Hub for Ocean

Hub for Ocean søker kommunikasjonsansvarleg til Ocean Hyway Cluster. Les om denne og ni andre jobbar her.

Nyheiter

10 ledige stillingar i oktober

Er du Ocean Hyway Cluster sin nye kommunikasjonsansvarlege, IT-student på jakt etter sommarjobb, eller vil du kanskje forske på marknadsføring og innovasjon? Her er månadens stillingar.

Vil du bidra til det grøne skiftet?

BKK AS er essensielle i elektrifisering av Vestlandet, og treng no fleire dyktige prosjektingeniørar. Som prosjektingeniør får du jobbe med spennande prosjekt i samarbeid med selskapet sine kundar, i eit solid fagmiljø med gode moglegheiter for utvikling:

Les meir

Vestland fylkeskommune søker seniorrådgjevar – forsking, kompetanse og internasjonalisering

Vil du vere med å utvikle ein sterkare sirkulær økonomi i Vestland? Fylkeskommunen treng nokon som kan bidra i oppdraget med å setje retning, mobilisere og koordinere dette arbeidet. Tek du utfordringa?

Les meir

Gloppen kommune søker fleire tilsette til ny avdeling

Gloppen kommune har tatt på seg det viktige arbeidet med å følgje opp byggesak og spreidde avløp i Nordfjord, og skal frå januar 2024 tilsette eit sterkt fagmiljø på Sandane. Dei skal tilsette både leiar, jurist, vatn- og avløpskompetanse, byggingeniør og miljørådgjevar. Jobbar du med noko av dette og kan tenke deg ei framtid i Nordfjord, må du ta kontakt:

Les meir

Gloppen kommune

Ligg framtida i Gloppen?

IT-student som ser etter sommarjobb? Då MÅ du få med deg denne!

Bli med på DigdirCamp 2024! Kvart år inviterer Digitaliseringsdirektoratet IT-studentar til DigdirCamp i Leikanger i Sogn. Her får du bruke kunnskapen og ferdigheitene dine til å jobbe med konkrete ikt-oppgåver ved sidan av erfarne utviklarar i eit sterkt fagmiljø. I tillegg til faglege utfordringar, skal campen gi deg ei sosial og spennande oppleving i Sogn:

Les meir

Ullensvang kommune søker kommunalsjef helse og omsorg

Er du ein tydeleg leiar som ønsker å gjere ein forskjell i Ullensvang? Som kommunalsjef innan helse og omsorg får du ei spennande stilling med utfordrande oppgåver, og ei sentral rolle i utviklinga av framtidas helse- og omsorgstenester i kommunen.

Les meir

Vil du forske på marknadsføring og innovasjon?

Høgskulen på Vestlandet har inntil to ledige stipendiatstillingar innan marknadsføring og innovasjon ved campus Sogndal. Vil du forske på korleis nye teknologiar påverkar viktige marknadsføringsaktivitetar? Og korleis det er kopla til berekraftig forbrukaråtferd og yteevne i ei bedrift? Då bør du sjekke ut desse stillingane:

Les meir

NRK nynorsk mediesenter

Er det din tur til å bli nynorskpraktikant i NRK?

NRK Nynorsk mediesenter søker nynorskpraktikantar

Har du lyst til å prøve deg som journalist og bruke nynorsk i NRK? Her får du lære alt du treng for å komme i gang med journalistikk på alle plattformer – og du får praktikantløn i heile perioden. Bli del av eit engasjert praktikantmiljø i det splitter nye Nynorskhuset i Førde:

Les meir

Hub for Ocean søker kommunikasjonsansvarleg

Brenn du for kommunikasjon og har eit ønske om å gjere ein forskjell? Noregs leiande maritime hydrogenklynge, Ocean Hyway Cluster, er på jakt etter ein knakande dyktig kommunikasjonsansvarleg. Her blir du del av eit triveleg team med brei kompetanse og stor takhøgde:

Les meir

Luster kommune søker barnehagetilsette

Ønsker du å jobbe i barnehage samstundes som du er nær fantastiske naturopplevingar? Då har Luster kommune fleire moglegheiter for deg no. Dei søker nemleg barnehagetilsette med ulik kompetanse til to forskjellige barnehagar i kommunen:

Les meir

Luster barnehage

Denne morgonsola kan du nyte om du jobbar i Luster barnehage.

Jobb som NAV-rådgjevar i Høyanger

Høyanger kommune har ledig ei 100 % fast stilling som NAV-rådgjevar med snarleg tiltreding. Dei tilbyr spennande og meiningsfylte oppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde, i eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer. Er dette jobben for deg?

Les meir

Sjå alle ledige stillingar

Fleire saker