Jobb i Highsoft

Nyheiter

10 gode grunnar til å jobbe i Highsoft

Highsoft tilbyr byjobb på bygda og spelar kubb i pausane. What´s not to like?

Kva er det mest spennande som skjer i Highsoft akkurat no?

Vi arbeider med å «refreshe» merkevara Highcharts, inkludert nytt design for websider med meir. I haust skal vi ha på plass ny webshop. Accessibility – universell utforming – er alltid i fokus.

Kva er det mest attraktive med å jobbe i Highsoft?

  • Byjobb på bygda.
  • Vi har eit godt arbeidsmiljø med fleksibilitet som gjer det lett å kombinere jobb med fritid og familieliv.
  • Vi arbeider med eit spennande teknologisk produkt, Highcharts, i ein global og internasjonal marknad.

Kva kan de tilby dei som ønsker å utvikle seg i bedrifta?

Vi tilbyr online Learning sessions, kurs og etterutdanning. Vi deltek på konferansar både digitalt og fysisk. I tillegg får dei tilsette utvikle seg ved å prøve nye oppgåver og erfaringsoverføring frå dei som har vore her lenger.

Nemn tre små gode som gjer arbeidsdagen fin:

  • Morgonkaffi
  • Aktivitetspausar med kubb, spill og anna i løpet av arbeidsdagen
  • Digg lunsj
Jobb Vik

Kva er Highsoft sitt bidrag i å stoppe klimaendringane?

  • Vi har søkelys på dataforureining, som å slette e-postar. Vi betaler ekstra for straumen ved å berre kjøpe vasskraftstraum.
  • Vi har lite reiser og nyttar elektroniske møter mellom tilsette og kundar. Dette har vi gjort også før korona.
  • Vi redusere bruk av papir, og alle tilsette har fått reMarkable 2. Vi resirkulerer slik som alle andre.

Kva er det viktigaste de gjer for å ta samfunnsansvar?

  • Vi er medlem av UN Global Compact Norge.
  • Vi støtter andre lokale lag og organisasjonar. Highsoft er hovudsponsor for Vik IL og Vik musikklag.
  • Highsoft prøver å handle lokalt når vi kan. Vi kjøper Fair Trade kaffi eller lokale kaffibønnerfrå Sognefjord kaffibrenneri.
  • Vi er traineebedrift og har hatt mange traineear dei siste åra. Vi vurder også å ta inn læringar. Vi har dei siste åra teke i mot utplasseringselevar frå skular i Vik .

Kor tid kokar det hos Highsoft?

Her er det full kok døgnet rundt. Slik er det å arbeide i ein internasjonal marknad.

Kva jobbsøknadar ligg øvst i bunken hos Highsoft?

Vi ser etter kandidatar som er interesserte i å arbeide i Highsoft og kan gje det vesle ekstra.

Kven set spor på intervju?

Dei kandidatane som på intervju viser at kompetanse og personlegdom passar for bedrifta og jobben.

Vis med eit bilde at det er godt å jobbe i Highsoft utan å seie det:

Jobb i Highsoft

Søk jobb hos Highsoft