
Klar for å starte karrieren i kommunikasjon eller marknadsføring som trainee?
Då har Vestland fem ledige traineestillingar til deg. Som trainee får du eit år fylt med tett oppfølging, bratt læringskurve, sterke fagmiljø og reelle prosjekt frå dag éin – i nokre av Vestland sine mest framtidsretta verksemder.
Søknadsfrist 29 mars
Bli med inn i den blå næringa! Som trainee i Coast får du jobbe tett på eit internasjonalt sjømatmiljø og bidra til marknadsføring og digital kommunikasjon i ei framtidsretta næring. Perfekt for deg som vil kombinere kommunikasjon med innsikt i ei global vekstnæring.
Søknadsfrist 18. mars
Vil du fortelje historiene som formar framtida til Sunnfjord? Som kommunikasjonstrainee i Sunnfjord Utvikling får du jobbe med alt frå innhaldsproduksjon til arrangement, kampanjar og strategisk kommunikasjonsarbeid for eit fagmiljø som driv næringsutvikling og innovasjon i regionen. Ein perfekt plass å vekse – både fagleg og personleg
Søknadsfrist 18. mars
Vil du vere stemma til framtidas helseløysingar? Som kommunikasjonstrainee i Vilje helseklynge får du løfte fram innovasjon, forsking og samarbeid mellom kommunar, sjukehus, næringsliv og forskingsmiljø. Ei unik rolle der du står midt i skjeringa mellom helse, teknologi og samfunnsutvikling
Søknadsfrist 1. mars
Er du klar for ein kreativ kickstart på karrieren? Som marknadsføringstrainee i SpareBank 1 får du lage innhald, drive kampanjar, jobbe strategisk med merkevarebygging og vere tett på nye kundeopplevingar i ein bank som er i utvikling. Ei unik moglegheit for deg som vil kombinere formidling, analyse og kreativitet.
Søknadsfrist 1. mars
Vil du bruke kompetansen din til noko som verkeleg betyr noko? Som trainee hjå NAV Økonomiteneste får du jobbe i kjernen av eit fagmiljø som handterer rekneskapen for ein av landets største verksemder – og vere med på digitalisering, opplæring, analyse og utvikling. Perfekt for deg som vil forme framtida til offentlege tenester.