Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
NRK Nynorsk mediesenter | Sunnfjord | Fulltid |
Har du lyst til å prøve deg som journalist og bruke nynorsk i NRK? Her får du lære alt du treng for å komme i gang med journalistikk på alle plattformer - og du får praktikantløn i heile perioden.
Vi ser etter samfunnsengasjerte ungdommar som brukar nynorsk. Du kan søkje uansett kor du kjem frå, men er du frå Nord-Norge, Trøndelag, Sørlandet eller Innlandet, er du særleg velkommen i søknadsbunken. Det skadar heller ikkje om du har ei utdanning eller ein yrkesbakgrunn ikkje alle andre journalistar har, for all erfaring og kompetanse kan komme til nytte i journalistikken.
Ved NRK Nynorsk mediesenter i Førde får du opplæring og praksis i nyhendejournalistikk på nett, TV, radio og sosiale medium. Opplæringa er svært praktisk og går føre seg etter lære-med-å-gjere-det-metoden.
Som praktikant lagar du saker for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium i den daglege produksjonen i redaksjonen. Du lærer kva som er ei sak, å ta sjølvstendige val og å arbeide under tidspress. Alle praktikantane får tett oppfølging frå faglærarar og kollegaer i NRK Vestland og andre NRK-redaksjonar.
Vi gjev opplæring i NRK sine arbeidsverktøy. Mediespråket er nynorsk.
Det 40. kullet med praktikantar byrjar 2. januar 2024 og er ferdig 30. juni samme år. Det er fem plassar på kullet.
For å bli nynorskpraktikant må du vere nynorskbrukar og ha lyst til å bli journalist. Vi tek inn folk med ulike bakgrunnar og utdanningar, men det er eit minstekrav at du har fullført vidaregåande skule. Vi leitar fyrst og fremst etter talenta.
Vi ønskjer søknader som fortel noko om deg og kvifor du søkjer. Det er viktig å legge attestar og vitnemål ved søknaden.
Det er ønskjeleg at praktikantane har førarkort.
NRK treng nynorskpraktikantar i ulike redaksjonar, både på Marienlyst i Oslo og i riks- og distriktsredaksjonane rundt omkring i landet. Det er derfor fint om du skriv litt om kvar du kan tenkje deg praksis i søknaden. Les meir om alle kontora våre her: https://www.nrk.no/informasjon/nrk-sine-distriktskontor-1.6631072.
Vi leitar etter engasjerte og godt orienterte folk, også med fleirkulturell bakgrunn og frå ulike stadar i landet. Du må ha stå-på-vilje, like utfordringar og høgt tempo, og ha evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre. Eit levande og godt språk, og evne til å fortelje, er viktig for å bli ein god journalist.
Til no har vi lært opp 195 nynorskpraktikantar. Om lag 60 prosent av dei jobbar i media, og om lag 40 prosent er no tilsette i NRK. Vi har og tidlegare praktikantar i TV 2, VG og ei rekke ulike riks- og lokalaviser rundt omkring i landet.
Vi kallar inn til intervju, språk- og studiotest kort tid etter søknadsfristen.
Les meir om stillingane og opplegget på https://nynorskmediesenter.no/