Vi har no ledig 1 års vikariat som prosjektleiar for nye produkt.

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Prosjektleiar nye produkt Lerum AS Sogndal Fulltid
Lerum AS Logo

Lerum AS

Postboks 159
6851 SOGNDAL
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Trude Ramstad, HR-direktør
95220028

Søknadsfrist

8. mai 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

I 2021 hadde Lerumkonsernet ein omsetnad på 660 mill. kroner og 135 tilsette. Lerum held til i Sogn, eit av dei beste frukt- og bærdistrikta i landet.

Vi har no ledig 1 års vikariat som prosjektleiar for nye produkt.

Som prosjektleiar for nye produkt, har du ansvar for gjennomføring av alle prosjekt som innovasjonsstyret godkjenner. Prosjekta skal gjennomførast i tråd med våre etablerte rutinar. Dette inneber mellom anna:

  • Planlegging, koordinering og leiing av prosjekt «nytt produkt» frå idestadiet, via produktvikling, emballasjeutvikling, sal- og marknadsvurderingar, tekniske tilpassingar, produksjon og til lansering i marknaden. Prosjekta har delprosjektgrupper som består av personar frå produktutvikling, innkjøp, fabrikk, sal og marknad. Kvart fagområde har sjølvstendig gjennomføringsansvar inn i prosjekta.
  • Ha ansvar for registrering av vareinformasjon i alle interne og eksterne system.
  • I tillegg vil du har ansvar for å følgje opp industrikundar, samt diverse controlleroppgåver i ERP-systemet vårt.


Ønska kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning på bachelor/masternivå eller kunne vise til relevant erfaring.
  • God systemforståing og erfaring med ERP-system og Excel.

Eigenskapar:

  • Sjølvstendig, påliteleg og strukturert.
  • Sterk i kommunikasjon, både munnleg og skriftleg.
  • God på å bygge relasjonar.
  • Gode samarbeids- og gjennomføringsevner.
  • Vilje, evne og moglegheit til å ta i eit ekstra tak når det trengs.

Andre vilkår:

  • Løn etter avtale.
  • Kontorstad: Kaupanger.
  • Pensjonsordning og andre personalforsikringar.
  • Vi kan tilby fagleg utfordrande oppgåver i eit dynamisk og kompetent miljø.