Er du Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter sin nye idrettspedagog?
Mai månad byr på ei rekke spennande stillingar i det vakraste fylket. Finn du din neste jobb på lista?
Senteret i Fjaler er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Det ligg flott til ved fjorden, og naturen nyttast aktivt i rehabiliteringa. Som tilsett har du tilgang til fasilitetar både inne og ute, som treningsrom, kajakk og kano og Badeland. Bli del av eit trivelig og aktivt arbeidsmiljø:
NOREC søker juniorekspert til FN-systemet. Her kan du få ei unik internasjonal erfaring og viktig kjennskap til korleis FN fungerer. Akkurat no er det ledig ei stilling innan universell helse i Montevideo, Uruguay for deg med relevant utdanning innan folkehelse eller samfunnsvitenskap:
Norwegian Ship Design (TNSDC) søker to skipsingeniørar til sitt kontor i Førde. Har du kunnskap om og interesse for framtidsretta skipsdesign, vil dei høyre frå deg:
Kontoret til Norwegian Ship Design ligg sentralt til i Førde sentrum, og husar ca 20 engasjerte og dedikerte tilsette i heile spekteret frå unge med friske tankar og pågangsmot til godt vaksne med årelang og solid erfaring.
Sjømatbransjen er ein spennande matindustri i sterk utvikling. Babord har nyleg opna ny fabrikk på Raudeberg som treng ein aktiv produksjonsleiar. Som produksjonsleiar får du ei viktig rolle som rettleiar samstundes som du har ansvaret for den daglege produksjonen. Høyrest det ut som noko for deg? Sjekk den ut:
Høgskulen på Vestlandet har to ledige stipendiatstillingar i Sogndal innan marknadsføring og innovasjon med ønska oppstart 1. august. Om du har ei sterk interesse for å publisere i nasjonale og internasjonale tidsskrift, delta på konferansar, undervise og elles bidra til eit aktivt forskingsmiljø i Sogndal, er dette noko for deg:
Kinn kommune ser etter ein medarbeider til forskings- og utviklingsavdelinga som skal jobbe med kommunen sine tenester innan mangfald, likeverd og integrering. Her får du moglegheit til å påverke ein organisasjon i vekst og gjere ein forskjell for flyktningar:
Kinn kommune ligg vakkert til på kysten, med gode moglegheiter for aktivitetar både på land og til havs.
Er du ein engasjert lærar som kan undervise på ulike instrument, dirigere korps og kor – og kanskje har du også kompetanse på lyd og lys? Aurland kommune tilbyr ein triveleg arbeidsplass, gratis trening og symjing og hjelp med å skaffe bustad, barnehageplass og arbeid til partner for den rette kandidaten:
Vil du vere med å vidareutvikle Bremanger folkebibliotek som kulturarena og møteplass, og fylle det med opplevelse og inspirasjon? I Bremanger kan du bu og arbeide i eit Noreg i minatyr, i eit landskap som strekk seg frå vakre sandstrender heilt vest i havet til isbrear og fantastisk fjellmiljø lenger inne i landet:
Brødrene Aa er verdsleiande innan sitt felt og søker no fleire produksjonsmedarbeidarar. Om du vil jobbe som blikkenslager, innredningsmontør, med plast/struktur, maling eller overflatebehandling bør du sjekke ut desse stillingane:
Brødrene Aa er verdsleiande innan design og produksjon av hurtiggåande fartøy i karbonfiber.
Som trafikkplanleggar vil du jobbe med planlegging og bestilling av pasientreiser, og informasjon og rettleiing av transportørar, pasientar, behandlar og pårørande. Om du er kvalitetsmedviten, serviceinnstilt og effektiv, er kanskje denne jobben noko for deg: