Trainee: Marknadsføring Bilde

Vil du jobbe med marknadsføring i ein bank i utvikling?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Marknadsføring SpareBank 1 Sogn og Fjordane Sunnfjord Trainee
SpareBank 1 Sogn og Fjordane Logo

SpareBank 1 Sogn og Fjordane

Langebruvegen 12
6800 FØRDE
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Regine Gausemel
+47 95440058

Søknadsfrist

1. mars 2026 Søk på stillinga her

Du søker direkte til SpareBank 1 Sogn og Fjordane på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

Vil du jobbe tett på kreativitet, analyse og gjennomføring i ein bank i utvikling?

Som trainee innan marknadsføring får du ei sentral rolle i planlegging og gjennomføring av marknads- og kampanjeaktivitetar. Du vil arbeide med produksjon og publisering av innhald i sosiale medium, bidra i digital kundedialog og vere med på å utvikle kampanjebasert kommunikasjon som skapar engasjement og effekt. Rolla gir deg høve til å kombinere kreativt arbeid med analyse og rapportering, og til å sjå resultatet av arbeidet ditt i praksis.

Du vil samarbeide tett med ulike fagmiljø i banken og jobbe på tvers av organisasjonen. Som trainee vil du raskt bli kjent med både kundereiser, forretningsområde og korleis marknadsføring blir brukt som verkemiddel i ein moderne bank.

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som har høgare utdanning innan økonomi, marknadsføring, strategi eller leiing, og som ønskjer å lære og utvikle deg innan marknadsføring i praksis. Du er strukturert, tek initiativ og trivst med å få ansvar for eigne oppgåver, med god støtte rundt deg.

Du har interesse for å lage eige innhald og er komfortabel med å vere framfor kamera når det er naturleg for bodskapet. Du ønskjer å lære meir om planlegging, produksjon og publisering av innhald i digitale kanalar, og har eit bevisst forhold til form, språk og målgruppe.

Du evnar å kombinere kreativitet med analytisk forståing, og likar å bruke innsikt og tal til å vurdere effekt, justere tiltak og utvikle kommunikasjonen vidare. Du er nysgjerrig, lærevillig og tek raskt eigarskap til oppgåver og prosessar.

Kvifor SpareBank 1 Sogn og Fjordane?

I SpareBank 1 Sogn og Fjordane blir du ein del av eit miljø i utvikling, med høve til å forme din eigen arbeidskvardag og ta ansvar tidleg. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø med korte beslutningsvegar og stor tillit. Som trainee får du tett oppfølging og arbeidsoppgåver som gir reell læring og ansvar.

Vi tilbyr fleksibel arbeidstid, redusert arbeidstid i sommarhalvåret og gode pensjons og forsikringsordningar. Som trainee får du ein trygg og lærerik start på karrieren i ein bank med sterk lokal forankring og tydelege ambisjonar for vidare utvikling. Arbeidsstad er Førde.

Nysgjerrig på om dette kan vere noko for deg? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat med Anna Stina eller Regine:

Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk gjennomførast av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til det.

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august til august.

SpareBank 1 Sogn og Fjordane Kulturbilde