Helse Førde Hovedbilde

Trafikkplanleggar i Pasientreiser, Helse Førde

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trafikkplanleggar Helse Førde Sunnfjord Fulltid

Om stillinga

Administrering av pasientreiser i Norge er organisert gjennom 17 pasientreisekontor og eit nasjonalt selskap, Pasientreiser HF.

Avdeling for Pasientreiser i Helse Førde har ansvar for planlegging og bestilling av reiser med rekvisisjon. Avdelinga gir informasjon og rettleiing i planlegging av reiser til og frå behandling. Avdelinga deltek i anbodsprosessar og oppfølging av samarbeidspartnarar. Pasientreiser i Helse Førde har i dag 13 tilsette.

Avdeling for pasientreiser søkjer etter trafikkplanleggar i 100% vikarstilling fram til 31. mars 2025.
Oppstart i stilling snarast råd.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge pasienttransport til pasientar tilhøyrande i Helse Førde sitt dekningsområde
  • Rettleie og bistå transportør, behandlar, pasientar og pårørande angåande Pasientreiser
  • Delta i forbetringsarbeidet i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Høgskule/universitet, årsstudie/grunnfag
  • Praktisk erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • God generell IT-kunnskap
  • Erfaring frå brukarstøtte er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • Fordel med god lokalkunnskap i Helse Førde sitt dekningsområde
  • Fordel med erfaring innan logistikk/koordinering
  • Helsefagleg bakgrunn er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • God juridisk forståing innanfor faget
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Opptatt av å levere høg standard og kvalitet
  • Må vere fleksibel og ha evne til å jobbe effektivt i eit hektisk miljø
  • Samarbeider godt med andre, dele kunnskap og erfaring
  • Serviceinnstilt
  • Nøyaktig og løysingsorientert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift(IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Introduksjonskurs

Mangfaldserklæring
Helse Førde HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.