Agur og den hemmelege sjokoladefabrikken

Nyheiter

Agur og den hemmelege sjokoladefabrikken

Tekst: Linn Merete Rognø / Apriil

Foto: Øystein Haara

Det var ein gong ei spansk kvinne som flytta til Eidfjord. Ho kjøpte ei steinkvern og sanka ingrediensar frå Hardangervidda. Så gjorde ho smaken av Noreg kjend for heile verda.

Innerst i Hardangerfjorden ligg Eidfjord, ei bygd med knappe 900 menneske. Blant dei, ein uvanleg søt nabo. Utan GPS er det vanskeleg å finne fram til naboen, ingen skilt å sjå.

Men skjerpar du luktesansen, kan du snuse deg fram til ein nedlagt barnehage med ei kvit dør.

Bak døra finst eit skattkammer av himmelske smakar.

Fjåk sjokolade

Turistar bankar på

Frå eit ope vindauge lokkar ei fløyelsmjuk kakaoduft.

No er du komen til ein ekte sjokoladefabrikk. Fjåk sjokoladefabrikk.

Produksjonslokala er gjerne anonyme, men sjokoladen er verdskjend.

– Googlar du «Fjåk», så finn du jo adressa vår, men det er lett å tru at adressa er feil når du kjem fram, seier gründer Agurtxane Concellon Arechaga.

Agur, som vener kallar ho, fortel at det nokon gonger bankar turistar på døra og spør om dei kan få kome inn og sjå i fabrikken og kjøpe sjokoladen dei har høyrt om.

– Men vi har ikkje nok plass til å ta imot så mykje besøk enno. Difor har vi ikkje satt opp skilt, ler ho.

Turistane ynskjer ein smakebit av Hardanger, bokstaveleg talt, og det skjønar ho godt.

Sjølv er Agur spansk, men har budd i Eidfjord i 16 år. Då ho kom hit, bar ho på ein stor draum. For å realisere den, grunnla ho si eiga bedrift. Ho skulle lage sjokolade; ein sjokolade som det ikkje fanst maken til nokon annan stad i verda.

For å klare det, byrja ho med å gå ein tur på Hardangervidda.

Norsk natur i spanske auge

Agur kom til Eidfjord med sin dåverande kjæraste. Ho var frilansfotograf, men ville bli sjokolademakar. Så ho kjøpte ei steinkvern, byrja å eksperimentere med å lage sjokolade og deltok på onlinekurs hos École Chocolat. I 2015 vart Fjåk til. Saman med kokkevenninna Siv satsa ho for fullt på handlaga sjokolade med ein særnorsk vri:

– Det var viktig for meg å ha eit unikt konsept. Eg tenkte på alt vi har i naturen her, og sidan eg er utlending er det gjerne lettare for meg å sjå den norske naturen og dei norske tradisjonane på andre måtar enn det nordmenn er vande med. Tradisjonane er spanande, og alt som er nordisk er trendy i utlandet, smiler Agur.

Ho tenkte på korleis ho kunne blande norske element med sjokolade.

For eksempel:

– Kva er det første du ser når du er på Hardangervidda? Jo, reinsdyrlav og tyttebær, seier ho.

Agur sanka med seg veksten frå vidda, og dette vart omsider til sjokoladeplata «70% Mørk Reinsdyrlav & Tyttebær».

– Nokon sa til meg at å smake denne sjokoladen er som å ta ein tur på fjellet, ler Agur.

Så norsk og så eksotisk.

Og det var mykje meir å ta av.

– Sjokoladen med brunost og vaffel er ein av dei siste sjokoladane vi har laga. Det blir jo ikkje meir norsk enn det! Eg synest det er ein artig miks, og den har blitt kjempepopulær, seier Agur.

Berre fantasien kan stoppe spanjolen frå å eksperimentere. Ho har allereie laga konfekt med både peparkake og kanelbolle i, og blåmuggost saman med blåbærsyltetøy.

Sjokolade Fjåk
Sjokolade Fjåk

Prisvinnande smakar

Fjåk var først i Noreg til å produsere bean to bar-sjokolade. Handlaga sjokolade av økologiske kakaobønner med fokus på etikk og miljø i alle ledd av produksjonen.

Agur handlar direkte frå kakaobonden, slik dei gjer i Madagascar, eller gjennom to grossistar som jobbar med å betre arbeidsvilkår og inntektene til kakaobøndene.

Fjåk smakar også heilt annleis enn masseprodusert sjokolade frå matbutikkar. Den unike smaken kjem frå kakaobønnene, som varierer frå sesong til sesong. Smaken endrar seg etter som det har vore mykje sol eller regn, og kva land bønnene kjem frå.

På den vesle fabrikken med fem tilsette startar sjokoladeproduksjonen i rommet innerst i lokala. Lukta her minner om vin. For som med vin vert også kakaobønnene fermenterte. Så blir dei sorterte for hand, knuste og malt i ei steinkvern opptil seks dagar til ei flytande masse. Sukker og kakaosmør vert blanda i, og eventuelt mjølk.

I dag vert Fjåk seld i over 200 butikkar rundt om i verda.

Agur har vunne 98 internasjonale prisar, mellom anna i prestisjekonkurransar som Academy of Chocolate Awards, Great Taste Awards og International Chocolate Awards.

Fjåk Eidfjord

Fordelar og utfordringar

Å våge å flytte frå Spania til Eidfjord, og satse på ein karriere som sjokoladegründer, krev andre ingrediensar enn dei du sankar på Hardangervidda.

Mot, tru, driv, arbeidsvilje, staheit, stamina.

Eigenskapar som ei spansk kvinne har.

Det er rimelegare å drive fabrikk på ein liten stad, og naboar har stilt med traktor for å frakte pallar med kakaobønner.

– Det er mykje god hjelp å få frå lokalbefolkninga i ei bygd, det hadde nok ikkje vore det same i ein by, seier spanjolen.

Utfordringane er samstundes fleire for å få bedrifta til å gå rundt.

Agur må heile tida ha nok råvarer og emballasje for å unngå stopp i produksjonen, og vere i forkant med bestilling frå andre land. Det krev enorm logistikk, og transportkostnadane er høge.

Men å flytte produksjonen frå Eidfjord er ikkje eit alternativ.

Utanom kakaobønnene, er det i det frodige distriktet at dei ferske, mest autentiske råvarene veks.

Gullbillett med sjokoladeplata?

På kjølelageret i fabrikken glitrar blankpolerte, rosa, grøne og karamellbrune sjokoladekuler i taklyset. Dei minner om smaragdar og rubinar. Det er prototypar på nye godsaker, men den endelege oppskrifta krev meir eksperimentering.

Kunne ramslauk, haustlyng eller løvetann sett ein ekstra spiss på sjokoladefyllet, tru?

Agur smiler lurt.

Kva perlene til slutt vert fylde med, er ikkje avklart. Men at det kjem fleire overraskingar frå sjokoladefabrikken framover, er heilt sikkert.

– Kven veit? Kanskje nokon får ein gullbillett i vår neste sjokoladeplate?

Agur flirer og legg til:

–Då skal dei i alle fall få kome inn på besøk!

Sjokolade Fjåk

Fleire saker