
Lauritz tok med seg kjæraste, hund og to mastergrader til Florø. No set han retning for berekraft på basen.
– Det verka spennande å vere del av all aktiviteten og logistikken som skjer på basen. Då eg såg at dei satsar på havvind og anna fornybar teknologi, var eg ikkje i tvil om at eg skulle søke.
Lauritz Isaksen (31) frå Porsgrunn har alltid hatt interesse for klima og berekraft. Samtidig er han fascinert av store skip og korleis den komplekse logistikken fungerer. Då kjærasten tipsa han om ei traineestilling i berekraft på Norges største forsyningsbase, vart han fort interessert.
Eit vellukka jobbintervju og ein spelejobb på Vesle Kinn seinare, var Lauritz overtydd om at Florø var ein fin og imøtekommande by. (Vent, spelejobb? Ja, Lauritz er pianist i bandet Vilnes).
Han tok med seg kjæraste og hund, samt ein master i sosialantropologi og ein master i international environmental studies til kystbyen, klar for ein mjuk overgang frå studieliv til næringsliv.
– Dei første vekene tok mentoren min seg god tid til å sette meg inn i all aktiviteten som skjer på basen. I kombinasjon med traineesamlingane, der eg vart kjend med andre traineear, kjende eg at eg har eit nettverk og ein tryggleik i ryggen. Det trur eg er nyttig når du er ny i både jobben og byen.

Med god støtte frå mentor Ingvild Hovland, kjenner Lauritz seg trygg i rolla som berekraftsansvarleg.
Etter eit halvår som trainee, har Lauritz fått rolla som berekraftsansvarleg i Fjord Base Holding. Som del av eit team har han fått ansvar for berekraftsrapportering, klimarekneskapet og kartlegging av bedriftas klima- og miljøavtrykk.
– Det var store og viktige oppgåver for ein fersking?
– Ja, det er nesten som at det er for mykje tillit, ler Lauritz og legg til:
– Nei-da, det er kjekt, men også litt skummelt. Samtidig kjenner eg at eg trivst godt med å ha ansvar og vere sjølvgåande. Det er betre enn å vere ein diltar, smiler han, og understrekar at han får mykje støtte frå mentoren sin.
– Ho er flink til å seie ifrå både om noko er bra eller om det må bli gjort annleis.


På kontoret har han utsikt til store delar av basen. Og rett utanfor vindauga: store skip.
– Eg veit verkeleg ikkje kor den fascinasjonen kjem frå, flirer han.
– Men det er kanskje noko med at dei viser kor samankopla verda er?
Ein typisk dag på kontoret for Lauritz startar med ein prat med mentor:
– Kva skjedde i går, og kva skal vi gjere i dag. Vidare hjelper tankekartet mitt meg med å sjå kva som må prioriterast.
Musikk er ein del av arbeidsdagen – både live og på øyret.
– Då kollegaene høyrde at eg var musikar, fekk eg eit piano på kontoret. Det blir nokre trudeluttar av og til, smiler han.
Høgdepunktet på dagen er den berømte lunsjen til Fjord Base:
– For å seie det slik: Eg har gått opp nokre kilo etter at eg vart trainee.
Arbeidsdagen inneheld nokre møte, men i «passeleg mengde» ifølge Lauritz.
– Og ein del uformell prat. Eg likar at vi har open door policy, og at eg kan slå av ein prat med kollegaene, anten det er resepsjonisten, IT-avdelinga eller konserndirektøren.

Utforskar området: Helgene blir brukt til å utforske friluftslivet i Vestland.

Kystliv: Fjellturar i Flora garanterer havutsikt.
På fritida er Lauritz og sambuaren glade i å vere i naturen. Dei har utforska små og store fjell, besøkt surfestranda i Hoddevika, telta i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde og elles nytta seg av at dei bur ved foten av Brandsøyåsen, med utsikt til øyane og havet.
– Vi likar å komme oss ut i helgene, og gjerne der det ikkje er så mange folk. Det er ein stor fordel med å bu på Vestlandet, at du slepp å gå i kø i naturen. No håpar eg på snø, slik at vi kan få fine skiturar.
"Eg jobbar med interessante oppgåver i eit miljø eg kjenner meg verdsett i."

Lauritz synest dei har blitt ein fin gjeng med traineear i Florø. Byen har heile åtte traineear av årets kull i Vestland.
– Det er godt å ha den gjengen i ryggen. Når det er sagt, får eg fint dekka sosiale behov med kaffislabberas på Fjord Base, humrar han.
Og framover. Kva tenker austlendingen?
– Eg jobbar med interessante oppgåver i eit miljø der eg kjenner meg verdsett, samtidig som eg har eit sikkerheitsnett i traineeprogrammet. Eg spekulerer ikkje så mykje i framtida. Her og no er viktigare.

Rock n`roll: Lauritz tenker ikkje så mykje på framtida. Akkurat no er livet som trainee, musikar og friluftsentusiast i Florø bra.