Høgskulen på Vestlandet Hovedbilde

Stipendiatstillinger innen markedsføring og innovasjon

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høgskulen på Vestlandet Sogndal Fulltid
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Erin Fausa Pettersen
951 43 100

Søknadsfrist

18. oktober 2023 Søk på stillinga her

Dette er Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studiar og Institutt for samfunnsvitskap. Fakultetet har om lag 2780 studentar og 140 tilsette.

Det er elleve bachelorprogram og fire masterprogram ved fakultetet. FØS har eit doktorgradsprogram i nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sør Øst-Norge (USN). FØS er også vertsfakultet for doktorgradsprogrammet Ansvarlig innovasjon og regional utvikling (RESINNREG) som går på tvers av fleire fakultet i HVL. FØS har det faglege og administrative ansvaret for programmet.

Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL har om lag 1500 studentar og 100 tilsette. Instituttet er fordelt på tre campus: Bergen, Haugesund og Sogndal. Instituttet har seks bachelorprogram og to masterprogram.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har inntil to ledige stipendiatstillingar i marknadsføring og innovasjon ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap, Institutt for økonomi og administrasjon

Stilling som stipendiat har fullført doktorgradsutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal inngå i eit godkjent opplegg for ph.d.-utdanning innanfor ei tidsramme på 4 år der 25% av arbeidstida vil vere pliktarbeid i form av undervisning, utviklingsarbeid eller administrasjon. Pliktarbeidet skal utførast ved HVL.

Stipendiatane skal vera deltakande i fagmiljøet og bidra til eit aktivt forskingsmiljø i HVL og på campus.

Begge stillingane har arbeidsstad ved campus Sogndal.

Om stillingane

Stipendiatstillingane vil inngå i phd-programmet "Ansvarleg innovasjon og regional utvikling" (Responsible Innovation and Regional Development - RESINNREG). Ei framtidsretta forskarutdanning med vekt på ansvarleg innovasjon for ei berekraftig regional utvikling. RESINNREG er eit tverrfagleg phd-program, organisert i tre strategiske tverrfakultære forskingsprogram på felta industriell innovasjon, grøn innovasjon og innovasjon innan offentleg sektor. Du finn meir informasjon om phd-programmet her.

Stillingane som stipendiat i marknadsføring og innovasjon ved Institutt for økonomi og admnistrasjon, vil bli knytt til fakultetet si forskingsgruppe innan Markedsføring, reiseliv og innovasjon.

Ansvars- og arbeidsområde:

Søkjarar til stillingane bør ha interesse for å forska på korleis nye og innovative teknologiar påverkar viktige marknadsføringsaktivitetar og deira kopling til berekraftig forbrukaråtferd og bedrifta si yteevne. Korleis psykologiske faktorar hjå kunden, som identitet, aksept og innovativitet, påverkar kundeadferd, er relevante tema. Potensielle prosjekt bør utforske synergiar mellom nye og innovative teknologiar, psykologiske faktorar og marknadsføringsaktivitetar langs verdikjeda, inkludert strategi og planlegging - grunngjevinga bak og samsvaret med kundane sine forventningar og åtferd.

Vi søkjer høgt motiverte kandidatar med sterk interesse for å publisere forsking i nasjonale og internasjonale tidskrift, og for å delta på konferansar.

Det er ein føresetnad at stipendiaten sitt prosjekt blir innretta slik at stipendiaten kan takast opp på ph.d.-programmet Ansvarleg innovasjon og regional utvikling (RESINNREG). Rettleiar vil saman med kandidaten utarbeida ein detaljert plan for forskarutdanninga, som skal knytast til opptak på ph.d.-programmet. Sjå omtale, studieplan og opptakrav for programmet på programmet si nettside Responsible Innovation and Regional Development

Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ei eventuell tilsetjing som stipendiat. Som hovudregel skal stipendiaten innan 3 månadar etter tilsetjing ha fått opptak på det aktuelle ph.d.-programmet. Meir informasjon om tilsetjing i stipendiatstilling finn du på hvl.no, Tilsetting i stipendiatstilling - Høgskulen på Vestlandet.

Kvalifikasjonskrav:

Stilling som stipendiat har slike krav:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad innanfor marknadsføring og innovasjon, til dømes Master of Science in Business. Andre mastergrader med høg relevans for fagområdet kan òg vurderast
  • Mastergradsoppgåva skal vere levert til vurdering innan søknadsfristen for stillinga, og mastergraden (120 stp./30 ECTS.) skal vere godkjent seinast 4 veker etter søknadsfristen
  • Den/dei som blir tilsett må dekke krava for opptak til Ph.d.programmet RESINNREG. Opptak krev normalt karakteren A eller B på masteroppgåva og eit gjennomsnitt på C eller betre for studiedelen
  • Stillinga krev svært gode språklege ferdigheiter på engelsk, både munnleg og skriftleg. Søkjaren bør i tillegg ha gode språklege ferdigheiter i norsk eller i eit anna skandinavisk språk.
  • God IKT-kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring med prosjektarbeid, formidling og rettleiing
  • Har tidlegare publikasjonar med relevans for utlysinga
  • Faglege kvalifikasjonar innanfor temaområdet
  • Relevant metodekompetanse
  • Internasjonalt nettverk

Personlege eigenskapar:

  • Gode føresetnadar for å gjennomføre doktorgradsutdanninga i løpet av stipendiatperioden
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel
  • Evne til å arbeide effektivt og systematisk
  • Gode samarbeids- og formidlingsevner
  • Gode analytiske ferdigheiter
  • Evne til nytekning og gjennomføring

Prosjektskisse:

Søkjarar må legge ved ei førebels prosjektbeskriving på maks fem sider. Skissa skal skildre tema, problemstillingar, val av teori og metode, og plan for gjennomføringa av prosjektet. Denne førebelse prosjektbeskrivinga vil bli nytta i vurderinga av kandidaten sine kvalifikasjonar og er ikkje den endelege prosjektbeskrivinga. Stipendiatprosjektet vil bli vidare utforma i samråd med hovudrettleiar.

I vurderinga av søkjarane blir det lagt særleg vekt på følgjande kvalifikasjonar:

  • Akademiske kvalifikasjonar innanfor forskingsområdet
  • Kvaliteten på masteroppgåva (karakter A eller B)
  • Kvaliteten på prosjektbeskrivinga
  • Andre vitskaplege publikasjonar

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder

  • masteroppgåva
  • prosjektskissa
  • Attestar og vitnemål
  • CV og fullstendig publikasjonsliste

Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller på engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga til saman overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjar med utenlandsk utdanning må legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksame på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og at slik søknad bør sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen for stillinga, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.

Søkjarar til stipendiatstillingar ved HVL vert vurdert av eit sakkunnig utval. Vurderinga skjer på grunnlag av dokumentert kompetanse. På grunnlag av utvalet si innstilling, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju. Tilsetjinga skjer i tilsetjingsutvalet ved gjeldande fakultetet.

Søknadar eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017/ 1378 Stipendiat, lønstrinn 54. Opprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for tiltreding i stipendiatstillinga. Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem, som kan vera aktuell i handsaminga av søknadene.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:
Assisterande instituttleiar Ingunn Skjelbreidalen
Ingunn.Skjelbreidalen@hvl.no / +47 57 67 63 42

Høgskulen på Vestlandet
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider.

Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde