Jenny Tomasgard New York

Utsikt over skyline på Manhatten, frå Brooklyn. Den beste staden å sjå solnedgangen i New York, ifølge Jenny.

Nyheiter

– No ser eg verdien av det vi har

Berekraftsansvarleg i Skogstad, Jenny Mari Tomasgard, måtte langt vekk for å sjå kva ho hadde heime. I dag jobbar ho fulltid med å ta vare på det.

– Om eg skal vere heilt ærleg, skumma eg raskt gjennom og slo den litt frå meg, svarar Jenny, då vi spør kva som trefte ho i stillingsannonsen.

Jenny pendlar mellom Oslo og Innvik. Denne veka er ho i Oslo, og vi må difor ta intervjuet på Teams.

Ho skundar seg å legge til:

– Men det var før eg fekk ei oppmoding på LinkedIn og seinare tok ein prat med dagleg leiar, Henning Skogstad. Då vart stillinga plutseleg superinteressant, sjølv om «timinga» ikkje var den beste.

Frå Hornindal til New York

Jenny er 26 år og kjem frå Hornindal. Då ho var ferdig på vidaregåande i Stryn, var ønsket om å reise ut i verda stort. Jenny syntest det var vanskeleg å finne sin plass, og ville oppleve noko anna. Valet fall på storbyen New York og studiar ved Berkeley College.

– Snakk om miljøskifte!, seier ho og peikar på kontrastane til livet heime:

– Eg har vakse opp i ei lita bygd der frivilligheita står sterkt, og alle må bidra skal ein ha eit levande lokalsamfunn. I New York er det ein heilt annan puls, masse som skjer – og tida, den berre fyk forbi, forklarar ho.

Jenny Berkeley

Frå uteksamineringsseremonien etter ferdig utdanning i 2019

Berkeley

Jenny studerte Bachelor of Business Administration ved Berkeley College.

Tid til å stoppe opp

Det var først når ho var heime for å jobbe om somrane at ho fekk tid til å stoppe opp og reflektere. Ho trur også det er grunnen til at ho klarte å halde på verdiane sine.

– Vi har ei rekke gode som norske statsborgarar, både i form av helse- og utdanningssystemet, men også i arbeidslivet generelt, som eg trur mange tar litt for gitt. Det gjorde i alle fall eg. Litt det same opplevde eg med nærheita til naturen, og tryggheita som vi har her. Eg set mykje meir pris på slike ting no, etter at eg har hatt det litt på avstand, forklarar ho.

Berekraftige idear

Etter fire og eit halvt år i New York sendte pandemien ho heim. Tida i utlandet hadde gjort Jenny bevisst på verdien av å ta vare på det vi har, og i kombinasjon med alle ideane ho stadig gjekk rundt med, ville ho studere Innovasjon og berekraftig samfunnsutvikling ved NTNU i Trondheim:

– Eg har alltid vore full av tankar og idear, og synest det er spennande med utvikling,innovasjon og overgangar. Då eg hadde praksisplass hos Innovasjon Norge under verdsutstillinga i Dubai, var jobben min å fronte Noregs nyaste teknologi. Digitalisering og bærekraft går hand i hand og gir enorme moglegheiter for vekst og utvikling.

– Men først Oslo!

Også tida i Dubai forsterka inntrykket av kor godt vi har det i Norge, men det gav også økt innsikt rundt utfordringane vi står ovanfor globalt. Då ho avslutta masteren ved NTNU, var Jenny inspirert til å gjere ein forskjell i arbeidslivet. Ho såg for seg nokre år i Oslo, før ho med tida truleg ville trekke heimover til Vestlandet.

– På vidaregåande var det heilt utenkeleg, ler ho.

– Men tida i utlandet og møtet med andre kulturar fekk meg til å innsjå at eg trivst best med fjell og fjord rundt meg. Og det er definitivt ein mykje meir berekraftig livsstil.

Inngjekk kompromiss med Skogstad

Men så dukka det altså opp ei interessant stilling i heimtraktene:

– Stillinga var i Innvik. Altså var det ikkje så aktuelt på dette tidspunktet.

Anders Lødemel i Nordfjordakademiet meinte ho passa perfekt i stillinga som berekraftsansvarleg, og Skogstad var ivrige etter å tilsette Jenny. Kva om dei kom fram til eit kompromiss?

– Skogstad var bestemte på at stillinga er i Innvik, men samtidig villige til å vere fleksible.

