Rådgjevar NAV

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Rågjevar NAV Høyanger kommune Høyanger Fulltid

NAV Høyanger er lokalisert i Høyanger sentrum, og har 10 tilsette. Vi er del av region Sunnfjord der vi inngår i eit regionalt samarbeid med fem andre NAV kontor. Vi er og i prosess der vertskommunesamarbeid vert vurdert. NAV har som overordna mål å gje moglegheiter til arbeid og aktivitet for alle, samt sikre rettar til velferdsytingar. Vårt hovudoppdrag er å bidra til at flest mogleg av innbyggjarane i Høyanger kommune kan vere i arbeid og at arbeidsgjevarane i distriktet vårt får dekka sitt behov for arbeidskraft. NAV-kontoret har ansvar for eit vidt spekter av kommunale og statlege tenester og verkemiddel. Vi løyser oppgåvene våre i tett samarbeid med brukarar, arbeidsgjevarar, ulike tenesteleverandørar og samarbeidspartar.

Vi har ledig 100% fast stilling frå snarast.

Arbeidsoppgåver

•Sakshandsaming og rettleiing på området økonomisk stønad, økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving
•Heilskapleg oppfølgjing og rettleiing av personar som treng hjelp for å kome i arbeid og aktivitet
•Kartlegging av arbeidsevne og vurdering, iverksetjing og oppfølgjing av tiltak
•Kontakt og samhandling med arbeidsgjevarar og samarbeidspartar
•NAV er i stadig utvikling og endring i arbeidsoppgåver må påreknast

Kvalifikasjonar

•3-årig relevant utdanning frå høgskule/universitet, fortrinnsvis innan fagsektoren helse og / eller sosial. Føremon
med erfaring frå økonomisk rådgjeving. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
•Gode eigenskapar og erfaring frå rettleiingsarbeid, i dette ligg å hjelpe brukarar til å sjølve ta hovudansvar for eigne
meistrings- og utviklingsprosessar
•Kommunikasjon med brukarar, sakshandsaming og dokumentasjon utgjer ein betydeleg del av arbeidskvardagen.
Søkjarar må ha gode norskkunnskapar og god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
•God digital kompetanse og evne til å setje seg inn i nye verktøy og være delaktig i den digitale utviklinga i NAV.

Vi ser etter deg som:

•er positiv, samarbeidsvillig og serviceorientert
•er målretta og arbeider systematisk, både sjølvstendig og i team
•trivast med å ha mykje kontakt med brukarar, arbeidsgjevarar og samarbeidspartar, med evne til å motivere og
engasjere.
•har god gjennomføringsevne og er resultatorientert.
•er tydeleg, løysingsorientert, fleksibel og har gode samhandlingsevner.
•tek ansvar for eigen fagleg utvikling og medverkar til eit godt arbeidsmiljø.
•har menneskesyn og haldningar som støtter opp om NAV sin visjon og verdiar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr:

•Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
•Eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø med aktive, engasjerte og dyktige kollegaer
•Lønn etter tariff
•God pensjonsordning gjennom KLP