Seniorrådgjevar, - forsking, kompetanse og internasjonalisering Bilde

Seniorrådgjevar

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Seniorrådgjevar, - forsking, kompetanse og internasjonalisering Vestland fylkeskommune Bergen, Sogndal, Stord Fulltid
Vestland fylkeskommune Logo

Vestland fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norge
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Kathrin Jakobsen
98255253

Søknadsfrist

10. oktober 2023

Vil du være med å utvikle ein sterkare sirkulær økonomi i Vestland? Det er eit stort potensial for fleire og betre sirkulære løysingar både i næringslivet og offentleg sektor, mellom sektorar. Da må vi samarbeide på tvers av bedrifter, næringslivsaktørar, forskingsmiljø, utdanningsinstitusjonar og kommunar. Og det må gjerast i samspel med det som skjer i resten av Noreg og ikkje minst i EU. Det er mange aktørar som jobbar på dette feltet. Vestland fylkeskommune har eit særleg ansvar for å setje retning, mobilisere og koordinere.

Dette treng vi di hjelp til. I seksjon for forsking, kompetanse og internasjonalisering har vi ledig stilling som rådgjevar på dette feltet.

Abeidsoppgåver

  • Vere i dialog med og kople aktørar som jobbar med sirkulære løysingar (og styrke det regionale økosystemet for sirkulær økonomi)
  • Bidra til å utvikle nettverk og arenaer som fremjar samarbeid om sirkulær økonomi
  • Etablere eit felles kunnskapsgrunnlag om status for arbeidet med sirkulær økonomi i Vestland
  • Delta i arbeidet med å få fram meir forsking og utvikling om sirkulær økonomi og sirkulære løysingar
  • Avklare behovet for kompetanse på sirkulære løysingar i næringslivet og kommunane
  • Delta i internasjonale forum og følgje med på utviklinga på feltet
  • Avdekke behov og bidra til utvikling av relevante verkemidlar
  • Arrangere konferansar og samlingar

Kvalifikasjonar

  • Minimum mastergrad
  • Kunnskap om sirkulærøkonomi opparbeidd gjennom utdanning og/eller praksis
  • Kjennskap til regionale innovasjonssystem
  • Kjennskap til forskings- og utdanningssektoren
  • God kunnskap om næringslivet i Vestland
  • Erfaring med å leie prosessar og kople aktørar
  • God kunnskap i norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig og initiativrik
  • Gode relasjonelle eigenskapar
  • Evne til å kommunisere med ulike grupper og byggje nettverk
  • Evne til å ta ei heilskapleg tilnærming og sjå tematiske koplingar
  • Gode analytiske evner
  • Evne til å raskt setje seg inn i nye fagområde
  • Vi tilbyr
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Andre opplysningar:
  • Dersom du har spørsmål, ta gjerne ein prat med kontaktperson
  • Arbeidsstad i Bergen, Leikanger eller Stord
  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.