Digitaliseringsdirektoratet Hovedbilde

Sommarjobb for IT- studentar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Digitaliseringsdirektoratet Sogndal Sommerjobb
Digitaliseringsdirektoratet Logo

Digitaliseringsdirektoratet

Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger, Noreg
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Jørn Stenehjem
911 46 279

Søknadsfrist

31. desember 2023 Søk på stillinga her

DigdirCamp 2024

Ønsker du sommarjobb i eit direktorat som jobbar med teknologi for å løyse viktige samfunnsoppgåver? Kvart år inviterer vi IT-studentar til å vere med på DigdirCamp i Leikanger i Sogn. På DigdirCamp får du bruke kunnskapen og ferdigheitene dine til å jobbe med konkrete ikt-oppgåver ved sida av erfarne utviklarar i våre fagmiljø.

Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) er regjeringas fremste verktøy for raskare og samordna digitalisering av offentleg sektor. Vi har eit spesielt ansvar for utvikling, drift og oppfølging av nasjonale felleskomponentar som mellom anna ID-porten og MinID.

I tillegg til spennande faglege utfordringar legg vi vekt på at studentcampen skal gi deg sosial og spennande oppleving i hjartet av Sogn. Vi legg derfor opp til at du skal ha det kjekt også utanfor arbeidstida og sørgar for felles innkvartering og tilrettelegging for fritidsaktivitetar. Digdir tek delar av kostnaden med overnatting.

Vi har ledig sommarjobb for inntil åtte IT-studentar frå midten av juni til midten av august 2024.

Arbeidsoppgåver

Du får høve til å arbeide tett saman med utviklingsmiljøet i Digdir. Oppgåvene vil vere å utvikle og tilpasse digitale tenester for offentleg sektor.

Studentane jobbar gjerne i to grupper for å løyse konkrete oppgåver. Gjennom sommaren presenterer studentane korleis dei jobbar med oppgåvene og kva for løysingar dei foreslår.

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer primært etter studentar innan informatikk/systemutvikling.

Pass på at du i søknaden skriv kva utdanning du tek og kor langt du er komen i utdanninga. Arbeidsspråket er norsk.

Vi tilbyr deg

Her finn du informasjon om kva Campen i 2020 handla om

Korleis søkjer du?

Send inn din søknad via rekrutteringsverktøyet Jobbnorge. Legg ved karakterutskrift som dokumentasjon av utdanning, karakterutskrift kan lastast ned frå Vitnemålsportalen.

Vi treng også informasjon om du ynskjer felles innkvartering, og om du kan følge oppsett arbeidsperiode hos oss.

Søknadsfrist for stillingane er 31. desember.

Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.


Synes du dette er interessant og ønsker meir informasjon, kontakt gjerne

Systemutviklar Hallvard Bjørdalsbakke
E-post: hallvard.bjordalsbakke@digdir.no
Telefon: 417 49 924

Seksjonssjef Jørn Stenehjem
E-post: jorn.stenehjem@digdir.no
Telefon: 911 46 279

Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.