap til og beherskar relevante verktøy og plattformer som nyttast innan digital marknadsføring.
  • · Flytande norsk- og engelskkunnskapar skriftleg og munnleg
  • · Svært gode samarbeidsevner og evner til relasjonsbygging

Om deg

  • · Du er ein positiv, blid og strukturert person, som er sjølvstendig og løysingsorientert.
  • · Utadvendt og med stor gjennomføringskraft.
  • · Jobbar godt sjølvstendig og har indre driv, samtidig som du liker å jobbe i team og har gode samarbeidsevner.
  • · Du kan identifisere deg med våre verdiar: samhandling, begeistring, kvalitet, engasjement, berekraftige opplevingar og lønsemd.

Vi tilbyr

  • · Moglegheit til å vere med å påverke og sette ditt avtrykk på utviklinga av FjordKysten og Sunnfjord som destinasjon.
  • · Ei operativ stilling med stor fridom og mykje ansvar til å utvikle regionen
  • · Moglegheit til å jobbe både nasjonalt og internasjonalt.
  • · Engasjerte kollegaer
  • · Moderne lokale sentralt i Florø, eller i Førde
  • · Gode pensjons- og forsikringsordningar

Visit FjordKysten Kulturbilde