
Ein lærerik start på arbeidslivet, eit nytt nettverk frå dag éin, og fjord og fjell rett utanfor døra. Å bli trainee i Framtidsfylket har gitt Heine mykje meir enn berre ein jobb.
Heine Urnes (28) jobbar i Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde og er ein del av traineeprogrammet til Framtidsfylket Vestland. Ein start på arbeidslivet som handlar like mykje om læring og utvikling som å utføre ein jobb.
– Å vere trainee verka som ein litt betre overgang til arbeidslivet. Her er det forventa at eg skal lære og utvikle meg, ikkje kunne alt frå første dag, seier han om ordninga.
Vil du starte som trainee i august? Sjå ledige traineestillingar her!

Heine kjem opphaveleg frå Bergen og har ein Master of Science in Business frå Sogndal, med fordjuping i innovasjon og marknadsføring. Traineestillinga har gitt rom for å jobbe med fleire fagfelt.
– Eg jobbar mykje med økonomi og sakshandsaming, men kjem også borti juridiske problemstillingar. Eg opplever verkeleg at eg får prøve meg på mykje forskjellig, og eg får hjelp frå kollegaer og mentor når eg treng det, fortel han.
Avdelinga han jobbar på har ansvar for støtteordningar for frivillig sektor i heile Noreg. Her kjem bakgrunnen hans godt med.
– Eg har vore engasjert i frivilligheit heile livet, både gjennom Røde Kors hjelpekorps, skredgruppa i Sogndal og i ulike student- og friluftsorganisasjonar. Då eg søkte traineestillinga, fekk eg høyre at dette var ein stor fordel.
Han har berre lovord om denne måten å engasjere seg på:
– Det er fine arenaer å utvikle seg på innanfor dei felta eg likar, og samtidig kunne bidra litt til fellesskapet.

Utsyn: Når arbeidsdagen er over kallar friluftslivet på Heine. Heldigvis er vegen kort frå kontor til fjell i Førde.
For ein kar som lever for klatring, fjell og ski, kan lange dagar på kontoret merkast godt.
– Det mest utfordrande med jobben er kanskje å sitte i ro på ein stol i sju timar, seier han og ler.
Med fleksitid og gode ordningar er det likevel lett å få dagen til å gå opp.
– Er det ein fin soldag, kan eg ta ein tur i fjellet på ettermiddagen og heller jobbe igjen på kvelden. Det gjer ein enorm forskjell, spesielt no på vinteren.
Og bylivet i Bergen? Det saknar han ikkje nemneverdig:
– Men eg har funne ut at det er på Vestlandet eg trivst best. Å ha fjord og fjell rundt meg set eg veldig pris på. Fordelen med å bu her er jo at du har skimoglegheitene veldig nær – vi har ikkje tilgang på dei same fjella i Bergen. Så for meg er det heilt supert å bu her.
"Du blir fort kjent og får bonda skikkeleg"

Ein viktig del av traineeåret er fellesskapet i Framtidsfylket. Gjennom samlingar, kurs og felles opplevingar byggjer traineeane nettverk på tvers av arbeidsplassar og fagfelt.
– Samlingane er veldig hyggelege og sosiale. Du blir fort kjent og får bonda skikkeleg.
For Heine, som har flytta til ein ny stad, har dette vore ekstra viktig.
– Når du kjem til ein ny plass, er det gull verdt å få eit nettverk med ein gong. I tillegg har du folka som jobbar i Framtidsfylket. Dei er ein tryggleik viss du treng råd eller berre vil lufte tankar.

Traineeåret er langt frå over. Framover ventar nye prosjekt i jobben, fleire traineesamlingar, studietur til Brussel, eit siderprosjekt i Luster og vidare fagleg utvikling.
Men akkurat no ventar ein ganske vanleg ettermiddag:
– Akkurat no jobbar eg på eit nytt prosjekt, og sit nok med det til dagen er ferdig. Så blir det vel noko buldring i kveld, seier han med eit smil.
Vil du også ha ein start på arbeidslivet som gir meir enn berre ein jobb?