Norconsult Norge AS Hovedbilde

Norconsult Sogn og Fjordane treng fleire medarbeidarar i Nordfjord!

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Fleire medarbeidarar i Stad Norconsult Norge AS Stad Fulltid

Om stillinga

Vil du bli ein del av eit selskap i vekst?

Norconsult er Norges største tverrfaglege rådgjevar retta mot prosjektering og samfunnsplanlegging. Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Sogndal, Sogndal, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid med om lag 70 medarbeidarar totalt. Sandane vart etablert som eigen kontorstad i 2019 og Nordfjordeid vart etablert som eigen kontorstad i 2021. Vi har førebels i alt 4 medarbeidarar i Nordfjord som dekkar fagområda veg, VA, prosjektadministrasjon, landskapsarkitektur og geoteknikk. For å primært dekke marknaden i Nordfjord, søker vi etter fleire medarbeidarar til både Sandane og Nordfjordeid.

Norconsult Sogn og Fjordane er eit tverrfagleg kontor i vekst som utfører spennande og varierte oppdrag i eit godt arbeidsmiljø. Oppdraga vert ofte gjennomførte på kryss og tvers internt i Sogn og Fjordane, men også i andre deler av landet og i tett samarbeid med andre fagområde, kontor og avdelingar i heile Norconsult.

Hos oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og eit stort nettverk i bransjen.

Dette er stillingsutlysinga for deg med erfaring frå rådgjevarbransjen eller tilsvarande kompetanse. Vi er på leit etter deg som ønskjer å vere med å byggje opp eit tverrfagleg og framtidsretta rådgjevarmiljø i Nordfjord og medverke til eit sterkt kompetansemiljø i Sogn og Fjordane.

Stillinga vil by på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.

Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Få med deg serien «Rådgiverne» der vi gir deg eit unikt innblikk i arbeidskvardagen vår: https://www.norconsult.no/radgiverne/

Vil du vite meir om kva moglegheiter du med nokon års erfaring har i Norconsult? Les her: https://www.norconsult.no/jobb-og-karriere/heads-for-tomorrow---professional/

Det er viktig at du grunngjev kvifor vi skal satse på akkurat deg!

Arbeidsoppgåver vil kunne tilpassast dine faglege og personlege kvalifikasjonar.

Om deg

  • Har kjennskap til marknaden i Nordfjord og kan bistå med marknads- og tilbodsarbeid lokalt og elles i Sogn og Fjordane
  • Er god på kundekontakt og kundeoppfølging
  • Kan vere oppdragsleiar/prosjektleiar i både einfaglege og tverrfaglege oppdrag
  • Er utdanna ingeniør eller sivilingeniør, eller tilsvarande innan eit teknisk fagområde. Ønskjeleg med minst 5 års erfaring
  • Prosjekterer innan ditt fagområde
  • Har eit stort fagleg engasjement
  • Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling
  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
  • Har god erfaring med digitale verktøy

Vi tilbyr

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv

Ta gjerne uforpliktande kontakt med kontorleiar Tone K. Myklebust Kvåle, tlf. 95 80 75 09. Søknad med CV, vitnemål og attestar kan sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider.

Innkomne søknader vert handsama fortløpande. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

I Norconsult utviklar vi samfunnet for morgondagen ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har ei heilskapeleg tilnærming med utgangspunkt i at vi er lokalt tilstades og tverrfagleg kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Vi er eit medarbeidar-eigd rådgjevarselskap, og våre 5 100 medarbeidarar er fordelt på rundt 130 kontor, hovedsakleg i Norden. Kvart år løyser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlege kundar, innan blant anna bygg og eigedom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vatn og avløp, industri, sikkerheit, miljø og IT.