Det har blitt tradisjon å avslutte traineeåret med ei heftig mental- og styrkeprøve. Kva lærer dei eigentleg av Skvadron trainee?
– Åh, hjelp, er det fleire som bryt ut når dei ser tre morske, militærkledde personar vandre rundt med hendene på ryggen.
– Gøy! Gliser ein annan trainee.
Vi er på sandtaket på Vie i Førde. Perfekte omgjevnader for nokre timar med adrenalin, frustrasjon og meistring.
Klar: Matilde Gjesdal var ein av dei som tok imot utfordringa med glede og iver.
– De kan vere så ueinige de vil i dag, men det bryr eg meg ikkje om, ropar Rune Øksenberg, før han ber dei om å stille seg opp.
Han himlar med augene:
– Det er så dårleg takt som det kan bli. Høyrest ut som eit takras!
Oppstilling: Rune Øksenberg er ikkje imponert over takten til traineeane
Rune Øksenberg har jobba sju år i Forsvaret, og i dag har løytnanten fått jobben med å leie operasjonen. Med seg har han sersjant Dan Gøran Espedal og medhjelpar Camilla Søvig. Svein Inge Bjørkedal i arrangementselskapet Hending står bak Skvadron trainee, og har sydd saman eit opplegg som skal utfordre «rekruttane» både psykisk og fysisk.
– Du kan lære mykje om deg sjølv når du blir sett under press, seier Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket trainee.
Det går mot slutten for årets traineekull, men éi siste samling står for tur. Dei siste åra har traineeane fått ein smakebit på rekruttlivet som del av programmet.
– Det set vi på kontoen for lagarbeid og personleg utvikling. Mykje av det som skjer her i dag er overførbart til arbeidslivet, forklarar ho.
Hinderløype: Samarbeid og lagkjensle er stikkorda når traineeane skal komme seg gjennom ei fysisk kreevjande hinderløype.
Traineeane skal få prøve seg på minerydding, skytetrening og hinderløype – og konkurranseinstinktet kickar fort inn.
– De MÅ samarbeide. Du skal ikkje klare deg betre enn andre. Berre det som blir gjort for at laget skal lukkast, er av verdi, seier Øksenberg, mens han observerer eine laget planlegge å frakte ei tønne med vatn til toppen av sandtaket.
Minerydding: Å rydde miner på ein onsdag formiddag er ikkje berre, berre for kontortilsette.
Skytetreninga krev fokus for å treffe blink, hinderløypa lagarbeid, medan minerydding krev 100% konsentrasjon:
– Det er stort mentalt press i å leite etter miner og eksplosivar, forklarar Dan Gøran Espedal.
Han har lang erfaring frå minerydding i internasjonale operasjonar og veit kva han snakkar om. Seinare på dagen skal traineeane få høyre foredraget hans "Mitt liv".
– Deg kan vi berre legge inn på Haukeland med ein gong. Slik kan du ikkje stå, seier han til ein av traineeane, ristar på hovudet og smiler lurt.
– Det er heldigvis ikkje på ekte, ler ho som har fått i oppgåve å vere lagleiar og har ansvar for laget sitt.
"Det er heldigvis ikkje på ekte"
Sigrid Helgheim Hatten (22) er trainee i i PWC, medan Malene Skurtveit Rossnes (24) er trainee i Sparebank1 Sogn og Fjordane. Dei har nettopp fullført alle stasjonane og verkar fornøgde med å vere ferdig.
– Fekk de noko ut av dette?
– Nei, eg er eigentleg berre sliten, svarar Sigrid og ler.
– Men ok. Litt meistringsfølelse blir det jo.
– Korleis er det å bli kjefta på?
– Uvant. Ikkje kom her og fortel meg kva eg skal gjere, liksom, ler Malene.
– Men så veit du jo at det ikkje er i fullt alvor. Og då er det litt lettare å ta imot kjeften.
Lagseier: Meistring og lagfølelse var målet. Noko traineeane heilt klart fekk til.
Gira: Nokre meir gira enn andre.
Begge er einige i at øvingane er gode for å bli kjend med seg sjølv og finne ut kva som er best for laget.
– Du tilbydde jo meg hjelp i hinderløypa, men eg sa nei. Eg skulle slått til på den, for eg var forferdeleg sliten, seier Sigrid til Malene.
Og slik er det kanskje i arbeidslivet også. Har du mykje å gjere, kan det vere lurt at ein kollega bidrar. På den måten kjem prosjektet i mål utan at nokon blir «forferdeleg sliten».