
Då Frida flytta frå Drammen til vestlandet som student, var det naturen som lokka. No er det alt rundt som gjer at ho vil bli verande.
Det låg nesten i korta at Frida Pedersen Bekkestad (27) skulle bli trainee i Framtidsfylket. Etter å ha studert fleire år i Sogndal, kjende ho mange som allereie hadde vore trainee: Vener, studiekameratar, ja, til og med sambuaren hennar.
Alle sa det same:
– Du får så mykje igjen for det. Godt nettverk, gode samlingar og ein mjuk start på arbeidslivet.

Frida og kollegaene i Digdir samlast ofte til ein god kaffiprat før arbeidsdagen tek skikkeleg fatt.
Medan ho jobba i eit vikariat etter masteren i innovasjon og marknadsføring, dukka ei spennande stillingsannonse opp på skjermen:
«Trainee innan teknologi og kommunikasjon hos Digitaliseringsdirektoratet».
– Stillinga kunne spissast mot det eg var mest interessert i. Eg hadde allereie tenkt at eg ville jobbe meir med kommunikasjon, og dette verka som ein fin inngong til det. I tillegg ville eg gjerne fortsette å vere i Sogn, og Digdir verka som ein bra arbeidsplass. Ikkje minst hadde eg jo veldig lyst til å vere trainee, fortel Frida, som fekk jobben og starta i august i år.
Korleis ser eigentleg kvardagen ut som trainee for henne? Variert er stikkordet.
– Det er litt vanskeleg å beskrive ein typisk arbeidsdag. For meg som jobbar med formidling er det få dagar som er like. Vi går frå det eine til det andre, og den variasjonen likar eg godt.

I jobben hos Digdir får Frida prøve seg både foran..

.. og bak kamera.
Frida jobbar med innhaldsproduksjon og marknadsføring på Samarbeidsportalen, Digdir sin kanal for fellesløysingar i offentleg sektor.
– Dagane startar gjerne sosialt, og det er kanskje typisk – at vi er flinke til å ta den gode kaffipraten med kollegaer, fortel ho.
Arbeidstida går ofte til redaksjonelt arbeid på portalen, som nyheitsartiklar og informasjon som skal ut. To gonger i veka er det redaksjonsmøte, der dei planlegg stoff og prioriteringar.
– I neste runde sit eg kanskje i ein workshop for noko som skal utviklast til nettsida, så skal eg vidare i eit prosjektmøte for ein konferanse vi skal halde i Oslo, eller kanskje eg skal vere med å lage ein film. Så jobbar vi mykje med å vidareutvikle nettsida, både med brukarundersøkingar og brukartesting.
Ho lyser opp når ho snakkar om utviklingsarbeidet.
– Det er noko av det kjekkaste. Når eg kan vere med å påverke, lære noko nytt, og sjå at arbeidet fører til noko. Det er både givande og meiningsfullt.
Som trainee i Framtidsfylket deltek du på fem samlingar i året saman med andre traineear. For Frida vart det ein pangstart med ny jobb og første samling omtrent på same tid.
– Det var mange inntrykk på ein gong, men kjempegøy. På første samling får du eit overblikk og prøvar å få snakka litt med alle, mens på andre samling begynte vi å bli godt kjent og eg fekk skikkeleg mykje ut av det faglege opplegget.
Ho hadde høyrt mykje positivt om kurset i presentasjonsteknikk med Speaklab, og gledde seg ekstra mykje til det. Det ho lærte på kurset tok ho med tilbake til kontoret:
– Eg heldt ein presentasjon for kollegaene mine om... presentasjonsteknikk! Seier ho og ler.
– Kurset levde opp til forventningane, og det var skikkeleg kult å få bruke det i praksis.

Fellesskap med andre nyutdanna: Som trainee får Frida eit breitt nettverk i heile fylket.
Ettersom Frida allereie har vore nokre år i Sogndal, held ho fram med det ho likar best:
– Eg diggar at naturen er så tilgjengeleg her. Rett utanfor døra kan eg gå i to minutt, så er eg i skogen på veg opp på fjellet. Her kan du klatre, gå på ski, sykle, gå på tur og padle elvekajakk. Eg har fått prøve utruleg mykje på den tida eg har vore her.
Etter kvart som ho har kome inn i miljøet, merkar ho også kor godt samhaldet er i sognebygda.
– Du møter kjentfolk på butikken og er ikkje så anonym som du kan bli i ein større by. Det skjer sjukt mange arrangement, og det er ein skikkeleg stå på-mentalitet her – folk vil få til ting saman. Det er kult å sjå at folk gjer ein innsats for å skape eit godt miljø. Det gjer at Sogndal er ein plass eg ser for meg å bli verande.
"Ja, du må litt ut av komfortsona. Men det er berre positivt!"

Frida nøler ikkje med å oppmode andre om å søke traineeprogrammet:
– Det er som å vere i vanleg jobb, men med det ekstra nettverket ved sidan av. Du får lære mykje, og utvikle deg både fagleg og personleg. Ja, du må litt ut av komfortsona.. men det er berre positivt!