Ingeniør trainee

Nyheiter

Få fart på ingeniørkarrieren – start som trainee

Framtidsfylket Vestland tilbyr fire traineestillingar for deg som ønsker det vesle ekstra for starten på ingeniørkarrieren.

Som trainee får du eit år fylt med tett oppfølging, bratt læringskurve, sterke fagmiljø og reelle prosjekt frå dag éin – i nokre av Vestland sine mest framtidsretta verksemder.

Sjekk ut:

👷‍♀️Prosjektering/ Byggingeniør – Helgesen Tekniske Bygg

Søknadsfrist 29. mars

Bli med å utvikle framtidas bygg! HTB ser etter ein trainee til prosjekteringsavdelinga si. Du er nyutdanna eller har nokre års erfaring innan bygg/konstruksjon, og ønsker å lære mykje på kort tid.

Les meir og søk

♻️ Prosessingeniør – Elkem

Søknadsfrist 29. mars

Hos Elkem Bremanger har du sjansen til å starte karrieren i eit globalt selskap, som skapar berekraftige løysingar for framtida.

Dei ser etter deg med lidenskap for berekraft, teknologi og kontinuerlig forbetring.

Les meir og søk

⚙️ Mekanisk ingeniør – INEOS Tyssedal

Søknadsfrist 29. mars

INEOS gir deg sjansen til å jobbe hands-on med mekaniske system og vedlikeholdsstrategiar i ei moderne industribedrift. Du blir ein del av eit tverrfagleg team som jobbar med design, analyser, tekniske berekningar og kontinuerleg forbetring. Rotasjon i ulike avdelingar og tett mentoroppfølging sikrar ei solid fagleg utvikling.

Les meir og søk

Kvifor det vesle ekstra som trainee?

  • Som fersk i arbeidslivet er det eit stort pluss med eigen mentor, som sikrar deg ein trygg start på karrieren
  • Som trainee blir du del av eit nettverk av andre unge i same situasjon som deg, som gjer det lettare å finne seg til rette i regionen.
  • Du deltar på fire traineesamlingar gjennom året = mykje moro, ein smak av Vestlandet + tips og råd til deg som er ny i arbeidslivet.
Sjå alle traineestillingane her

Fleire saker