Og det var grunnen til at dette arbeidsforholdet vart noko av. Jenny fekk tilbod om å jobbe 50% i Innvik og 50% i Oslo. Ein avtale begge var fornøgde med.

– Eg fekk sjansen til å jobbe i ei lokal bedrift med gode verdiar, som ønskte å satse på bærekraft, og samtidig få impulsar frå både by og bygd inn i kvardagen.

Etisk handel

Etisk konferanse: Jenny, innkjøpssjefen og dagleg leiar i Skogstad på Etisk handel konferansen tidlegare i år.

Nei til rigide arbeidsgivarar

– Det er så utruleg viktig at arbeidsgivarar i distriktet er fleksible og opne for å tenke nytt. Samfunnet endrar seg i form av at unge ønsker å bu fleire stadar. Om ein er villig til å endre krava for stillinga, er eg sikker på at fleire er interesserte i å søke. Stillingsannonsar med lange lister med krav og formalitetar og rigide arbeidsgivarar er ikkje særleg attraktivt. Ei uformell melding på LinkedIn derimot – mykje meir interessant.

Såg stort potensiale

Medan mange av studiekameratane gjekk inn i større konsulentselskap, er Jenny superfornøgd med valet om å jobbe for ei mindre bedrift lokalt.

– Lokale bedrifter som Skogstad er viktige for verdiskaping og sysselsetting i distrikta. Når dei i tillegg ønsker å satse på berekraft, synest eg det er veldig kjekt å få lov til å vere med på den reisa. Det er også kult å sjå at ein kan vere med og inspirere andre bedrifter til å gjere det same.

Tar grep!

Tekstilbransjen står framfor ei stor omstilling, og det kjem snart nye lover og retningslinjer både nasjonalt og frå EU. Bransjen har verkeleg vakna, og Skogstad ønsker å være med å dra bransjen i riktig retning. Jenny seier ho er optimistisk med tanke på framtida til tekstilbransjen:

– Vi jobbar med alt i frå å få kontroll på utslepp, redusere svinn, auke levetida på kleda, kvalitetssikre og stille krav til leverandørar og ikkje minst: gjenbruk og reparasjon, seier ho og kan fortelje at pilotprosjektet på gjenbruk har vore ein kjempesuksess:

– Prosjektet skulle gå over tre månader i sommar, med utsal i Stryn og Innvik. No har vi ikkje meir å selje, så målet er nådd. Tilbakemeldingane har vore kjempepositive, seier ho ivrig.

Huaren

Jenny og sambuaren på tur heime i Nordfjord. Her frå Huaren mellom Loen og Olden.

Fleire er opptatt av gjenbruk

Samtidig jobbar dei med å bygge opp eit nettverk av lokale skreddarar tilknytt butikkane.

– Ikkje alle veit det, men Skogstad har hatt reparasjonsavdeling i lang tid. No arbeider vi for å effektivisere den, samtidig som vi rustar opp med andre tiltak. Vi forventar ei aukande interesse for slike tenester. Det handlar litt om tida vi lever i. Då må vi og omstille oss.

Her kjem ei oppmoding:

Jenny er ikkje berre opptatt av berekraftig utvikling, ho har også ei oppmoding til arbeidsgivarane i distriktet – og jobbsøkaren:

– Unge som ønsker å flytte til distriktet må tore seie frå om at dei ønsker tilrettelegging. Det er typisk å vere audmjuk og tenke at berre eg får ein jobb, skal eg vere fornøgd. Men om du torer stille krav tilbake kan det vere det som gjer at du trivst og blir verande der. Det er vinn/vinn, meiner eg.

For å få til utvikling i distriktet, må vi ha fleire folk. Her meiner Jenny arbeidsgivarane må vere smarte:

– Det er nødvendig å tenke nytt rundt rekruttering. Det som gjorde meg interessert i jobben i Skogstad var ei uformell LinkedIn-melding. Heller det enn ei rigid og kjip stillingsannonse. Så gjer sjølvsagt aktørar som Nordfjordakademiet og Framtidsfylket ein utruleg viktig jobb med å synleggjere moglegheitene og fortelje dei gode historiene.

– Vidare det kjennest meiningsfullt å gå på jobb. Eg sjølv kjem rett frå skulebenken og ønsker å utvikle meg, meistre, vere kreativ og få ansvar. Ansvar er nok eit nøkkelord her, avsluttar ho.

Fleire saker