Ei ny avtale med ein kinesisk tek-gigant fører til kraftig opptrapping av satsinga på vestlandet. Det betyr nye jobbmoglegheiter for deg som vil bu i Sogndal eller Vik.
– Målet er å doble omsetninga vår innan få år, seier Highsoft sin toppsjef Atle Sivertsen i ei pressemelding.
Samstundes med satsinga i Kina utvidar Highsoft også på Vestlandet. Selskapet etablerer seg no i Sogndal, i tillegg til at dei utvidar kontoret i Bergen. Vik er framleis hovudkontor.
– Vi ønsker å tiltrekke oss nokon av dei fremste talenta innan teknologi og IT. Hos oss kan ein få spennande oppgåver i eit miljø som gir rom for fagleg utvikling, samtidig som ein bur midt i vakker norsk natur. Dette trur eg mange digitale nomadar vil sette pris på, seier Highsoft-sjefen.
No inviterer dei deg som er interessert i ei karriere i Highsoft til å knyte kontakt. Du kan enkelt registrere di interesse på nettsida deira, så vil du bli kontakta når det dukkar opp relevante moglegheiter:
Med åra har Highsoft vokse til å bli eit globalt selskap med ei omsetning på over 72 millionar kroner og kundar over heile verda. Det meste av omsetninga kjem frå utlandet.
I Highsoft kan du med andre ord jobbe med heile verda frå distriktet. Du får arbeide med spennande teknologiske produkt i ein global og internasjonal marknad, samstundes som du er del av eit arbeidsmiljø med fleksibilitet som gjer det lett å kombinere jobb med fritid og familieliv.
Ikkje minst er Highsoft flinke til å ha det kjekt på jobb, og det er ikkje sjeldan vi ser bilder av kubbspeling i pausane, felles turar eller andre sosiale happenings på kontoret.