100% stilling som Biblioteksjef

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Bremanger kommune Bremanger Fulltid
Bremanger kommune Logo

Bremanger kommune

Postboks 104
6721 Svelgen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

577 96 300

Søknadsfrist

21. mai 2023

Stilling ledig frå 12. juni 2023.

Vil du bu og arbeide i eit Noreg i minatyr, i eit landskap som strekker seg frå vakre sandstrender heilt vest i havet til isbrear og eit fantastisk fjellmiljø lenger inne i landet? Her har vi naturperler som Vetvika, Grotlesanden, Ålfotbreen, og Europas høgste sjøklippe Hornelen.

Vi søkjer biblioteksjef i 100% fast stilling som skal vere med å vidareutvikle Bremanger folkebibliotek som kulturarena og møteplass, og som skal fyllast med opplevelse og inspirasjon.

Vi er no inne i ein omstillingsprosess der vi har som mål å bygge opp eit nytt hovudbibliotek i kommunesenteret Svelgen, og som vil bli samlokalisert med kulturskule og kino. Biblioteket i Bremanger består av hovudbiblioteket i Svelgen samt ein filial som ligg på Hauge ungdomsskule i ytre Bremanger. Biblioteket har to tilsette i tillegg til biblioteksjef i tilsaman 2,3 årsverk. Stillinga har funksjon som fagleiar bibliotek og inngår i fagleiarteamet i kultur og fritid.

Bremanger kommune er tilknytta nettverk Nordfjord der ein har interkommunalt samarbeidsfora for biblioteka.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg drift av biblioteket

  • Samarbeide med lag og organisasjonar og andre kulturaktørar

  • Administrere arrangement i biblioteket sin regi

Kvalifikasjonar

  • Minimum bachelor i godkjent bibliotekfagleg utdanning

  • God muntleg og skriftleg framstillingsevne

  • Engasjert og lysten på å formidle

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale

  • Gode arbeidstidsordningar

  • Fagleg oppdatering

  • Eit kreativt kollegium

  • Eit rikt kultur og friluftsliv

  • Anledning til å utvikle biblioteket som ein viktig kulturarena inn i framtida

Ta gjerne kontakt for ein prat!