Jobb i Babord

Nyheiter

10 gode grunnar til å jobbe i Babord

Om du vil jobbe i eit dynamisk miljø med nydeleg utsikt og trivelege kollegaer, skal du sjekke ut sjømatselskapet som alltid tenker framover.

Kva er det mest spennande som skjer i Babord akkurat no?

Vi er godt i gong med å etablere eit torskeslakteri i kjellaren her på Maritim Park. Dette er ei spennande satsing med positive ringverknadar som blant anna vil kunne gi fleire arbeidsplassar i området. Vi har i tillegg tilsett fleire nye medarbeidarar den siste tida. Elise som skal jobbe med marknadsføring, Carita som rekneskapsmedarbeidar og Agnete med sal. Sidan vi er inne i ei tid med mykje nye satsingar – er det både nødvendig òg kjekt at vi ekspanderer.

Kva er det mest attraktive med å jobbe i Babord?

Babord er eit innovativt selskap som heile tida er på utkikk etter å forbetre seg, tenkje nytt, ta vare på miljøet og vere ein støttespelar i samfunnet.

Kva kan de tilby dei som ønsker å utvikle seg i bedrifta?

Vi kan tilby eit dynamisk og utfordrande miljø med høgt fokus på læring og utvikling.

Nemn tre små gode som gjer arbeidsdagen fin:

  • Klokka 10-pausa vi har kvar morgon
  • Utsikta frå kontoret
  • Arbeidsmiljøet
Jobb i Babord

Kva er Babord sitt bidrag i å stoppe klimaendringane?

Misjonen vår er å drifte og utvikle sunne og berekraftige selskap som utgjer ein positiv forskjell i det nærmiljøet vi opererer i. For tida held vi på å utvikle ein nullutsleppsbåt, og vi har konkrete planar om å tilpasse avdelinga i Polen og på Raudeberg til eit grønt skifte. Vi jobbar i tillegg med å få på plass eit klimarekneskap for Babord.

Kva er det viktigaste de gjer for å ta samfunnsansvar?

I tillegg til å utvikle sunne og berekraftige selskap, har vi tatt eit bestemt val om å kjøpe våre tenester lokalt. Omtrent 50 øre av kvar omsette krone blir lagt igjen her i regionen.

Kor tid kokar det hos Babord?

Her i Babord kokar det alltid :D

Kva jobbsøknadar ligg øvst i bunken hos Babord?

Kunnskap er ein av kjerneverdiane våre, og derfor ser vi etter folk med formell kompetanse og erfaring.

Kven set spor på intervju?

Ein som byr på seg sjølv, er engasjert og lidenskapeleg oppteken av det dei held på med.

Vis med eit bilde at det er godt å jobbe i Babord utan å seie det:

Jobb i Babord
Finn jobb i Babord

Babord har ingen ledige stillingar for augeblikket, men ryddar plass for den rette personen og difor kan det vere ei god handling å sende inn ein open søknad til career@babord.no